torsdag 31. mars 2011

Kom inn - så kan du få bli bittelitt betre kjent med meg..

Har fått 2 awardar som det òg følgje ei lita utfordring med.
Svara på 10 spørsmål.
Dei fekk eg av Hjemmekos og Trines Gleder





Takk!
 1: Kvifor byrja du å blogga?
Etter å ha saumfart bloggar ei stund, byrja eg på ein måte
 å blogge inni hovudet mitt.
Altså.. Når eg gjorde forandring i heimen og diverse,
tenkte eg "Det sko eg ha blogga om!"
Til slutt hoppa eg i det. Ettersom eg starta for meg sjølv
 som interiørkonsulent på same tida,
tenkte eg òg at bloggen kunne fungera som mi nettsida
og at det kunne verte god reklame for meg.
Håpar det fungere ;)
2: Kva bloggar følgjer du?  
Interiørbloggar med alle slags stilar.
Synest det er kjempe kjekt å få inspirasjon frå alle kantar og det å sjå forskjellen
 på dei ulike bloggane og stilane.
NIB har ei grei oversikt over interiørbloggar.
Der er eg innom dagleg!
 3: Favoritt makeup-merke?
Uten tvil - ID Bare Minerals

4: Favoritt klesmerke? 
Har ikkje nokon favoritt eigentleg. Går i alt frå Fjellreven til Noa Noa.
Litt forskjellige stilar altså.

5: Ditt "må-ha" makeup-produkt?
ID foundation

6: Favorittfarge?
GRØNT
Det har det vore i mååånge år.
Frå mintgrønn til frisk grasgrønn!


7. Parfyme?
Variere. D&G Light Blue


 8: Favorittfilm?
Ingen favoritt - men romantisk komedie med ein flott kjekkas slår aldri feil sjå meg.
Bonden er ikkje like enig. Særlig ikkje filmar med Hugh Grant. Han som er såå sjarmerande ☺
Thriller er òg bra.


9: Kva land vil du besøke og kvifor?
Åå - men det er nok ikkje berre eit.
Thailand
USA - Særlig New York og California
Island
..for å nevna nokre.

10: Fem ting du alltid har i veska di?
Brukar kun veska når eg er ute å reise, og då med skulderreim.
Syns berre det er bale å gå å dra på.
Men har mykje rart i lommane!
Så skal eg gi awarden vidare.
Eigentleg til 10 stk, men eg halvere og gir til 5.
Det er absolutt ikkje fordi ikkje fleire fortjene den, men eg ser jo at fleire allereie har fått den.

Snikkerbuo
Mammas Hus
Noe på Hjertet
I mitt lille rekkehus
Henriettes Hus

post signature

1 kommentar:

  1. tuuuusen takk Hilde, så stas :)
    Me får ta oss tid i måro til å svara på spørsmål :)

    SvarSlett