torsdag 7. juli 2011

Mitt beste sommarminne ♥

Sjå Manuela kan du vinna LEGO spel om du visar ditt sommarminne.
Her er mitt bidrag:
Dei 6 siste åra har me samlast ei fast helg kvar sommar.
Store delar av familien Sygnestveit.
På, nettopp, Sygnestveit - ein gamal gard i Ulvik.
Ein må ta båt over fjorden for å koma seg dit.
Her fins ingen straum eller innlagt vatn.
Mine besteforeldre budde her,
og onklar og tante er både født og oppvaksne her.
Mamma er den yngste og har aldri budd er,
då hadde dei flytta til "fastlandet".

 

 
Syntest det er vanskeleg å velgja ut berre eitt sommarminne.
Har mange gode minner frå sørlandet,
fjorden (Jøsenfjorden, der eg er oppvaksen),
nye sommarminne frå Tyrkia.
Men ingen slår Sygnestveit.
Her er det fredeleg!
Me har plassen heilt for oss sjølv.
Stor plen og eiga strand.
Tannpussen tek med i utekran.
Hårvask i elva.
Utedo..............
Ikkje akkurat favoritten, men det høyrer vel med idyllen ;)
Sygnestveit - beste plass på jord ♥
Om nokre veker skal eg visa dykk fleire bileter av hus og møblar.
Her fins mange gamle skattar!
Hadde eg berre hatt fleire og betre bilete,
skulle eg bidratt på NIBs juliutfordring; sommarparadis.
For det er akkurat det Sygnestveit er
 - eit sommarparadis ♥
post signature

2 kommentarer:

  1. Eg kjenne någen små som glede seg te å reise dit,så eg glede meg te å se bilder:)

    SvarSlett
  2. Eitt av mine beste sommarminne er frå Jøsenfjorden sommaren 1997, då vêret lot oss snorkle laks i Kallakhølen frå morgon til kveld kvar einaste dag. Me levde på vannis og skruar frå S-butikken og blei så brune at byasane som kom på hytteferie til Jøsenfjorden trudde me hadde vore i syden i vekevis. Good times :)

    SvarSlett