torsdag 14. juli 2011

Puslespel

Å mura med stein blir nesten som å pusla.
Berre litt vanskelegare.
Svigerfar og eg var ein tur opp i bruddet
(der kor den berømte Randøy steinen kjem frå) for å henta stein.
Mens eg fann 10 steinar, fann svigerfar berre ein han var nøgd med.
Men til hans forsvar, viste det seg at dei han fann nok var
meir brukande enn alle mine 10.
Ein mellom ting mellom oss to hadde nok vore det besta..




Først bar eg fekk ein heil del halvstore steinar.
Akkurat så tunge at eg klarte å bera dei nokre meter.
Så byrja eg å mura, kom eitt heilt stykke òg,
men resultatet blei ikkje heilt slik eg hadde tenkt.
Eg ser jo sjølvsagt for meg at eg skal klara å laga
ein så fin mur som murarane kan.
Det viste seg at eg ikkje kunne det.
Men det verste var faktisk at i løpet av beringa av allsteinen,
har eg klart å strekka ein muskel eller noko, for skuldera min verka som fy.
Og verre blei det. Eg klarte knapt løfta armen og måtte ty til smertestillande.
Bra jobba!



Heldigvis var det ikkje så alvorleg og gjekk over etter eitt par dagar.
Fekk eitt bitte lite tilbakeslag etter ein grusom vond massasje i Tyrkia.
Ja, det er greit massasje skal gjera litt vondt, men au!!
Det får vera måte på - eller kva seier du søster?!
Etter det har haugen med stein logge der urørt.
Heilt til nå på søndag, då fekk bonden hjelp av ein kamerat som
 eigentleg berre var invitert på nybakte skuleboller (laga av bonden sjølvsagt).
Og plutseleg var dei i full gong med muring.
Nå manglar det berre eitt par steinar så er den ferdig.
Det blir så fint kan du tru!
Bileter kjem når det er heeilt ferdig.

post signature




2 kommentarer:

  1. Haha, den massasjetimen kunne eg så absolutt spart meg for! AUAU..

    Det komme te å bli kjempe fint bed, glede meg te å sjå sluttresultatet :)

    SvarSlett
  2. Det er så fint med sånne steinmurer, men kan tenke meg det er hardt arbeid ja ;)
    Ha en fin nyuke!
    Fått koppen?
    Håper den er hel!

    SvarSlett