fredag 8. juli 2011

Sommarleg bryllaupsbord

Som eg nevnte i Jelsa-innlegget,
kom me over eit bryllaup den laurdagen.
Me sat spendt og venta på brura og oppdaga at alle gjestene kom
 gåande til kyrkja frå eit partytelt litt lengre borti vegen.
Når alle gjestene var på plass kom brura og forlovaren
 - nydelege begge to!
Rørande å sjå ei brud møta far på kyrkje trappa
for så å gå arm i arm inn.

 

 
Då dørene vart lukka, tok me oss den friheiten
 å gå bort å lura på lokalet.
Eg hadde sjølvsagt med meg kamera og måtte ta eit par bilete.
Litt usikker på om eg hadde lov,
men ei av jentene meinte det var det og då får eg stola på det.
Det kan jo vera ein viss fare for at brura plutseleg
 dett innom her og ser at me har sneke oss til å ta bilete.
Då kan eg sei at me var kun ein bitte liten meter
 innforbi og rørte ikkje ein ting.
Og sa eg at du var nydeleg?! ;)
Mens me sto der å beundra, sprakk ein ballong.
Dykk kan tru me stokk og hoppa minst 2 meter vekk frå teltet.
Kanskje til og med 3.
Livredde for at folk skulle tru me dreiv hærverk.


 
Partyteltet var pynta med kvite ballongar hengjande frå taket.
Markblomar i syltetøyglas
- eit rimeleg alternativ og veeeldig sommarleg og dekorativt!

post signature

3 kommentarer:

  1. Så nydelig det så ut!! Det er så utrolig fint når man klarer å lage det så flott, med så "enkle" midler! :)

    SvarSlett
  2. Så vakkert bord! Der hadde nok eg også måtta knipsa nett pittelitt;)

    SvarSlett
  3. Kjempefint og sommerlig ;)

    SvarSlett