fredag 25. februar 2011

Litt kjøkken, Mikke Mus og Helene Harefrøken

Me er nok ikkje så heldige å ha eiga hytte,
men det treng me jo heller ikkje når me har tilgang til foreldra våre sine ;)
Svigers har hytta på Jelsa. Den sto ferdig for snart 3 år sidan.




Kjøkkenet har eg tegna og er sjølvsagt frå Strai Norform Stavanger.
Valnøtt shaker.




Biletet over til venstre er teke frå "frokostplassen".
Her kan me sjå ner mot kyrkja og "farmorstranda".
Synd dykk ikkje får sjå kor fin utsikta er..... 




Februar er karneval tid.
Eg synes sjølvsagt det er kjekt å laga kostyme sjølv.
Ikkje fekk dei velge kva dei ville væra sjølv ein gong. Mor bestemmer!
Men ettersom Jonah er stor fan av Mikke Mus,
trur eg nok han var ganske nøgd med å væra akkurat han.
Ser det ikkje slik ut?!



 
Øyrene er laga av hårbøyle og svart papp.
Shortsen er ei avklyppt bukse med pålimt ty som knappar, hekla hale og malte sokkar.
Veldig enkelt, og veldig bra resultat - om eg får sei det sjølv! ☺

Frida fekk ein litt enkel kostyme - Helene Harefrøken - eller kanin om du vil.
Kaninøyrene har Jonah laga i barnehagen for lenge sidan.
Og eg fant ut at fargen matcha perfekt til ein drakt ho har. Då var det jo berre for meg å laga hale.


No var det visst plutseleg fredag igjen.
Bonden har avløysar, mens eg har jobbehelg, men berre til kl 15 i morgon.
Me skal rett til Jelsa og nyta resten av helga der!

God helg!

post signature

fredag 18. februar 2011

Litt bordpynt

God fredagskveld!

Sist helg var eg i 30årsdag.
Bursdagsjenta ville ha litt hjelp til bordpynting (noko ho eigentleg ikkje trengte)
 og difor var eg på plass før festen byrja.




Det meste var jo eigentleg på plass, eg berre gjorde siste finish på bordet
 med mykje telys og litt tulipaner i små vasar.

Legg merke til pip-tapeten som er ramma inn.
Den er tapetsert på ein vegg på rommet til minstejenta i huset.

Tulipaner i friske og vårlege fargar.




Det var ein koseleg kveld med ein hau med flotte og kjekke jenter, musikk, sjokolade-lek,
litt forskjellig i glaset, nynorsk-leksjon og mykje tatling (kakling?!) og latter! ☺

I morgon blir det 1 års-feiring og bytur med endå ein flokk med fantastiske jenter.

Gratulera med 1 årsdagen Anna Berthine ♥

post signature

søndag 13. februar 2011

DIY - Morsdagsgave


Til verdas beste mamma!

Da mødre ble til var tanken ganske klar.
For mødre har noe i seg som ingen andre har.
De øser av sin omsorg og deler alt de vet.
De viser deg at livet er håp og kjærlighet.
Derfor har vi mødre, og dersom du spør meg.
Den beste mor i verden,
det er nettopp
deg




Kjøper eller lagar du gåve til mor?
Eg er mest for å lage sjølv.
Og det blir eg òg mest glad for - men eg blir sjølvsagt glad for alt ;)

Denne gåva har eg brukt meir tid og omtanke på enn penger.
Perleblomst- og tulipanløk i tomme syltetøyglass. Skulle jo aller helst brukt noregsglas.
Ein kan pynte med steiner, perler og bånd i akkurat den fargen ein måtte ønskje.
Eg har limt ei blonde rundt det største og eit bånd som det står "glad i deg" på det lille.
Og ein hyssing med tag som det står "Made with love" på.
Kan brukas som vase eller lysestake eller noko heilt anna etterpå.

Reknar med mamma blir glad! ♥

Ha ein fin morsdag alle flotte mødre!

Dagen min starta med å få lov å sova frampå.
Blei vekka av Jonah som kom å gratulerte meg med dagen,
 etterfulgt av ein klem og heimalaga kort ♥
post signature

fredag 11. februar 2011

Spisestove

Her kjem litt bileter frå spisestova.




Ein vegg med brun-mønstra tapet. Trur den er i frå Borge?!
Den same tapeten er på ein vegg på soverommet,
men der er resten av rommet malt i ein matchande brun farge.
Det kan du sjå her.
Biletene er av bonden, meg og Jonah. Snart på tide å få opp Frida òg..




Jærstolar frå Slåke Møbelfabrikk.
Jærstolen har sin opprinnelse i Hjelmeland, altså her eg er i frå.
Dei to stolane i midten er loppefunn.
Skapet til venstre høyrer eigentleg til soveromsmøblene.
Vitrineskapet er frå IKEA.
Rokken og stolen i hjørna er arvegods frå både min og bondens familie.




Her kan du sjå litt av sofakroken i bakgrunnen.




Den hekla duken fekk me i bryllaupsgåve.
Nydeleg!
Og veldig kjekt med heimelaga gåver synes iallefall eg!




Hipp hurra for Marianne som er 30 år i dag!
Gledar meg til jentefest i morgon ☺

Må òg gratulera den herlega tantejenta mi Alexandra med overstått 4 årsdag
 og med gledar oss sjølvsagt til selskap på søndag ☺


post signature

onsdag 9. februar 2011

Dagens avis..

Slik ser baksida frå dagens Strandbuen ut.




Kreativ trivsel

Hilde Hauge (26) frå Hetlandsbygda likar å ha noko å gjera, slik at ho alltid får vera kreativ. Nyleg starta Hauge som interiørkonsulent, slik at ho kan bruka kreativiteten sin til å skapa trivsel i bustader og arbeidsplassar.

Ved sida av ei 60 prosent stilling i Enkel-butikken på Hjelmeland, har Hauge satsa på å bruka meir tid på jobben som interiørkonsulent. Det er mest ingen grenser for kva konsulenttenester ho kan hjelpa verksemder og privatpersonar med.
– Eg kan gjera ganske mykje forskjellig, alt frå måling og oppussing av møblar, til val av fargar og møblar, rådgjeving og innkjøp av nytt kjøkken. Det blir stort sett opp til kundane kor mykje eg skal gjera for dei, seier Hauge til Strandbuen.
I 2005 var Hauge ferdig utdanna som interiørkonsulent, då med eit års utdanning innanfor interiør i bustader og eit år med interiør i offentlege bygg. I mellomtida har ho også arbeidd med kjøkkeninteriør i ein kjøkkenbutikk i Stavanger, men ho har heile tida hatt planar om å starta for seg sjølv.
– No har eg endeleg våga å satsa, og eg har funne ut at det er ein kjempekjekk jobb. Når eg er ferdig med å kjøpa møblar til mitt eige hus, kan det vera kjekt å avveksla med å kjøpa møblar for andre.
Ved sida av faglege råd og innkjøp av møblar, har Hauge også tenkt å starta småskalaproduksjon av vegghyller, pyntestigar, krakkar og tallerkenhyller som ho sjølv har designa.
Hauge trur at mange er redde for å bruka interiørkonsulentar, men forsikrar om at kundane uansett har det siste ordet.
– Me er no inne i ei tid der fleire og fleire bruker interiørkonsulentar, og stadig fleire blir utdanna interiørkonsulentar. Diverre har nok mange ei oppfatning av at me berre pløyer gjennom og vil skifta ut alt, men ein treng ikkje nødvendigvis byta ut alt for å få noko nytt. Me ynskjer å hjelpa til dersom kundane er usikre eller slit med å sjå heilskapen i interiørvalet.
Marknaden for interiørkonsulentar er relativt liten, så Hauge er godt nøgd med at ho allereie har hatt nokre større prosjekt i Hjelmeland, på Halsnøy og i Stavanger. Førebels har det berre vore privatkundar, men ho ynskjer også å kunna arbeida for bedrifter.
– Ein treng ikkje vera redd for å ta kontakt med meg. Ingen oppdrag er for små og ingen er for store.

Dette er eigentlig berre prøve utkastet, så ordrett er det difor ikkje.
Det blei i tillegg skrive litt om bloggen
 og rabattavtalen min med kjøkkenleverandør Strai Norform.

Eg er i grunn ganske fornøyd sjølv!

post signature

søndag 6. februar 2011

NIBs februarutfordring - Oppbevaring!

Denne månadens utfordring hjå NIB er oppbevaring.

"I februar gleder vi oss rett og slett til å se gode tips til oppbevaring.
Hvordan holder du gangen ryddig? Og hva med kontoret?
 Eller hva med det vanligvis lite bloggbare vaskerommet?"
Skriv dei.

Etter litt kjapp rydding, blei vaskerommet bloggbart.




Grunnen til at eg vil visa dykk dette heller kanskje litt keisame rommet,
er at eg har bygd denne garderobe-løysingen sjølv.
Ja, HEILT SJØLV!
Klart eg er kry over den!
Sjølv om den ikkje er så avansert.. ☺




Den "ståande" skohylla er inspirert av IKEAs Billy CD-hylle.
Kommoden skal eigentleg vekk og eg har planar om å laga
 ei lik skohylle i den enden òg, i tillegg til ei ny skohylle mellom.
Korga i midten blir brukt til huer, vetter og
diverse som blir brukt til dagleg.
Mens korgene på toppen inneheld capsar, bukser
og skjerf som ikkje blir brukt såå ofta.
Dei er frå IKEA om nokon lurte, og fins i fleire størrelsar.




Tymjuknar og Milo på eplemost og -gløgg flasker.
Vaskmiddel på noregsglass - til bondens store henders fortvilelse...
Ikkje alltid han er lika begeistra for mine
påfunn som han meinar er lite praktiske.
Reknar med eg får ein kommentar på tymjuknaren òg når han oppdagar den.
Den ideen er ny for anledninga og lånt fra NIB.
Men den er merka med nettopp "Tymjuknar" og "Milo",
så dei bør han ikkje ta feil av.

Biletene er fot- og handavtrykk frå mine søte små.
Kvit maling på brun tapet - den eg har i spisestova og soverommet.

Det blei 2 innlegg på ei veke - det er vel heller dårleg.
Men sånn er det når dagane går fort og kveldane gir dårlege bileter.


Håpar dykk har hatt ei fin helg!
Det har eg -  med jobbing, besøk og god middag og leik sjå gode vener! ♥


PS:  Nå måtte eg rett og slett leggje til noko.
Rett etter at eg hadde publisert dagens innlegg,
høyrte eg bonden kom køyrande med traktoren.
Og gjett kva han skulle?! Joda, henta kommoden.
Og det på eiget initiativ
- det skal nevnas at eg har spurt han for ei gooood stund sida
 og at han trong den sjølv i hønshuset..
post signature

onsdag 2. februar 2011

Tid for hjem!

Såg du kveldens program av "Tid for hjem"?




Det er så kjekt å sjå på oppussingsprogram.
Dei er så kreative. Og alt ser så lett ut. Og vips så er dei ferdige!
Sånn er det altså ikkje her...
Men eg reknar med at det ikkje berre er her det er sånn.
Trøstar meg med det iallefall!


Bilder frå TV2, Tid for hjem

Inspirerande bileter og sjølv om det ikkje er min stil, blei det eit stilig kjøkken!

post signature