onsdag 27. juli 2011

Det blir en pike!

Føles litt rart å blogga om vanlege og kjekke ting i desse dagar,
men livet går vidare..
Det er sjølvsagt lettare å gå vidare når ein ikkje
 er berørt på same måte som mange andre.
Men ein har det i tankane og tårene sit laust..
Eg kjenner ei som var på Utøya.
Ikkje veldig godt, men nok til å bli veldig bekymra.
Hu er tross alt sambygding og slekt av Bonden.
Lettelsen var stor då Bonden fekk melding om at hu var i sikkerheit fredags kveld.


Over til kjekkare og kvardagslege ting..


 
Denne vesle frøkna blir vår i neste veke.
Det er ei tispe av rase Petit Basset Griffon Vendèen.
Me har hatt hundar av denne rasen før.
Veldig kjekke hundar, men har dessverre vore noko uheldig.

Livleg, modig og lærevillig.
Veldig god jakthund og ikkje minst familiemedlem.

Me gler oss til den kjem til oss.
Men - så er det navn.
Og det er her du kjem inn.

Kva skal denne vesle frøkna heitte?

Eg likar korte navn, helst to stavelsar.
Treng ikkje vera utprega hundanavn.
Kan jo nevna at Theo var navnet på den forrige.

Brukar eg ditt forslag - kjem det nok ein liten premie i posten.
Brukar eg ingen av forslaga som kjem?
 Ja, då må eg nok ha ei trekning alikavel.
Ein trøstepremie.

post signature

tirsdag 26. juli 2011

Trist og rørande

Vanskeleg å setta ord på følelsar og tankar ein har i desse dagar.
Har lest innlegga dykkar og kjent igjen mange av tankane dykk har.

Tragiske og rørande bileter på nyheitene.

Mine tankar går til pårørande og overlevande.
Oslo / Utøya
22.07.11
Ein dag me aldri kjem til å gløyma....






post signature

torsdag 14. juli 2011

Puslespel

Å mura med stein blir nesten som å pusla.
Berre litt vanskelegare.
Svigerfar og eg var ein tur opp i bruddet
(der kor den berømte Randøy steinen kjem frå) for å henta stein.
Mens eg fann 10 steinar, fann svigerfar berre ein han var nøgd med.
Men til hans forsvar, viste det seg at dei han fann nok var
meir brukande enn alle mine 10.
Ein mellom ting mellom oss to hadde nok vore det besta..




Først bar eg fekk ein heil del halvstore steinar.
Akkurat så tunge at eg klarte å bera dei nokre meter.
Så byrja eg å mura, kom eitt heilt stykke òg,
men resultatet blei ikkje heilt slik eg hadde tenkt.
Eg ser jo sjølvsagt for meg at eg skal klara å laga
ein så fin mur som murarane kan.
Det viste seg at eg ikkje kunne det.
Men det verste var faktisk at i løpet av beringa av allsteinen,
har eg klart å strekka ein muskel eller noko, for skuldera min verka som fy.
Og verre blei det. Eg klarte knapt løfta armen og måtte ty til smertestillande.
Bra jobba!



Heldigvis var det ikkje så alvorleg og gjekk over etter eitt par dagar.
Fekk eitt bitte lite tilbakeslag etter ein grusom vond massasje i Tyrkia.
Ja, det er greit massasje skal gjera litt vondt, men au!!
Det får vera måte på - eller kva seier du søster?!
Etter det har haugen med stein logge der urørt.
Heilt til nå på søndag, då fekk bonden hjelp av ein kamerat som
 eigentleg berre var invitert på nybakte skuleboller (laga av bonden sjølvsagt).
Og plutseleg var dei i full gong med muring.
Nå manglar det berre eitt par steinar så er den ferdig.
Det blir så fint kan du tru!
Bileter kjem når det er heeilt ferdig.

post signature




tirsdag 12. juli 2011

Godt å kunna hjelpa kvarandre

Då det snøa på det versta i vinter,
måtte bonden rykke ut til ei nabokvinna i nød.
Ok, kanskje ikkje så ille, men med mann i nordsjøen,
snø som bøtta ner og ubrøyta veg, kan det vera krise nok.
Då er det kjekt som nabo å kunna hjelpa til.

 

 
Som takk for hjelpa, fekk me i dag ein heil kasse med jordbær.
Eigentleg syntes me ein kasse var alt for mykje.
Særleg mtp at me fekk låna litt arbeidskraft
 når hønene skulle på ferie(!)
Men som hu sa sjølv:
"Då kan eg ringa igjen!"

 

 
Og det er ein god plan.
Det er godt å kunna hjelpa havarandre!

post signature

fredag 8. juli 2011

Sommarleg bryllaupsbord

Som eg nevnte i Jelsa-innlegget,
kom me over eit bryllaup den laurdagen.
Me sat spendt og venta på brura og oppdaga at alle gjestene kom
 gåande til kyrkja frå eit partytelt litt lengre borti vegen.
Når alle gjestene var på plass kom brura og forlovaren
 - nydelege begge to!
Rørande å sjå ei brud møta far på kyrkje trappa
for så å gå arm i arm inn.

 

 
Då dørene vart lukka, tok me oss den friheiten
 å gå bort å lura på lokalet.
Eg hadde sjølvsagt med meg kamera og måtte ta eit par bilete.
Litt usikker på om eg hadde lov,
men ei av jentene meinte det var det og då får eg stola på det.
Det kan jo vera ein viss fare for at brura plutseleg
 dett innom her og ser at me har sneke oss til å ta bilete.
Då kan eg sei at me var kun ein bitte liten meter
 innforbi og rørte ikkje ein ting.
Og sa eg at du var nydeleg?! ;)
Mens me sto der å beundra, sprakk ein ballong.
Dykk kan tru me stokk og hoppa minst 2 meter vekk frå teltet.
Kanskje til og med 3.
Livredde for at folk skulle tru me dreiv hærverk.


 
Partyteltet var pynta med kvite ballongar hengjande frå taket.
Markblomar i syltetøyglas
- eit rimeleg alternativ og veeeldig sommarleg og dekorativt!

post signature

torsdag 7. juli 2011

Mitt beste sommarminne ♥

Sjå Manuela kan du vinna LEGO spel om du visar ditt sommarminne.
Her er mitt bidrag:
Dei 6 siste åra har me samlast ei fast helg kvar sommar.
Store delar av familien Sygnestveit.
På, nettopp, Sygnestveit - ein gamal gard i Ulvik.
Ein må ta båt over fjorden for å koma seg dit.
Her fins ingen straum eller innlagt vatn.
Mine besteforeldre budde her,
og onklar og tante er både født og oppvaksne her.
Mamma er den yngste og har aldri budd er,
då hadde dei flytta til "fastlandet".

 

 
Syntest det er vanskeleg å velgja ut berre eitt sommarminne.
Har mange gode minner frå sørlandet,
fjorden (Jøsenfjorden, der eg er oppvaksen),
nye sommarminne frå Tyrkia.
Men ingen slår Sygnestveit.
Her er det fredeleg!
Me har plassen heilt for oss sjølv.
Stor plen og eiga strand.
Tannpussen tek med i utekran.
Hårvask i elva.
Utedo..............
Ikkje akkurat favoritten, men det høyrer vel med idyllen ;)
Sygnestveit - beste plass på jord ♥
Om nokre veker skal eg visa dykk fleire bileter av hus og møblar.
Her fins mange gamle skattar!
Hadde eg berre hatt fleire og betre bilete,
skulle eg bidratt på NIBs juliutfordring; sommarparadis.
For det er akkurat det Sygnestveit er
 - eit sommarparadis ♥
post signature

mandag 4. juli 2011

And the winner is....

..trommevirvel..

Av 132 lodd,
 var det altså storesøstera mi som vann "Gje-borten" denne gong.
Gratulera!

Snill som hu er, tilbudde hu seg å lodde vekk gåva på ny,
viss eg syns det blei feil at det var hu som vann.
Sjølvsagt kan eg ikkje det - nå var det hu som va heldig.
Sama om det er søster eller ein framand.
Eg kan jo røpa at hu held på med ein blogg hu òg.

Takk til alle dykk som deltok og tusen takk for alle koselege kommentarar.
Eg set stor pris på kvar og ein!
post signature