tirsdag 30. august 2011

Er det ikkje typisk?!

Lysakronene som eg la ut for salg sist veke, er alle solgt. Kun på få dagar.
Eg har lenge tenkt på kva lampar eg har lyst på, viss eg skulle ha nye. Mange alternativ sjølvsagt. Endelig kan eg kjøpa nye og velga akkurat dei eg vil ha. Og kva skjer då?! Jo, eg veit ikkje kva eg vil ha. Plutseleg er eg heilt grønn..



Lampe frå Lunehjem.no


Industrilampe frå Living

TineK lampeskjerm frå f.eks. Hviit.no

Eg skal ha 2 over kjøkken øya og ein over spisebordet. Aller helst kunne eg tenkt meg ein ny over sofaen òg. Plutseleg står ikkje den heilt i stil med resten.. Det er vel ikkje eit ukjent problem vel?!Byrjar ein å fornya ein plass, må(?) ein jo fortsetta vidare...

Har du forslag til andre lampar, tek eg veldig gjerna i mot tips!

Til deg som lurte: Wallstickeren med tekst som er på soverommet, er bestilt frå Happylines.no.

post signature

søndag 28. august 2011

Før..



..etter!



Skal ta eit nytt bilete når bordet får sin plass.

Kjem ikkje så godt fram på biletet, men eg har brukt Quick spraylakk kvit matt. Og som eg nevnte før ein dag, gir den eit kjempe fint resultat.
Bordet er frå Egypt. Eg trava byen rundt for eit slikt bord. Har eit fat til som er litt større, det har eg spraya grått. Vurdera å mala føtene òg, men med kvit "bordplate" blei det ikkje så aller verst.

Ei travel, men kjekk helg på Mx-sport messe i Oslo er straks ferdig.
Masse fine klær til vår/sommar er bestilt.

Fortsatt fin søndag!

post signature

fredag 26. august 2011

Krambulemmen

På Krambulemmen kan du eta god heimalaga tradisjonsmat på sommaren. Dei held til på Randøy.
Det er så koseleg utanfor (ja, eigentleg inni òg) at eg synest dykk skulle få sjå litt av det.




Nede til venstre ser du Frida og bonden som står å ser etter geitene som beitar rett oppføre.




Eg spring frå Bergans til Skogstad til Kari Traa til Adidas til Fjellreven på Hellerudsletta og har så absolutt eigentleg ikkje tid til å blogga. Då er det jammen godt eg har laga innlegga klare før helga ;)

Fortsatt fin helg til deg som er innom!

post signature

torsdag 25. august 2011

Kloke ord..

..frå Pippi.

Har sansen for desse optimistiske orda og ekstra gøy er det at dei er frå Pippi. Har eigentleg tenkt at eg skulle laga ein wallsticker, men det har aldri blitt med det. Derfor blei det gjort på denna måten i staden. Og faktisk blei det litt stilig. Gamal ramme som er spraya med kvit blank Quick Spraylakk.




Har spraya ein del med den matte kvite spraylakken til Quick i det sista. Og den gir eit skikkelig fint resultat. Om du ikkje har prøvd den, så bør du rett å slett gjer det. Finn deg ein messingstake eller noko anna du synest har feil farge og spray i vei. Me har den forresten på Enkel-butikken ;)

Nå er det avgårde til Oslo. Dessverre ikkje Interiørmessa, men Mx-Sport messa. Synd at det kræsjar.. Men kaanskje neste gong klare eg å kombinera.
Reknar med eg får sjå litt bileter rundt forbi etter helga ☺

Gratulera så mykje til M og TJ med nok ei nydeleg prinsessa. Gler meg til å helsa på!

post signature

tirsdag 23. august 2011

Lysakroner selges


Pga litt stil skifte, legg eg nå 3 lysakroner for salg. Eg har tenkt heila sommaren at eg har kyst på nye lampar. Men har ikkje heilt tørt å sagt det til bonden, som ikkje er lika begeistra for mine planar og endringar. Kanskje naturlig nok det.


Lysakrona frå Living. 3 år. Ny pris 1300,-
Nå pris 500,-
Oops, ei pæra er visst gåen ;)

Men, i går kveld skjedde noko litt utanom det vanlega. Bonden spurte om me ikkje kunne få nye lampar i hus, for han var litt lei lysakroner. Sjølvsagt kan med det og eg viste ivrig fram innlegget eg posta sist onsdag om at eg drøymde om nye lampar.


Lysakrona frå Living. 3 år. Ny pris 1200,-
Nå 500,-

Sjølvsagt er eg ikkje sein om å legga lampane ut for salg når til og med bonden vil ha nye!


Lysakrona. 5 år. Ny pris 1200,-
Nå 300,-


Lampane er i grunn ganske fine. Spesielt den i stova, ja den på kjøkken òg. Men nå har eg hatt lysakroner nokre år og har lyst å endra litt stil.

Kanskje du har den rette stilen til lysakronene mine?

post signature

lørdag 20. august 2011

Mi IKEA forside

Nå kan du bli med å laga forsida til neste års IKEA katalog.
Eg fekk ikkje til å legga til forsida mi, men detta er biletet som blei brukt.




Her er mitt bidrag.
Om det er mi eller ikkje, favoritten kan du stemma på her.


Gratulera med dagen til storesøster Kristin som blir 30 år
 og Faster Ragna som blir 60 år i dag.
Gratulera òg til svoger Larsi og Onkel Mandius!
Jada, storesøster og mannen har bursdag same dag.

post signature

fredag 19. august 2011

KUlt ?!





Over den eine sofaen har eg lyst på to bileter.




Blei så inspirert av det hotellet me var på i Aberdeen i mai.
Innlegget om hotellet kan du sjå her.
Der var det mange bileter av dyr.


Som den bondekjerringa eg er,
har eg faktisk lyst å ha bilete av ei ku over sofaen,
i lag med eitt anna stilig bilete eg har fallt for.



Kvifor ei ku var kulast?

God helg til alle dykk!

I morgon er det feiring av storesøster som fyller heile 30 år.
Hipp hurra!
Glad i deg ♥

post signature

torsdag 18. august 2011

Bli med å feir

Ida Susanne feirar 1300 (Ikkje rusk!) faste følgere og me får premie!
Hu har nettopp pussa opp gongen. Malt parkett og søt tapet (den lilla som du ser til høgre på biletet)Verdt ein titt!





 
Etterkvart skal eg ordna det litt betre i loftstova og gjer det litt fargerikt, lekent og barnevennleg.
Skal ikkje sjå vekk i frå at det blir litt Sukkertøy-stil der ☺

 
post signature

onsdag 17. august 2011

Lampoman

Eg heiter Hilde og er visst blitt lampoman!




Desse har eg lyst på akkurat nå. Ja, eg seier akkurat nå, for om eit halvt år, er det vel nokre andre eg har lyst på. Det er jo ikkje eitt år sidan lampen over sofaen blei hengt opp ein gong.. 

Over spisebordet heng ei lysekrona. Ganske fin eigentleg, men eg har byrja å bli litt lei lysekrone nå. Har jo tross alt hatt det i  4-5 år ;) Og i fleire rom.

Alle lampane her er ikkje heilt i min prisklasse, men er jo låv å drøyme litt vel.

1. Jielde lampe 2 arma i mint, 2690,-. Fås bl.a. hjå Lunehjem.
2. Industrilampe Yellow L, 1920,-. Lunehjem.
3. Lampe Wood, 2400,-. Lunehjem.
4. Forså arbeidslampe, 249,- . IKEA
5. TineK lampeskjerm XL, 2100,-. Fås bl.a. hjå Hviit.



post signature

mandag 15. august 2011

Kom inn..

Eg lova deg ein liten rundtur i det kvite, gamla huset på Sygnestveit.  Her er nokre få bileter av 2 stover, gong og kjøkken.




Finstova




Berre sjå vekk frå moderne,
men moderne gjenstandar som ikkje passar inn.. ☺




Kjøkken




Gong og stove




Ser eg har fått litt nye følgere i det sista,

Velkommen til dykk!

Ta ein titt på LidenSkapelse, ein blogg med masse 

Skap Det Sjølv 
Do It Yourself
Gjer Det Sjølv

Den nye heimalaga lampa mi blir vist fram i dagens innlegg.

post signature

søndag 14. august 2011

Vil DU koma?


Har du eit lager av heimalaga ting?
Det kan væra alt i frå strikking, hekling, snekring, maling, liming,. Eller kanskje du lagar noko heilt anna?




Eg er på jakt etter ein gjesteutstillar til årets Hjelmeland Frukt og Laksfestival.
I fjor var det besøksrekord med heile 5600 besøkande. Meir om festivalen kan du lesa her.
Du får gratis stand og omtale i festival-avisa som kjem ut saman med Strandbuen.
Litt kort frist detta her, men eg gjer eit siste tappert forsøk på å henta noko heilt nytt. Festivalen er allereie om 3 små veker. 2-3. september. Overnatting kan me snakkast om.



Er du interessert eller kjenner nokon som kanskje kan væra det?
Som nevnt er det kort frist, så ikkje nøl. Hiv deg på tastaturet med ein gong. Eller du er jo allereie her.. ☺
Send meg ein mail på h_hauge_@hotmail.com.


post signature

fredag 12. august 2011

Vakre Sygnestveit ♥


Denne staden nevnte eg tidlegare i sommar. Det er her onklar og tante er oppvaksne. Då mor mi kom til, var dei flytta til "fastlandet". Nå er det onkelen min som eig, og me er så heldige å få bruka det. Me er evig takknemlege og synest me er kjempe heldige som har denna moglegheita.

 


Kvar sommar har me ei fast helg der deler av slekta samlast. Det har blitt høgdepunktet for ferien. Og når me er så heldige med været som me var i år, er det ingen plass det er betre å vera. Me står opp, går ut og går ikkje inn igjen før me legg oss for kvelden.



Besta plukkar bringebær i lag med barnebarn.

 


Ingen strøm.
Ikkje innlagt vatn, bare i ein gamal vask ute.
Utedo..

 

 
Gler meg allereie til neste år ☺

På mandag skal dåkke få koma inn i det kvita huset.

post signature


onsdag 10. august 2011

Håpar på ein heil hau vinnarlykke!

bare WUNDERBAR gir vekk ein Fiducia vase og det er difor eg håpar på vinnarlykke.
Vasen er ikkje akkurat ukjent i Blogglandia.
Den dukkar stadig opp i nye heimar, og det kan eg forsåvidt forstå.
Dekorativ og artig!
Kan brukas til både blomar og lys.
Ein dæsj gult - akkurat slik det skal vera nå.
Og det sukkersøte rosa.




*kryssar fingrar og tær og alt som kryssas kan*

post signature

mandag 8. august 2011

Namnet blei..


... Ylva

Tuusen takk for alle forslag!
Mange gode blandt dei og fleire vart vurdert. Ja, faktisk - hadde det vore opp til meg, hadde eg valgt eitt av forslaga. Men eg har ein bonde i hus som meinte at han eigentleg ikkje brydde seg.
Då tenkte jo eg at eg fekk bestemma det, men så enkelt skulle det ikkje vera.
Fint er det jo at han innerst inne bryr seg alikavel,
men så sei det då mann! ; )

Ungane og eg henta hu i byen og måtte jo kjøpa ein rosa bamse som velkomstgåve.

Litt samtale og litt sms:
Bonden: Nei, egentlig så bryr eg meg ikkje så møje om navn
 (som han sa når det skulle velgjas namn til ungane:
 "Ein blir vandt til alle namn." Sant nok!)
Meg: Fint! Då kan jo eg bestemma det! Ka med Molly?
Bonden: Nei! Det hørres ut som ein fugl.
Meg: Eeh, det e Polly du meine. Ka e dine forslag då?
Bonden: Ingen forslag. Eg vil bare bestemma at det ikkje ska var Molly. Resten bestemme du.
Meg: Thelma då?
Bonden: Tell me?!
Meg: Tillie?
Bonden: ...
Meg: Ulla, Tillie, Thelma eller Eira?
Bonden: Då må det bli Thelma, Ulla eller Eira.
Meg: Då blir det Ulla. Ikkje Milla eller Milly?
Bonden: Nei
Meg: Ulla?
Bonden: Ok
Meg: Ok. Ulla it is!

Men etterkvart som eg snakka om Ulla, klarte eg ikkje å bli heilt tilfreds med det. Det har jo med at eg er oppvaksen med nabohestar som har heitt akkurat det. Oppkalla etter Ulla elva som renn gjennom Jøsenfjorden, der eg er oppvaksen. Og eigentleg høyres det ut som ein sau! Så då vart det Ylva. Og det hadde eg faktisk på topp 5 lista mi heilt i begynnelsen av dette navnevalet.
Me fekk hu på fredag, og det er akkurat som å ha ein ny baby i hus. Bonden plasserte buret på mi side av senga, akkurat der senga til ungane har stått.. Hallo! Denne skal eg ikkje amma, kvifor skal hu då stå på mi side?!
Litt grining blei det i løpet av natta og ut på tissepause i mørkna. Men det var første natta og i natt var det heilt stille, så nå kan hu flytta ut. Ja, for det er ingen tvil om hu har funnet seg til rette.
Hu er nydeleg og snill. Leiker litt og sover litt.
Og me synest det er kjempe kjekt å ha hund i hus igjen!
Eg lova ein trøstepremie om ingen av forslaga vart brukte, og eg har trukke ein vinnar. Det blei Tomines hjem. Send meg ein mail med adressa, så kjem det ein overraskelse i posten ☺
Nå er det slutt på ferie. Og det er på tide med hyppigare interiørinnlegg. Kjem snart.

post signature

torsdag 4. august 2011

DIY - Lampe

Denne har eg lenge hatt lyst å laga meg.
Det var først hjå Consept Constanse eg såg ein liknande lampe
 - og fallt pladask.





Dette brukte eg:
Patentbånd
Drivved pinner
Lampe
Skruar


*

Pinnane blei sagd i lik lengde.
Bak skrudde eg fast patentbånd slik at dei heng saman.
Med ulik tjukkelse på pinnane,
var det nok ein fordel med patentbånd som kan justeras og bøyas.
Eg har eigentleg leita etter ei lampe som skulle passa,
men hadde denna liggande på boda og brukte sjølvsagt den.
Kanskje ikkje så dekorativ i utgangspunktet,
men i lag med drivveden gjorde den seg bra.
Ledningen stakk eg inn mellom pinnane,
 slik at den ikkje visar så godt.





Brukte omlag ein time på denne lampa,
inkl. minst ein halvtime leiting etter diverse verktøy.
Mangel på orden?
Ja!






Lekker, spør du meg! : )




post signature