mandag 31. oktober 2011

Folkets IKEA katalog


For nokre månedar sidan hadde IKEA ein konkurranse der ein kunne laga forslag til forsida til neste års IKEA katalog. Eg trudde det berre var med det og har ikkje tenkt meir på det etter konkurransen vart avslutta. Nå plutseleg(for meg kom den iallefall plutseleg..) kom Folkets IKEA katalog.





Og sjølv om eg trur kanskje alle bidraga kom med, synest eg jo at det er litt stas at bilete mitt kom med - og det heile to gonger. Eit stort på side 3 og eit lite på side 44. Det var òg veldig kjekt å sjå så mange kjente bilete i katalogen frå mange fine bloggevenninner.
Vil du sjå katalogen? Her finn du den!


post signature

søndag 30. oktober 2011

Mine beste julegåvetips - STUDIO

..i wish..



1. Gamal trebord fra Kina no.14, 3999,- Bolina.
2. Day Pretty Droops, 699,- Hviit
3. Putetrekk Saab, 179,- Kremmerhuset
4. Telysholdar Lotus petrol, 59,- Kremmerhuset
5. Omaggio vase stor, 500,- Hviit
6. Tine K skål, 180,- Hviit
7. Industrilampe House Doctor, 1498,- Bolina
8. Industrilampe Yellow L, 1920,- Lunehjem
9. Tre ramme, 290,- Hviit
10. Pledd/sengeteppe, 1998,- Bolina
11. Duck pico pute, Areaware
12.Deborah Lippmann neglelakk, 169,- Bolina
13. Beck Søndergård skjerf, 299,- Bolina
14. Håndlaga telysholdar mini hus og mini ugle, 169,- Bolina
15. By Nord sengesett ekorn, 990,- Hviit


Her er mitt bidrag til STUDIOs konkurranse, der me skal dela våre beste julegåvetips. Du finn dei òg på facebook her.

Har du ikkje deltatt enda, har fu fortsatt ein ørliten sjangs. Konkurransen avsluttas nemleg i dag og eg hiv meg med heilt på tampen - som vanleg!

Mykje av detta ønsker eg meg, men har tenkt å visa dykk ei meir konkret og kanskje (kaaaanskje) meir fornuftig ønskeliste seinare ein gong.

Håpar alle har hatt ei fin helg! Det har me, sjølv om det har vore ei travel ei. Travel og kjekk! På torsdag skal me til Oslo til svigerinne og svoger. Å som me gler oss og tell dagar...

post signature

fredag 28. oktober 2011

Kua er i hus og jubileum

Har fått begge dei to nye bileta i hus, men ingen har komt opp på veggen enda. Er litt usikker på om eg skal ha dei der eg først hadde tenkt. Er kjempe nøgd med begge bileta.





I går fann eg plutseleg ut at det var 1 år sidan eg publiserte bloggen.
Hurra for 1 års jubileum og god helg til deg som er innom! Eg held på med ein spanande gje-bort. Berre vent..

post signature

torsdag 27. oktober 2011

Frida ønskjer seg..

.. eller kanskje det heller burde stått "Mor ønskjer seg..". Ja, for sjølv om Frøken Frida er blitt veldig god til å setta saman ord til korte setningar, har hu altså ikkje sagt kva hu ønskjer seg enda.

Det er alltid vanskeleg å koma på kva dei kan ønskje seg til jul. Synest ikkje du? Kanskje detta kan vera til tips for deg òg?  I tillegg er jo detta ein grei måte å få vist til tantar og onklar og besteforeldre kva dei kan kjøpa i år. Har komt på ein del ting etter eg laga collagen òg.




1. Ikkje berre desse kleda, men klær generellt. Drappa Dot kjole449,- og Nova Star bukse 359,-.
2. Te service i tre frå Sebra, 459,-
3. Tallerkenhylle til bøker. Denne heiter Stenstorp og er frå Ikea, 395,-
4. Cocoon Couture sitte sekk (lavendel med bambi). 1195,-
5. + 6. Småmøbler
7. Trillekoffert med ugle 799,- frå mittrom.no

Eit tips til familie er jo å slå saman bursdag og jul ☺
Andre ting Frida ønskjer er cd-spelar, dunjakke, golvteppe(trur eg må ha ein finger med i spelet her..) ting og klær til dokka (f.eks stol til å henga på bord ettersom dokka helst skal vera med på kvart måltid).

Jula er for lengst i gong i Blogglandia, butikkar og magasin. Eg vart litt overraska då eg tidleg i oktober var på Plantasjen og det var fullt av nissar og pynt. Dette er mitt første juleinnlegg. Ikkje veldig julete, men likavel relatert til jul.

Nå nærmar rommet til Frida seg ferdig - på tide!
Gler meg til å visa dykk.


post signature

mandag 24. oktober 2011

Boligstyling - Soverom

Dette er dei siste bileta frå forrige boligstyling. Nå er eg i gong med ei ny boligstyling. Denne gong av ein leiligheit på Tau. Åå, men eg elskar å få jobba mykje meir med interiør!











Ettersom spikring i veggar kanskje ikkje er det luraste i ein bolig som skal selgas, er jo tape ein genial ting! Kjekt å leika seg litt med tape. Her har eg herma litt etter Stylizimo-Nina.

post signature

søndag 23. oktober 2011

Kvifor Feien og Fjong?

Det blir litt snakk om Manuela i dag òg. Det er vel ikkje rart det blir ein del av det. Hu har jo så mange kjekke gje-borter og utfordringar i tillegg til at hu er ein fantastisk flink bloggar og god person! Det er nok skøyt i dag ellers svevar hu vekk på ei rosa sky ; )


Nå utfordrar hu oss til å fortelle historien bak bloggnavnet.

Eg får byrja med å forklara kva bloggnavnet betyr. Feien er eit gamalt dialektord for glad, og det er vel passande, for eg er då stort sett det?! ; ) Hugsar Bestefar brukte det ordet. Fjong betyr fin/velkledd. Orda har eg funne i ei bok skreven av ein nabo, som har samla ord og uttrykk frå Hjelmeland/Ryfylke, og ja gitt ut som bøker. "Du VA då go!" og "Eg seie meg så". Eg synest desse bøkene er så kjekke og artige!

Eg brukte god tid på å finna eit navn eg var nøgd med. Leste gjennom tipsa til NIB, som var til veldig god hjelp. Ville ha eit navn som ingen andre hadde liknandes. Eg var innom Frøken Fryd òg. Og det er jo litt artig at me nå har ei Frøken Fryd. Ei blid og morosam ei. Vel verdt eit besøk!






post signature

lørdag 22. oktober 2011

Gje-bort hjå Manuela ♥


Den kreative og fine Manuela har nok ein gje-bort på gong. Premien er eit fotokurs. Det vil eg ha!! Det vil kanskje du òg? Bli med på gje-borten då vel. Kurset varer i 5 veker og har ein verdi på heile 3100,-. Flott premie!

Du kan lesa meir om kurset her.



I dag har me vore på teater i byen. Dyrene i Hakkebakkeskogen. Veldig kjekk forestilling og for ein talentfull gjeng. Eg blir rett å slett mektig imponert og faktisk òg litt rørt. Viss det var mine ungar som sto på scenen der, hadde eg vore grådig stolt!


post signature

fredag 21. oktober 2011

SDS - Telyslykt

Telyslykter

Du treng:
Silkepapir i ønska farge
Hyssing
Små glass (eg har brukt barnemiddagsglass)
2 ledige minutt..






Dei gjer eitt overraskande fint lys.
God helg til deg som er innom og takk for besøket!
I morgon er det teater på Sola. Hakkebakkeskogen.
Glede for store og små!


post signature

torsdag 20. oktober 2011

"Et barn er et lite menneske"

Øyeblikk er ein ganske ny blogg som har fotokonkurranse med nytt tema kvar månad.
Denne månaden er temaet "Et barn er et lite menneske", og det kan ein tolke slik ein vil.






Bilete mitt tok eg i fjor haust. Ungane sto ved reila (eller dissa eller huske om du vil). Synest detta bilete er så koseleg. Blikket mellom dei seier så mykje og det ser ut som dei er verdas beste vener (hadde det berre alltid vore slik). Frida som berre er 9-10 mnd her kan ikkje stå sjølv og flinke storebror Jonah hjelper lillesøstra si slik at hu held balansen. 3 sekund seinare ligg Frida flat på plenen og Jonah har andre planar og er allereie på vei vekk. Så dette er verkeleg eitt øyeblikks bilete!

Bilete blei brukt på fjorårets julakort.




Her kan du sjå mange fine bidrag i denna konkurransen og finne gode tips for å bli ein betre fotograf.

Nå har det jammen vore nokre travle dagar. Forrige helg feira me mamma og pappas 50 årsdagar som er nå i september og november. Det var søstrene mine og eg som arrangerte. Me hadde god mat, tale og sang som me framførte på scenen med mennene våre som musikantar med triangel og maracas. Ein veldig kjekk og festleg kveld i lag med gode gjester. Det blei nesten tidleg morgon før me var i seng, ingen overraskelse..
Denne veka har me vore ein snartur til Stockholm. Ikkje på shopping nei, men for å sjå på fjos og melkerobot. Hamra Gård - wow for eitt flott fjos. Med kvister og spir og sprosser på vindu, var det mykje finare enn huset vårt.

post signature


onsdag 12. oktober 2011

Ekte?

Eller uekte?

Dei påstår det er ekte, men eg har berre ikkje heilt tru på det?
Kva trur du?


post signature

tirsdag 11. oktober 2011

Rart med den følelsen..


..som av og til stemmer.

Som du sikkert fekk med deg, hadde Lidyll ein liten utfordring som vart avslutta på fredag. Eg var ein av 12 fine finalistar. Eg var ekstra mange gonger innom i helga for å sjå om vinnaren var kåra. Kanskje høyres det vel sjølvsikkert ut, men faktisk hadde eg ein god følelse. Og jammen stemte den følelsen.

Tuusen takk til deg som stemte på meg. Kjempe stort for lille meg ☺


Viktig å blåse på varm kakao


Faktisk er det ikkje første gong den følelsen stemmer. I sommar hadde Manuela ein (ja, opptil fleire) gje-bort og denne eine hadde eg ein god følelse på. Og jo - den stemte òg. Ettersom eg har ein gutt som eg av og til høyrer liknar på Emil og i tillegg er Emil fan, var sjølvsagt nettopp Emil-koppen favoritten. Og som hønsebonde, var det akkurat denne Emil-koppen eg(!) ville ha. Det var sjølvsagt Jonah som fekk den.





Godt med kakao i "rusje" vær!


post signature

lørdag 8. oktober 2011

Boligstyling

Litt meir av boligstylinga eg hadde denne veka. Veldig kjekt oppdrag!
Når eg ikkje kan ominnreda mi stove kvar dag, er det jammen kjekt å gjer det i andre stover ☺




Møbler frå Møbelringen Jørpeland.







Dette pleddet her er berre fantastisk fint. Mint, petrol, lilla og gult. Akkurat dei fargane eg har leika meg med i det siste. Som du jo òg kan sjå her.



Puter og anna nips er frå Bolia. Og noko henta frå mi eiga stove.




Annonsa på finn.no kan du sjå her.
Eg har tatt dei fleste bileta. Har ikkje akkurat megler objektiv, men det blei då ikkje så aller verst. Synest forsåvidt det er betre uten det, blir liksom ikkje heilt reelt når komfyren ser ut som den er 1 meter brei, spør du meg ☺

post signature

fredag 7. oktober 2011

NIB utfordring: På tapetet

Har leenge hatt planar om å tapetsere eitt lite stykke mellom stova og kjøkken. Skjenken som har stått der, har berre stått der midlertidleg - i snart 2 år!! Nå som NIB har utfordring "På tapetet" fekk eg fart i sakene. Fann fram tapet og lim og kleisa det opp på veggen seint onsdagskveld.






Eigentleg har eg tenkt å ha ein gamal ovn her, men det gjekk ikkje Bonden med på å gjere i dag. Rart!





Eg falt sånn for denne tapeten når eg såg den i Bonytt for eitt lite år sidan. Fargane er veldig meg.
Dette er altså mitt bidrag til oktober utfordringen.

God helg til alle fine dykk!

Denne frua skal på byen i morgon og feira Anna-mi ♥

post signature

onsdag 5. oktober 2011

Hurra! I finalen..


.. i stillebens-utfordringen til Lidyll. Stem på din favoritt her. Kanskje, kanskje er det meg?! ☺





Du kan stemma på din favoritt heilt fram til fredag kl 17.30!

post signature

tirsdag 4. oktober 2011

Aksel barstol og boligstyling

Desse dagane held eg på med boligstyling av ein heilt ny bolig/fritidsbolig på Randøy som kjem for salg om kun få dagar. I dag har eg tatt bileter av stove og kjøkken. Resten skal eg ta bilete av de neste dagane. Eg er veldig heldig å få god hjelp til utlån av møbler og diverse. Det er ikkje mange som gjer det, men her inne er det ingen problem. Eg er så vanvittig fornøyd med fantastisk service hjå Møbelringen Jørpeland, Aksel Hansson og En rød knapp. Tusen tusen takk!!


Barstolane her er frå Aksel Hansson.

Jærstolen Aksel lervers i diverse treslag og fargar. Ubehandla eller behandla, tilpassa ønske, behov og bruksområde. Setetrekk i tradisjonelt, fletta sjøgras, skinn, spesialbehandla papir eller stoff etter eget ønske.  Fås i gyngestol, barstol, stol med og uten armlen, høg rygg, låg rygg, barnestol.




Snille Tove på En rød knapp har masse fint i butikken. Litt nytt er allereie komt og endå meir kjem nå i oktober. Alltid hyggeleg å koma innom her.




Skal visa meir frå boligen de neste dagane, inn i mellom styling og møblering. Visning på søndag. Spanande!

Gratulera med dagen til Anna-mi☺

post signature

mandag 3. oktober 2011

Utfordring: Stilleben

Lidyll har ein utfordring der me skal visa våre stilleben, fristen går ut i dag så eg hiv meg med i siste sekund. Eg er eigentleg ikkje så god på dette. Eller altså.. eg kan når eg virkeleg går inn for det. Men akkurat nå har eg så mykje ting som berre står der dei står midlertidleg, av både møbler og ting. Dei står på vent pga andre ting som ikkje er ferdig. Og slik ballar det på seg. Me har som mål at bl.a. rommet til Frida skal bli ferdig denne veka. Det er på tide altså.

Tilbake til utfordringen. Her er mitt bidrag.




TineK skåler kjøpt på Bohemia, lysestakar kjøpt på Kremmerhuset, heimehekla telysholder.


post signature

søndag 2. oktober 2011

Beste tips i Boligpluss!

Kanskje hugsar du denne lampa som eg laga i sommar? Kun av litt drivved, ein lampe eg hadde liggande på boden og patentband.







Denne sendte eg inn til Boligpluss og jammen blei den Beste tips denne månadens utgåve.




Fekk ein veldig fin premie i posten for nokre dagar sidan. Skal knipsa nokre bileter av den ein dag.

Wow - for nokre fine dagar me har hatt med sommartemperatur betre enn i sommar. I går var me ein gjeng på stranda i fleire timar. Nokre ungar bada og dei leika i sanden og sjøen i bare shorts. 1.oktober!


post signature

lørdag 1. oktober 2011

Norsk Frukt og Laksefest 2011

For ein månad sidan var det Norsk Frukt og Laksefest her på Hjelmeland. Frukt, mat og underhaldning samt kunst og handverk i ein god blanding dannar ramma for den store familiefesten.




Årets gjesteutstillar var Jane Linda Gausel Olsen med sin keramikk.




Det er første året eg er ansvarleg for Spinneriet, men forhåpentlegvis ikkje siste. Har fått ein del tilbakemeldingar på at eg gjorde ein god jobb og det er jo veldig kjekt å høyre!
Neste år skal eg gjera ein endå betre jobb. Nå veit eg jo tross alt kva det går i. Har allereie byrja å leita etter gjeste-utstillar og andre utstillere. Så om du har eitt forslag, er det berre å gi meg ein lyd. Du som har vore her før, er sjølvsagt òg velkommen igjen!




Galleri engler var på plass også i år.




Pels-strikk fekk pris for Beste utstillar i Spinneriet.




Flotte Kvame Kjøkken blir laga for hånd av Lars Kvame.




I tillegg til å ha ansvar for handverk-gjengen, var eg ansvarleg for laurdagskvelde. Der stenger me av kaiområdet nede i Vågen og byr opp til dans. I år var det Stavangerensamblet som stod på scenen. Ettersom me ikkje har så mange puber(les: ingen!) brukar me party-telt som kveldens pub. Du kan ta pub-runden mellom 3 party-telt og denne gong hadde me òg med oss MS Jøsenfjord som òg hadde ein tappestasjon. Før Stavangerensamblet kom på scenen spelte 3 trubadurar rundt om i telta.

Eg som til vanleg ikkje pleier å ha ansvar for større arrangement eller grupper, likte faktisk veldig godt den rollen. Eg er flink til å holde hovudet kaldt og blir sjeldan stressa (noko som irriterar Bonden grønn til tider..). Håpar eg får lov neste år òg!

post signature