..desse bileta i avisa i det siste?
For ein god månad sidan, rett etter at eg vann NIBs august utfordring, blei eg kontakta av ein journalist som ville gjer eit intervju med dei 5 ledande (!) interiørbloggerne i Norge.
Eg sa det ikkje akkurat slik, men dette var akkurat det eg tenkte:
"DÅ har du nok ringt feil!".
Ja, for det er eg jo så absolutt ikkje ;-)
Men det var uansett aktuelt, ettersom eg nettopp hadde vunne denne konkurransen.
Veldig kjekt å få bli med dei O store.
Litt endringar blei det i artikkelen, så det blei dermed berre 3 bloggere.
Solveig i NIB, Rina og lille meg.
Det har allereie vore på trykk i fleire aviser og på nett. Det er jo sjølvsagt litt stas å høyra at nokon har sett meg både her og der. Og det gir ekstra motivasjon til å bli flinkare å blogga. I sommar har eg ikkje vore flink. Eg tok rett og slett lang bloggferie med nokre få innlegg innimellom. Ettersom det jo står i artikkelen at eg prøver å blogge 3-4 gonger i veka, skal eg virkelig gjere mitt for at det blir det framover. Eg har nokre rom som skal endras og ferdigstillas i nærmaste framtid. Får jo tross alt stortslått besøk om ikkje lenge. Berre vent å sjå. Skal nok gje deg eit lite hint etterkvart ;-)
I dag er det og ei side om bloggen og meg i lokalavisa Strandbuen.
Dette er ein litt anna, men liknande artikkel.
God helg til deg som er innom.
I helga er det stor Interiørmesse i Bergen. Gjett om eg er sjuk av
misunnelse på alle som skal der. Håpar dykk får det knall kjekt og eg gler meg til å sjå bileter. Følger spent med på Instagram på jevnlige oppdateringar.
At eg aldri lærer, eg veit jo at når det nærmer seg så treger eg meg i hel på at eg aldri fekk fingen ut å sa ja til romvenninne tilbud og billige flybillettar mens eg kunne. Men det har jo litt med at Bonden òg skal på tur akkurat denne helga. Fotball-guttetur til England. Og ettersom me har brukt så mykje barnevakt i vår og sommar og Frida i tillegg styrer litt på nettene, er det ikkje like kjekt å overlate dei til andre.
Men tusen takk lillesøss - du er god som tilbydde deg ♥
Artikkelen kan du bl.a. lesa her.