fredag 25. januar 2013

FINALE!


For 4. gong på 7 månadar er eg i finalen i NIBs månadlege utfordring.
Lika overraska, glad og ydmyk blir eg kvar gong. 
Då eg oppdaga i går kveld at eg var i finalen i denne utfordringa, som eg nesten droppa å bli med på, måtte eg faktisk gispa høgt. Eg skulle til å ropa det høgt til Bonden, men han satt i telefonen og eg måtte derfor ta eit lite gledes hyl for meg sjølv. Ja, for det er så stort og så stas.
Så tuusen takk til Linda i Lunehjem for at du likte mitt bilde.
Premiane er gåvekort frå nettopp Lunehjem. Kven kunne vel ikkje tenka seg å vinna det?!
Eg veit allereie kva eg ville kjøpt om eg hadde blitt den heldige.




Eg synest det er vanskeleg å sei at dette bilete er veldig meg. På ein måte er det jo det. Det er akkurat slik eg likar det - nå. Samtidig har stilen endra seg i løpet av dei siste 2 åra. Ikkje totalt, men med enkle grep er stova ei heilt anna enn den var. Eg liker himalaga og gamle ting og som kanskje ikkje alle andre har, kombinert med nytt. Populære design møbler er absolutt fine, men ikkje noko for meg. (Til mitt forsvar; eg seier ikkje at det aldri vil komma i mitt hus, men dei vil nok aldri bli i fleirtal). Eg vil ha muligheiten til å endra, utan at det skal kosta skjorta. Eg vil ikkje var "hu der som bruke masse penger på interiør og ting og bytte ut til stadighet". Eg veit at mange tenker det, og eg kan forsåvidt forstå det ettersom det ofte er noko nytt her. Det dei kanskje ikkje veit, er at mykje av det ikkje har kosta meg ei krona eller iallefall ikkje mane kronene. Den nye sofaen me fekk i hus i haust f.eks. Å bytte ut ein sofa etter 3 år er eigentleg galskap. Eg var heldig å vann eit gåvekort på IKEA i ei av NIBs utfordringar og med det gåvekortet og pengene eg fekk for den "gamle" sofaen, kjøpte eg 2 nye 3-setere og hadde ein tusing til overs.

Stolen er frå loftet til bestemor, eg har mala den kvit. Trekassen frå loftet til mamma og pappa. Bordet frå Egypt, men spraylakkert. Messingstake frå kjellaren til svigermor. Det er og melkeflaska. Lampefoten frå Fretex har blitt ny etter ein runde med spraylakken og med skjerm frå TineK. Puta er frå Ikea.


Eg vil at du skal stemma på det du liker
om det er mitt eller eit av dei andre må du avgjer sjølv.
Stemma kan du gjer her.

God helg ☺

6 kommentarer:

  1. Eg har stemt på deg, likte bidraget sitt kjempegodt :-) Kjekt innlegg å lesa, kjente meg igjen i masse av det :-) Masse lykke til. Ps: bruke du noe redigeringsprogram til bildene ? Er det Photoshop du bruke?:-) du tar fine bilder :-)

    SvarSlett
  2. Du og du så flott,du er jo så flink og det at du blander og har personlig preg over det er så topp,synest det var fin og reflekterende lesing for det er fort å kopiere andre og kanskje miste sitt særpreg og det ein liker,topp å bli inspirert men viktig å gjere det til sitt eget:)

    Stå på,du er flink!
    God helg og god klem til deg!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  3. Fint og personlig :-) eg skiftar og stadig ut, men er opptatt av at det skal vere meg, og,at det skal vere billig(helst gratis;)

    Heier på deg :-D
    Silje

    SvarSlett
  4. wow, er reneste finaledronninga du:))
    Men vel fortjent da, du tar flotte bilder!!

    Masse lykke til ♥
    OOg god helg!

    SvarSlett
  5. Jeg har stemt på deg! Masse lykke til :)

    Aud Irene

    SvarSlett