mandag 22. april 2013

Oppskrift: Sjokolade marquise med pasjonsfruktsaus

 
 
Forrige veke hadde eg forening. Og det er koseleg som alltid. 
I mangel på fantasi og ettersom det var lenge sidan sist eg serverte denne desserten igjen.
Ein kald, søt og sur dessert. Perfekt for denne årstida me nærmar oss nå.
Om du ikkje syns det ser så innbydande ut. Prøv likavel.


 
 
Sjokolade Marquise med pasjonsfruktsaus
 
250 gr mørk sjokolade (gjerna 70%)
175 gr usalta smør (eg likar best med salt)
100 gr melis
5 eggeplommer
5 eggekviter
 
Smelt smør og sjokolade i vannbad. Bland melis med eggeplommene. Stivpisk eggekviten. Vend eggeplommeblandinga inn i sjokoladen med ein slikkepott. Vend inn eggekviten.
Hell i form, 24 cm, og frys 2-3 timar.
 
250 gr kvit sjokolade
1 dl H-melk
65 gr usalta smør
1 stk halv eggeplomme
 
Del sjokoladen i små bitar. Varm opp melk og smør og hell over den kvite sjokoladen. Rør inn eggeplomma, visp for hånd. Fryses over den mørke sjokoladen.
 
Tas ut av frysa 15 min før servering. Den kvite sjokoladen smeltar veldig fort.
Siste gong nå laga eg eit par i form, det er kanskje vel så fint og enkelt. Eg fekk den nemleg ikkje så fin denne gong då det smelta så veldig fort.
 
Pasjonsfruktsaus
 
Til ein person reknar du ca 1/2 - 1 pasjonsfrukt. Ta ut innholdet og kok det lett opp i lag med litt appelsinjuice (har eg ikkje juice, brukar eg berre vatn). Avkjøl og servèr.
Det går òg fint an å servèra den som den er.
Pasjonsfrukt er perfekt attåt denne søte desserten.
Surt og søtt. Mmm...

post signature

6 kommentarer:

  1. Ein spennende dessert ,har aldri smakt men såg godt ut:)
    Fin ny veke til deg!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  2. Den desserten hørtes helt herlig ut! For en søtmons som meg ville dette være perfekt :)
    Ha en deilig ny uke!
    Klem :)

    SvarSlett
  3. Mmm, herlig!!
    Jo den både så og hørtes nydelig ut ♥

    SvarSlett
  4. denne desserten har jeg aldri prøvd, eller smakt, men den ser jo knallgod ut:-)

    SvarSlett
  5. Sååå spennende..., tror jeg må prøve denne:)

    Annelise:)

    SvarSlett
  6. Oi, er alltid på utkikk etter nye desserter. Og dette hørtes og så veldig godt ut :-) Takk for oppskrift.

    God natt til deg.
    Klem fra Monica.

    SvarSlett