fredag 22. februar 2013

Valgets kvaler..

1. og 2. HAY About A Stool, Lunehjem 3. Sub barstol, Møbelringen 4. Bosse barkrakk, IKEA 5. Glenn barkrakk, IKEA 6. Vegas 66 barstol, Bolia 7. Tolix barkrakk 8.HAY About a stool, Designdelicatessen

Rundt kjøkkenøya har me plass til 6 stk. Me kjøpte først 4 stolar og har lenge kun hatt bruk for dei. Nå som begge ungane sitt på kvar sin stol, saknar eg ekstra sitteplasser når me har 1 gjest eller 2. Me brukar jo spisebordet om me er fleire, men det er meir når det er planlagt. 
Eg har leita lenge etter nok eg kunne tenkt meg. Er det eg som er kresen eller er det lite å velge i? Plutseleg synest eg dei dyraste er finast. Hadde jo ikkje tenkt at eg skulle bruka mangfoldige tusen heller, såmdei er eliminert frå lista. Her har eg samla nokre av mine favoritter. Hay sin About a chair har eg lenge likt og når eg fant ut at dei har barstol kom den kjapt på ønskelista (Bilde 1, 2 og 8).
Stol nr 3, 5 og 6 vil eg mala understellet på. Tolix er jo tøff, men ville nok hatt rygg. Supplere med 2? 6 nye? 6 like? Valgets kvaler.. Kanskje har du nokre tips?


Eit gamalt bilde frå kjøkken - rosa blomstrete gardiner og blonder.



post signature

onsdag 20. februar 2013

Rå og kokt laks?!


Som eg nevnte for nokre dagar sidan, blei det 2 nye fargar. Rå og kokt laks var veldig beskrivande for fargane. Men lakserosa eller korall høyres kanskje litt betre ut ;-)




Nå er ikkje eg akkurat ei rosa jenta. Men skarp rosa eller denne som er meir korall synes eg er fint. Det er jo ikkje det at rosa ikkje er fint, det er berre ikkje heilt meg.




Eg har brukt Lady supreme finish 40 på både lysestake, krakk og ja faktisk òg på putene.
Det var billige og heimasydde som fekk seg ein runde under penselen. Ikkje dei beste å kvila på, men dekorative er dei, og me har nok av andre puter å ta av til det ;-)




Lev vel - Tilbake til minneboka på barneskulen..




Gull og korall og svart. Nå er jo alt lov..
Fargekoden på den mørkaste fargen er S1040-Y85R
Og den lyse er S0520-Y70R

Har fått litt spørsmål om den hekla lampen min etter reportasjen. Kjekt dykk liker den.
Skal forklare og vise litt ein dag.


post signature

mandag 18. februar 2013

Oss i Boligpluss



Du kan trygt sei eg blei lettare overraska då eg fekk melding på tirsdag om fin reportasje i Boligpluss og etterpå såg fleire kommentarer på facebook om det sama.
Litt rart synes kanskje du då ein jo veit at ein har hatt besøk av fotograf og journalist.
Besøket var her for å ta bilete til eit anna interiørblad, men eg forsto i ettertid at det ikkje blei noko av og har difor ikkje venta på denne. Nå fekk eg melding same tirsdag frå journalisten Kathrine om eg ikkje hadde fått mail av henne før jul. Det hadde eg ikkje nei. Mailadressa mi er litt tåpeleg med alle desse under strekane så eg har opplevd det før. Då var det oppklart. Men dette var jo så absolutt ein hyggeleg overraskelse ein ellers vanleg tirsdag.
 


 
 
Bladet kom heldigvis i posten her og same dag. Det var både rart, litt skummelt og veldig gøy å lesa og sjå oss sjølv og heimen vår.


 
 
Først hang eg meg veldig opp i litt små feil i teksten og ting eg ikkje hadde tenkt skulle bli med på bileta. Men det er bagateller som nok berre eg legg merke til.
Har fått litt lattermilde kommentarer på at me bur på øya Fister.
Fister er altså ikkje ei øy, men mange trur det og det kan jo væra forståeleg når ein må ta ferje for å komma seg hit og ferje for å komma seg vidare.
 
 
 
 
Og at eg påstår at eg ikkje er handy, er heilt feil. Eg påstår så alldeles at eg er handy. Og det er eg som lager møbler og forskjellig, ikkje Bonden. 
Berre for å skrøyta litt og ta litt av cred'en tilbake  ;-) 
Eg synest likavel at Katrine har fått med seg mange gode poeng og er etter litt tilvenning blitt veldig fornøyd med reportasjen.
Ja, det måtte litt tilvenning til, det er jo ikkje akkurat daglegdags for oss dette her.
Men stas - det er det.
 
 
 
Har alltid lurt på korleis mine "få stilen til pluss/minus pris" ville sitt ut.
Jaggu fekk eg oppleva å sjå det. Artig. Liker at dei har fått med litt detaljer i denne grønnfargen. Det er jo heilt meg.
 
Tusen takk til Katrine og Vegard for koseleg besøk.
Takk og til Boligpluss som ville ha oss med i bladet.
Kjempe gøy!
 
Bladet er å få kjøpt i butikken nå. Mars utgåven til Boligpluss.



 
post signature

søndag 17. februar 2013

Takknemleg..



 
Eg er så utroleg takknemleg for at bilete mitt igjen er komt til finalen i NIBs månadlege utfordring.
Det er like stort og like stas denne gong som dei andre, og eg blir desto meir overraska over at eg er der igjen. Eg er audmjuk og stolt av å væra i selskap med dei fine bidraga.





Så tusen tusen takk Lisbeth Larsen (Fargesjef i Jotun), som likte bilde mitt.
Og Solveig og Ann Helen for at dykk arrangerer og ordner. Det er så gøy!!
Premiane NIB jentene klarer å få til er ikkje berre rusk. Denne gang skal Lady teamet ta vinnaren med til TineK sitt showrom i Danmark og "frokost" heima hos Tine privat.
Jotun/Lady spanderer reise og opphold.
Eg har lyst å vinne og er så takknemleg viss du liker mitt best og stemmer på det. Ja, for du må jo stemme på det du liker best - så får berre eg kryssa fingrane for at det er mitt i dette tilfelle ;-)
 
Stemma kan du gjera her





torsdag 14. februar 2013

Tjuvstartar våren..



Nå som det nærmar seg vår, får eg igjen behov for meir fargar. 
På tirsdag plukka eg med meg nokre fargeprøvar på jobb. Artig var det då å komma heim til Boligpluss som var fullt opp med nettopp desse fargane. (Ja, det var jo litt ekstra kjekt å komma heim til Boligpluss denne gong ;-)) Eg blei ikkje mindre inspirert og maling blei kjøpt allereie dagen etter. 




Ein lys fersken/lakserosa og ein litt mørkere. Litt som kokt og rå laks ;-) Saman er dei skikkelig fine og gjorde seg i lag med det mintgrønne. Fekk svingt malerkosten på både det eine og det andre i løpet av ei kveldstund. Det blei straks vår i stova. Meir skal dykk få sjå.

post signature

søndag 10. februar 2013

DIY - Veggskap

For iallefall 2 år sidan laga eg dette skapet.
Eg hadde ein plan om kor eg skulle ha det, men så blei det ikkje heilt sånn alikavel.
Alle planane som fins i dette litle hovudet kan jo ikkje bli realisert når ein har tenkt ;-)
 
 


Då var det brunbeist og hønsenetting der det mangler vindusruter.
Nå som eg har endra stil passa det ikkje inn lenger. På med litt svart maling og vekk med nettingen så passa det ypperleg i gongen i lag med benken som òg fekk seg ein runde med maling og pussemaskina.
 
 
 
 
Den eine ruta har til og med litt grønnskjær i seg. Perfekt!
 
 


Godt nyttår ja.. Eg fant eit innlegg som var klargjort, men ikkje puplisert.
Kan jo ikkje la det gå til spille heller.

Fortsatt fin søndag.
Her er det tid for selskap for 2 tantegull som har runda 5 og 6 år ♥

 
post signature

fredag 8. februar 2013

NIBs februar utfordring - Tid for kontraster

 
Kontraster kan jo væra så mangt.
Den største her i huset er definitivt kontrasten gammalt mot nytt.
Denne gong har eg rett og slett plukka med meg nokre litt forskjellige ting som står i stova og laga eit stilleben mot tavleveggen på kjøkken.
 
 
 
 
Eg er ikkje veldig fan av duppedingser som ein berre må ha, men som ikkje akkurat tar seg bra ut i interiøret. Varmepumper f.eks.? Genialt er det, men lite dekorativt der dei ruvar på den kanskje mest synlege plassen. Skal me nokon gong ha det (ja, for eg kunne jo tenkt meg det på kalde vintermorniger og varme sommardagar..), skal me iallefall ha ein som er litt fin å sjå til.
Genialt at radio og anlegg kan ta seg bra ut. Genevaen får så absolutt væra ein del av interiøret og tar seg rektig så bra ut blandt stilleben. Ekstra fin er den mot tre, som denne kassen. 
 



Betong
Messing
Glass
Plast
Tre
Svart
Kvitt
 
Dette er mitt bidrag. Fleire kan du fine her.
Sjekk ut premien - HOLY MALONEY!
 
post signature
 

onsdag 6. februar 2013

Januar - den store bursdagsmånaden


Så snart me har bikka nyttår, erbursdagane rett rundt hjørne. Det praktiske med at begge har bursdag i januar, er at me kan slå dei saman slik at det blir felles familieselskap. Det kjedelige er at det er eit heilt år til neste gong. Og ofte treng ein slike anledninger for å få til å samlast.
Selskap er meir kjekt enn stress, men det er sjølvsagt godt når det er gjort og ein kan benke seg i sofaen og. Dette året blei begge selskapa litt amputert pga sjukdom, både blandt verter og gjester.
Kjedelig, men i år har januar vore ekstrem med både det eine og det andre. Sjølv har me ikkje slippe heilt unna, men billig. Heldigvis.




Utfordringa med felles selskap er at både han og hu skal bli fornøyd. Så det blir litt mix.
Jonah hadde hatt eigen barnehageselskap, så dette blei visst litt meir retta mot Frida. 
Guttane fekk sjølvsagt Man U kopp.

Rosa koppar, grønne sugerøyr, gule serviettar og muffinsformer er frå Partydesign.
Så lite som skal til for å




Hello Kitty muffins var populært. Sånn eigentleg var det ikkje slik eg hadde tenkt å laga dei, men med feber i kroppen tok eg ein enkel variant. Og det blei slett ikkje verst likavel.





Nokre av gjestene var ekstra facinert av pynten.. ☺





2 fine feiringar for 2 fornøyde bursdagsbarn.

post signature




søndag 3. februar 2013

3 år



Denne fine jenta har runda 3 år.
Det er plutseleg nokre veker sidan allereie.
15.januar 2010 var ein stor dag.
Våkna kl 7.50 den morningen, heilt utkvilt etter ei overraskande god natt.
Lite visste eg akkurat då om at kl.11.25 skulle den finaste jenta med den kulaste sveisen ligga på magen.


Bilde er tatt på kveldstid på bursdagen.
Ikkje like glad i å posere som storebror, men her satt hu faktisk i ro i meir enn 1 sekund.
 
Dette er ei jenta som veit kva hu vil og kjemper for å få det som hu vil. Både i våken tilstand og i søvne. Hu skal nok klara å nå langt i livet. Kanskje ikkje alltid på den rette måten.
Hu har mykje rart, smart og morsomt å sei. Gullkorna kjem på rekke og rad. Og ordforrådet er det ikkje noko å sei på.
Hu har ein tendens til å spele litt baby, ikkje på lek men skal liksom væra litt liten og søt. Eg derimot synest ikkje alltid det er like søtt og sa ein dag nå litt bestemt til hu: "Snakk skikkelig. Ikkje snakk som ein baby." Då svara hu kjapt og bestemt tilbake: "Babyar kan ikkje snakka!".
 
Gratulera med vel overstått jenta mi.
Mor er så uendeleg glad i deg - trass alle "kampane" me har - dag og natt.
Heldigvis har det minka på dei den siste veke og du har insitt at det går an å ha på seg den trusa eg finn til deg og at resten av dagen faktisk blir betre av det.
Glad for at nettopp du er jenta mi ♥