Viser innlegg med etiketten Boligstyling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Boligstyling. Vis alle innlegg

onsdag 29. februar 2012

Boligstyling - Stokka


Her kjem omsider bileter frå leiligheita eg styla for nokre veker sidan.
Visning i går. Spent på om det gir resultater.




Boligstyling kan væra litt utfordrande. Og utfordringar tar me sjølvsagt, men det krever litt. Merkar eg jobbar betre og raskare nå enn kva eg gjorde i starten. Då såg eg føre meg den drøymeleiligheita. Ettersom det er begrensa kva møbler og nips ein får tak i på kort tid, må ein berre gjera det beste utav det.




Eg er veldig heldig og takknemleg for at eg får låna møbler på
Møbelringen Jørpeland og nips frå En rød knapp.
Det er faktisk ingen sjølvfølge.




Ettersom eigaren av leiligheita eig eit kunstgalleri i Stavanger, ynskte han å stå for det.
Så den kan eg ikkje ta æra for.
Det måtte eg ta hensyn til og derfor valgte eg møbler og nips i rolige fargar.


Bileta er lånt frå annonsa på Finn.


Jærstolane er frå Aksel Hansson.
Eg er veldig glad i bruke lokale produkt og råvarer både innanfor interiør og mat ;-)
Hjelmeland er kjent for nettopp denne stolen.
Akkurat denne varianten er produsert kun for Møbelringen.
Heile annonsa kan du sjå her.

post signature



mandag 24. oktober 2011

Boligstyling - Soverom

Dette er dei siste bileta frå forrige boligstyling. Nå er eg i gong med ei ny boligstyling. Denne gong av ein leiligheit på Tau. Åå, men eg elskar å få jobba mykje meir med interiør!











Ettersom spikring i veggar kanskje ikkje er det luraste i ein bolig som skal selgas, er jo tape ein genial ting! Kjekt å leika seg litt med tape. Her har eg herma litt etter Stylizimo-Nina.

post signature

lørdag 8. oktober 2011

Boligstyling

Litt meir av boligstylinga eg hadde denne veka. Veldig kjekt oppdrag!
Når eg ikkje kan ominnreda mi stove kvar dag, er det jammen kjekt å gjer det i andre stover ☺




Møbler frå Møbelringen Jørpeland.







Dette pleddet her er berre fantastisk fint. Mint, petrol, lilla og gult. Akkurat dei fargane eg har leika meg med i det siste. Som du jo òg kan sjå her.



Puter og anna nips er frå Bolia. Og noko henta frå mi eiga stove.




Annonsa på finn.no kan du sjå her.
Eg har tatt dei fleste bileta. Har ikkje akkurat megler objektiv, men det blei då ikkje så aller verst. Synest forsåvidt det er betre uten det, blir liksom ikkje heilt reelt når komfyren ser ut som den er 1 meter brei, spør du meg ☺

post signature

tirsdag 4. oktober 2011

Aksel barstol og boligstyling

Desse dagane held eg på med boligstyling av ein heilt ny bolig/fritidsbolig på Randøy som kjem for salg om kun få dagar. I dag har eg tatt bileter av stove og kjøkken. Resten skal eg ta bilete av de neste dagane. Eg er veldig heldig å få god hjelp til utlån av møbler og diverse. Det er ikkje mange som gjer det, men her inne er det ingen problem. Eg er så vanvittig fornøyd med fantastisk service hjå Møbelringen Jørpeland, Aksel Hansson og En rød knapp. Tusen tusen takk!!


Barstolane her er frå Aksel Hansson.

Jærstolen Aksel lervers i diverse treslag og fargar. Ubehandla eller behandla, tilpassa ønske, behov og bruksområde. Setetrekk i tradisjonelt, fletta sjøgras, skinn, spesialbehandla papir eller stoff etter eget ønske.  Fås i gyngestol, barstol, stol med og uten armlen, høg rygg, låg rygg, barnestol.




Snille Tove på En rød knapp har masse fint i butikken. Litt nytt er allereie komt og endå meir kjem nå i oktober. Alltid hyggeleg å koma innom her.




Skal visa meir frå boligen de neste dagane, inn i mellom styling og møblering. Visning på søndag. Spanande!

Gratulera med dagen til Anna-mi☺

post signature