Viser innlegg med etiketten I presse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten I presse. Vis alle innlegg

mandag 18. februar 2013

Oss i Boligpluss



Du kan trygt sei eg blei lettare overraska då eg fekk melding på tirsdag om fin reportasje i Boligpluss og etterpå såg fleire kommentarer på facebook om det sama.
Litt rart synes kanskje du då ein jo veit at ein har hatt besøk av fotograf og journalist.
Besøket var her for å ta bilete til eit anna interiørblad, men eg forsto i ettertid at det ikkje blei noko av og har difor ikkje venta på denne. Nå fekk eg melding same tirsdag frå journalisten Kathrine om eg ikkje hadde fått mail av henne før jul. Det hadde eg ikkje nei. Mailadressa mi er litt tåpeleg med alle desse under strekane så eg har opplevd det før. Då var det oppklart. Men dette var jo så absolutt ein hyggeleg overraskelse ein ellers vanleg tirsdag.
 


 
 
Bladet kom heldigvis i posten her og same dag. Det var både rart, litt skummelt og veldig gøy å lesa og sjå oss sjølv og heimen vår.


 
 
Først hang eg meg veldig opp i litt små feil i teksten og ting eg ikkje hadde tenkt skulle bli med på bileta. Men det er bagateller som nok berre eg legg merke til.
Har fått litt lattermilde kommentarer på at me bur på øya Fister.
Fister er altså ikkje ei øy, men mange trur det og det kan jo væra forståeleg når ein må ta ferje for å komma seg hit og ferje for å komma seg vidare.
 
 
 
 
Og at eg påstår at eg ikkje er handy, er heilt feil. Eg påstår så alldeles at eg er handy. Og det er eg som lager møbler og forskjellig, ikkje Bonden. 
Berre for å skrøyta litt og ta litt av cred'en tilbake  ;-) 
Eg synest likavel at Katrine har fått med seg mange gode poeng og er etter litt tilvenning blitt veldig fornøyd med reportasjen.
Ja, det måtte litt tilvenning til, det er jo ikkje akkurat daglegdags for oss dette her.
Men stas - det er det.
 
 
 
Har alltid lurt på korleis mine "få stilen til pluss/minus pris" ville sitt ut.
Jaggu fekk eg oppleva å sjå det. Artig. Liker at dei har fått med litt detaljer i denne grønnfargen. Det er jo heilt meg.
 
Tusen takk til Katrine og Vegard for koseleg besøk.
Takk og til Boligpluss som ville ha oss med i bladet.
Kjempe gøy!
 
Bladet er å få kjøpt i butikken nå. Mars utgåven til Boligpluss.



 
post signature

torsdag 13. desember 2012

Luke 12: Staseleg besøk

 
Den 12.12.12 var ikkje berre ein spesiell dato, men ein ganske spesiell dag for ei bondekona på Fister.
Eg hadde besøk av sjølvaste NIB jentene, Solveig og Ann Helen.
Eg har ikkje hatt annledning til å treffe dei tidlegare, og at det første treffet skulle bli heima hjå meg, hadde eg ikkje i min villaste fantasi tenkt skulle skje.
 
 
 
 
Etter saakte kjøring på snøfyllte veger innover Ryfylke, kom dei seg omsider fram.
Synest det var veldig kjekt at dei aldri sytte med å koma inn til deg, tross ferje, lang reis tur-retur og ikkje minst snø. Spreke jenter!
 
 
 
 
Dei knipsa i veg..
 
 
 
 
Fòr gjennom huset som ein vind - sjå berre på lysa som fekk smaka på det..
 
 
 
 
Knipsa litt til..
Titt tei - eg ville òg bli med.
 
 
NIB has left the building..
Så var festen over.
Akkurat då dei hadde pakka ned kamera, kom ei tjukk og mørk byge å mørkla huset. Flaks at den ikkje kom tidlegare. Eg sitt aleina igjen i skumringa med eit smil om munnen.
Men med dårleg samvittighet for at eg ikkje laga noko enkel mat som dykk kunne ta med dykk rundt mens dykk knipsa bileter. Det hadde liksom ikkje blitt det sama å gå rundt med suppa.
Takk Solveig og Ann Helen, for ein kjempe koseleg dag.
Håpar me treffes snart igjen ♥
(krysser fingrene for passande dato for Glansdag ☺)
 
Til våren kan du nok få sjå meir frå besøket.
Spanande!
 

post signature
 
 
 

fredag 28. september 2012

Kanskje har du sitt..


..desse bileta i avisa i det siste?

For ein god månad sidan, rett etter at eg vann NIBs august utfordring, blei eg kontakta av ein journalist som ville gjer eit intervju med dei 5 ledande (!) interiørbloggerne i Norge.
Eg sa det ikkje akkurat slik, men dette var akkurat det eg tenkte: 
"DÅ har du nok ringt feil!".
Ja, for det er eg jo så absolutt ikkje ;-)
Men det var uansett aktuelt, ettersom eg nettopp hadde vunne denne konkurransen.
Veldig kjekt å få bli med dei O store.
Litt endringar blei det i artikkelen, så det blei dermed berre 3 bloggere.

Solveig i NIB, Rina og lille meg.


Det har allereie vore på trykk i fleire aviser og på nett. Det er jo sjølvsagt litt stas å høyra at nokon har sett meg både her og der.  Og det gir ekstra motivasjon til å bli flinkare å blogga. I sommar har eg ikkje vore flink. Eg tok rett og slett lang bloggferie med nokre få innlegg innimellom. Ettersom det jo står i artikkelen at eg prøver å blogge 3-4 gonger i veka, skal eg virkelig gjere mitt for at det blir det framover. Eg har nokre rom som skal endras og ferdigstillas i nærmaste framtid. Får jo tross alt stortslått besøk om ikkje lenge. Berre vent å sjå. Skal nok gje deg eit lite hint etterkvart ;-)

I dag er det og ei side om bloggen og meg i lokalavisa Strandbuen.
Dette er ein litt anna, men liknande artikkel.




God helg til deg som er innom.
I helga er det stor Interiørmesse i Bergen. Gjett om eg er sjuk av
 misunnelse på alle som skal der. Håpar dykk får det knall kjekt og eg gler meg til å sjå bileter. Følger spent med på Instagram på jevnlige oppdateringar.
At eg aldri lærer, eg veit jo at når det nærmer seg så treger eg meg i hel på at eg aldri fekk fingen ut å sa ja til romvenninne tilbud og billige flybillettar mens eg kunne. Men det har jo litt med at Bonden òg skal på tur akkurat denne helga. Fotball-guttetur til England. Og ettersom me har brukt så mykje barnevakt i vår og sommar og Frida i tillegg styrer litt på nettene, er det ikkje like kjekt å overlate dei til andre.
Men tusen takk lillesøss - du er god som tilbydde deg ♥

Artikkelen kan du bl.a. lesa her.




fredag 17. februar 2012

"Hjemme hos Hilde"

Dette har nokre av dykk fått med seg allereie, men sikkert ikkje alle.
Og då må eg jo skrøyta litt slik at alle får det med seg ;-)
Ja, for eg er jo litt kry over min aller første "Hjemme hos"-reportasje.




Reportasjen kan du sjå her.





Denne veka har eg gjort ferdig eit boligstyling oppdrag i Stavanger.
Spent på å sjå om det gir resultater.
Vil dykk sjå korleis det blei?

I går fekk me ny seng i hus.
Åå, så godt det var å sove i ny og god seng.
Kanskje det er kuren for lakenskrekken min?!

God helg ♥


post signature

mandag 31. oktober 2011

Folkets IKEA katalog


For nokre månedar sidan hadde IKEA ein konkurranse der ein kunne laga forslag til forsida til neste års IKEA katalog. Eg trudde det berre var med det og har ikkje tenkt meir på det etter konkurransen vart avslutta. Nå plutseleg(for meg kom den iallefall plutseleg..) kom Folkets IKEA katalog.





Og sjølv om eg trur kanskje alle bidraga kom med, synest eg jo at det er litt stas at bilete mitt kom med - og det heile to gonger. Eit stort på side 3 og eit lite på side 44. Det var òg veldig kjekt å sjå så mange kjente bilete i katalogen frå mange fine bloggevenninner.
Vil du sjå katalogen? Her finn du den!


post signature

søndag 2. oktober 2011

Beste tips i Boligpluss!

Kanskje hugsar du denne lampa som eg laga i sommar? Kun av litt drivved, ein lampe eg hadde liggande på boden og patentband.







Denne sendte eg inn til Boligpluss og jammen blei den Beste tips denne månadens utgåve.




Fekk ein veldig fin premie i posten for nokre dagar sidan. Skal knipsa nokre bileter av den ein dag.

Wow - for nokre fine dagar me har hatt med sommartemperatur betre enn i sommar. I går var me ein gjeng på stranda i fleire timar. Nokre ungar bada og dei leika i sanden og sjøen i bare shorts. 1.oktober!


post signature

søndag 26. juni 2011

Sjekk min kule gule lysestake og Rom123

Har du sitt meg i Rom123?!
Eit bitte lite bilete på NIB sine sider laangt bak i bladet.
Men som sagt synest eg det er stort for lille meg!




Eg har 5 av desse messingstakane.
2 kvite og nå ein kule gule.
Dei andre skal òg snart få nye farge.
Det må vel bli ein i mint tenkjer eg.
Og kanskje ein lilla?!




Stas!!




Nå er Glansdagen over for denne gong.
Håpar dykk har hatt det super dupert!

Reknar med det har blitt ein heil del shopping og champagne og latter drøs!
Neste år skal eg og vera med!!
Men eg har det ganske greit eg og - i Tyrkia ☺

post signature


onsdag 9. februar 2011

Dagens avis..

Slik ser baksida frå dagens Strandbuen ut.




Kreativ trivsel

Hilde Hauge (26) frå Hetlandsbygda likar å ha noko å gjera, slik at ho alltid får vera kreativ. Nyleg starta Hauge som interiørkonsulent, slik at ho kan bruka kreativiteten sin til å skapa trivsel i bustader og arbeidsplassar.

Ved sida av ei 60 prosent stilling i Enkel-butikken på Hjelmeland, har Hauge satsa på å bruka meir tid på jobben som interiørkonsulent. Det er mest ingen grenser for kva konsulenttenester ho kan hjelpa verksemder og privatpersonar med.
– Eg kan gjera ganske mykje forskjellig, alt frå måling og oppussing av møblar, til val av fargar og møblar, rådgjeving og innkjøp av nytt kjøkken. Det blir stort sett opp til kundane kor mykje eg skal gjera for dei, seier Hauge til Strandbuen.
I 2005 var Hauge ferdig utdanna som interiørkonsulent, då med eit års utdanning innanfor interiør i bustader og eit år med interiør i offentlege bygg. I mellomtida har ho også arbeidd med kjøkkeninteriør i ein kjøkkenbutikk i Stavanger, men ho har heile tida hatt planar om å starta for seg sjølv.
– No har eg endeleg våga å satsa, og eg har funne ut at det er ein kjempekjekk jobb. Når eg er ferdig med å kjøpa møblar til mitt eige hus, kan det vera kjekt å avveksla med å kjøpa møblar for andre.
Ved sida av faglege råd og innkjøp av møblar, har Hauge også tenkt å starta småskalaproduksjon av vegghyller, pyntestigar, krakkar og tallerkenhyller som ho sjølv har designa.
Hauge trur at mange er redde for å bruka interiørkonsulentar, men forsikrar om at kundane uansett har det siste ordet.
– Me er no inne i ei tid der fleire og fleire bruker interiørkonsulentar, og stadig fleire blir utdanna interiørkonsulentar. Diverre har nok mange ei oppfatning av at me berre pløyer gjennom og vil skifta ut alt, men ein treng ikkje nødvendigvis byta ut alt for å få noko nytt. Me ynskjer å hjelpa til dersom kundane er usikre eller slit med å sjå heilskapen i interiørvalet.
Marknaden for interiørkonsulentar er relativt liten, så Hauge er godt nøgd med at ho allereie har hatt nokre større prosjekt i Hjelmeland, på Halsnøy og i Stavanger. Førebels har det berre vore privatkundar, men ho ynskjer også å kunna arbeida for bedrifter.
– Ein treng ikkje vera redd for å ta kontakt med meg. Ingen oppdrag er for små og ingen er for store.

Dette er eigentlig berre prøve utkastet, så ordrett er det difor ikkje.
Det blei i tillegg skrive litt om bloggen
 og rabattavtalen min med kjøkkenleverandør Strai Norform.

Eg er i grunn ganske fornøyd sjølv!

post signature