DoyDoy og Tiralla.
Til helga er det igjen tid for Norsk frukt og laksefest på Hjelmeland.
Eg er med for 2.år på rad. Som utstillingskoordinator i Spinneriet og ansvarleg for laurdagskvelden.
Litt meir erfaren og tryggare enn i fjor.
I spinneriet har det vore stor pågang og det er meir enn fullt. Både nye og gamle - eg er like glad for begge deler.
Årets gjesteutstillar kom eg tilfeldigvis over på Instagram tidleg i sommar, eg var då ikkje i tvil om at dei måtte eg ha. Og søstrene Elise og Martine var snare med å svare ja.
Det er eg veldig glad for.
Dei har butikk på Epla og facebook sida.
Kanskje har du sett dei på Nytorget i Stavanger mellom 10-15 ein laurdag?!
Sjå berre her kva fint dei har:
Fredag er det konsert med Didrik Solli-Tangen i Hjelmeland Kyrkje. Og laurdagskveld er det Vågadans der me startar med Stand-up show med Hans Morten Hansen, Andrè Jerman og Tommy Steine og avsluttar med skikkelig dansegalla med PK og dansefolket.
Det går gratis buss tur-retur Tau og innom Fister. Og gratis skyssbåt til Skiftun og eventuelt Ombo om det skal væra aktuelt på natta.


























