For nokre månedar sidan hadde IKEA ein konkurranse der ein kunne laga forslag til forsida til neste års IKEA katalog. Eg trudde det berre var med det og har ikkje tenkt meir på det etter konkurransen vart avslutta. Nå plutseleg(for meg kom den iallefall plutseleg..) kom Folkets IKEA katalog.
Og sjølv om eg trur kanskje alle bidraga kom med, synest eg jo at det er litt stas at bilete mitt kom med - og det heile to gonger. Eit stort på side 3 og eit lite på side 44. Det var òg veldig kjekt å sjå så mange kjente bilete i katalogen frå mange fine bloggevenninner.
Vil du sjå katalogen? Her finn du den!