NIBs oktober utfordring var denne gong ildsted. Eg har ikkje deltatt si vinter/vår og tenkte at NÅ må eg komma i gong igjen her. 6 mnd si forrige innlegg blei det nesten, viss eg ikkje tell med det eg hadde i juni. Det kan jo knapt reknast som eit innlegg. Nokon som har sakna meg?! Håpar då det ☺
Skal prøva å ta meg i saman og ha innlegg litt oftare enn kvar 6.mnd. Det bør vel eigentleg ikkje bli så vanskeleg.
Over til bidraget. Då eg såg utfordringa, måtte eg hiva meg rundt å få gjort ferdig det eg har tenkt på i lengre tider. Eg har hatt eit Pure & Original kalkmaling spann ståande i 2-3 år nå. Aner ikkje kva farge det er. Kanskje du ser kva det?? Elephant skin?
Det gjorde seg iallfall veldig å bryta av den långe, kvite veggen.
Ylva likar seg ved ovnen. Det er dette som er plassen når hu er inne.
(Ja, eg måtte juksa litt i går og legga inn eit kjapt innlegg for så å retta det i dag. Når eg endeleg hadde tatt bilete å tenkt å bidra etter 6 mnd pause frå blogg måtte eg jo få det til - om det så blei litt juks. Håpar eg er tilgitt...)
























