Viser innlegg med etiketten D-I-Y. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten D-I-Y. Vis alle innlegg

tirsdag 15. oktober 2013

DIY - "Happy light" i regnbuens fargar

Eg er i siget. Neida, nå skal eg ikkje bli for kjepphøg her.
Plutseleg er det 6 mnd til neste innlegg igjen.

 
Puter frå Plonka på Epla og Ellos.
 
Dette er og ein ting eg har tenkt på å laga i lengre tider. Fekk endeleg laga den i sommar. Og til deg som er usikker på om det er så lett som det ser ut og om garnet stivner nok av limen - svaret er JA. Eg var skeptisk til det, men fekk råd og bekreftelse underveis på Instagram.
 
Dette treng du:
Garn i ønska farger. Eg har valgt regnbuens fargar og litt til.
Ballongar
Tapetlim
Ein fin hyssing
 
Framgangsmåte:
Start med å blåsa ballongane opp i ønska størrelser. Kanskje vil du ha alle lika små, eller varierande størrelsar. Eller kanskje ein stor lampe?
Surr garn rundt ballongane slik at det blir jevnt og fint. Deretter maler du eventuelt badar dei i tapetlim. Eg hadde ganske mykje på. Litt overflødig. Så lot eg dei ligga å tørka på ein varm plass på ein plastpose (ikkje lurt med papir vil eg tru). Dei trong lang tid på å tørka så eg snudde litt på dei ettersom det som vender oppover tørkar fortare enn det som ligg rett på posen. Vær tålmodig og la dei stivna heilt. Når alt er heilt tørka kan du stikka hull på ballongen og dra/lirka den ut. Ta så hyssingen å knyt på ballane med den avstanden du vil ha mellom dei. Eg har ikkje lys i dei då eg synes dei er dekorative i seg sjølv, men det går sjølvsagt og an. Sørg då for å lag lika mange ballar som det er lys.


 
 
Denne heng oppe på loftstova der ungane har sin tomleplass. Ettersom eg elskar fargar synes eg det er deilig å ha ein etasje der eg kan leika meg med alle slags fargar på møbler og ting - og etter planen snart vegger. Mens nede i hovudetasjen er det nokså klassisk og relativt lite fargar.
 
 
Denne "Happy lighten" er bidraget mitt i Boligpluss-utfordringen som denne månaden er DIY/Gjør det selv.
Gå inn å stem på ditt favoritt bidrag.
 
post signature
 

onsdag 20. februar 2013

Rå og kokt laks?!


Som eg nevnte for nokre dagar sidan, blei det 2 nye fargar. Rå og kokt laks var veldig beskrivande for fargane. Men lakserosa eller korall høyres kanskje litt betre ut ;-)




Nå er ikkje eg akkurat ei rosa jenta. Men skarp rosa eller denne som er meir korall synes eg er fint. Det er jo ikkje det at rosa ikkje er fint, det er berre ikkje heilt meg.




Eg har brukt Lady supreme finish 40 på både lysestake, krakk og ja faktisk òg på putene.
Det var billige og heimasydde som fekk seg ein runde under penselen. Ikkje dei beste å kvila på, men dekorative er dei, og me har nok av andre puter å ta av til det ;-)




Lev vel - Tilbake til minneboka på barneskulen..




Gull og korall og svart. Nå er jo alt lov..
Fargekoden på den mørkaste fargen er S1040-Y85R
Og den lyse er S0520-Y70R

Har fått litt spørsmål om den hekla lampen min etter reportasjen. Kjekt dykk liker den.
Skal forklare og vise litt ein dag.


post signature

søndag 10. februar 2013

DIY - Veggskap

For iallefall 2 år sidan laga eg dette skapet.
Eg hadde ein plan om kor eg skulle ha det, men så blei det ikkje heilt sånn alikavel.
Alle planane som fins i dette litle hovudet kan jo ikkje bli realisert når ein har tenkt ;-)
 
 


Då var det brunbeist og hønsenetting der det mangler vindusruter.
Nå som eg har endra stil passa det ikkje inn lenger. På med litt svart maling og vekk med nettingen så passa det ypperleg i gongen i lag med benken som òg fekk seg ein runde med maling og pussemaskina.
 
 
 
 
Den eine ruta har til og med litt grønnskjær i seg. Perfekt!
 
 


Godt nyttår ja.. Eg fant eit innlegg som var klargjort, men ikkje puplisert.
Kan jo ikkje la det gå til spille heller.

Fortsatt fin søndag.
Her er det tid for selskap for 2 tantegull som har runda 5 og 6 år ♥

 
post signature

tirsdag 18. desember 2012

Luke 18: Stjerne bretting

Stjernebretting er òg veldig poppis for tida. Panduro har fleire sett i ulike fargar og mønster. Dekorative på eit brett med lys, som bordpynt eller hengt på greiner og tre. 
Viss du har veldig lyst å bretta og ikkje har knekt koden ennå, kan du gå innom Trine med bloggen Høytrykk. Her forklarer hun steg for steg korleis.




Vil du prøve deg på meir bretting, finn du det her.

post signature

søndag 9. desember 2012

Luke 9: 2. søndag i advent


"Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede"




Adventsstake nr 2 er og himalaga. Jada, eg har herma etter Ferm Living sin String candleholder.

Dette treng du:
Trekuler i forskjellige størrelser
Skinnsnor
Trebor

Eg brukte mindre lys og fant den treboren som passa til dei. 
For å få kulene til å stå stødig, må du skjære dei flate under.
Tre kulene på skinnsnora i ønska rekkefølge. 
Voila, that's it.




Ha ein fin 2.søndag i advent.

post signature

søndag 2. desember 2012

Luke 2: DIY advents stake

Har laga meg ein kjapp og enkel adventsstake.
 
Det du treng er:
4 stk barnemiddagsglass
Quick spraylakk matt kvit
stempel
 
 


På kvart glass står det nr. søndag i advent




Om du vil, kan du f.eks. ha litt hyssing eller bånd rundt kanten for å gjer den litt meir dekorativ.
Eller skrive på i staden for stempel. Kva med store tall som Arne Jaconsen sine?!
 
Me skal på førjulskos på Hjelmeland om nokre få timar.
Fakkeltog, julegrantenning, gå rundt juletreet, nissebesøk, juleverksted for dei små med bl.a. pepperkakepynting og kort, gløgg og graut.
Koselig tradisjon som eg håpar fortsett.
Arrangørane etterlyser folk til å overta berre for å tipsa om det.
Sjølvsagt kunne eg tenkt meg det, men har bestemt meg for å trappe litt ned.
Eg har mine faste som eg er med på.
Men knall kjekt er det med slikt, så det er i alla fall ikkje noko å væra redd for å prøve.


post signature
 
 


fredag 12. oktober 2012

DIY - Peace

Tenk hadde det berre fantes ein enkel DIY for litt fred i heimen.
hoho.
Ja, for ungane veit virkelig å krangla og plaga kvarandre, men kan heldigvis og væra bestevenner og det er ein fryd å sjå og høyra. Og då er det berre å nyte dei øyeblikka og gløyme(!) dei andre..
OK, skal ikkje skulda på ungane for at ikkje alltid er fred. Bonden og fruen kan det sjølvsagt òg.
*giisp*
Sa eg det høgt?!
 
 
 
 
Anyway. Her er det du treng:
Ramme
Ark
Lim
Blyant
Paljetter eller glitter i ønska farge
Eg har alltid likt gull, men har hatt ein kort periode utan dei siste 2-3 åra.
Nå snik det seg sakte men sikkert inn litt gull igjen. Derfor måtte det bli gullpaljetter her.
Teikn først eit peace-teikn på arket. Smør så må litt lim på streken. Smal eller brei, alt etter ønsket.
Dryss over paljetter så er det berre å vente på tørking.
Før du rammer det inn er det lurt å riste litt forsiktig slik at lause paljetter dett av.
 
 
 
 
Her er det berre fantasien som sett begrensingar.
Kva med ein bokstav? Lite ordtak eller nokre fine ord?
 
Nå er det helg igjen. Rart etter å allereie hatt ei helg på hytta. Me hadde avløysar nå i veka og ikkje å helga, og då er det berre å benytta sjansen.
Me hadde med oss gode venner av både store og små og kosa oss i nydeleg haustvær som eg virkelig håpar me får mykje av framover.
Lov å håpa ☺
I morgon er det Pippi teater på Sola og Faster kjem heim.
Hurra!
 
 

søndag 23. september 2012

DIY - Perlemorskjellpynt


Til jul fekk eg ein pakke med perlemorskjell av Svigerinne og Svoger etter at dei var på ferie i bl.a. Filipinene. Perlemorskjell er ein favoritt, men eg har ikkje heilt hatt planar om kva eg skulle gjera med dei. Då eg såg at Tonje hadde kjøpt noko perlemorpynt å hengt på den svarte veggen i uterommet, visste eg straks kva eg skulle laga av dei.



 
 
Du treng:
Perlemorskjell
Fiskesen
Ein pinne av eit slag. Eg har brukt drivved.
Lag hull i skjella med ei kvass saks el. syl. Eg laga 6 rekker med 11 skjell på kvar snor. Her må ein berre sjå korleis det passar med høgd og kor tett du vil ha det.
Rester seier seg vel sjølv.
Det som kanskje kan var mest utfordrande , er å få tak i perlemorskjell.
Om du vil ha ein ferdig, kan du bl.a kjøpe det hjå Bohemia og ein mindre variant på Kremmerhuset.
 
 


 
Har fortsatt skjell igjen. Tips til kva eg kan laga av dei?
Lurer lit på lampe, men tips tas gjerne i mot.

søndag 17. juni 2012

DIY/SDS benk


Denne SDSen kan kanskje sjå litt voldsom ut med det sama.
Men eigentleg er den ikkje det.
Når berre materiale var oppkutta i riktig lengder, er resten lett som ein plett.
Kven som helst kan klara det.



Mine benkar er 180x50cm og høgden 41,5.
Eg ville ha den litt låg, då eg skulle ha litt tjukkelse på putene.
Og benken er sjølvsagt laga etter putenes mål. 4x45cm.
Det kan væra lurt å ha i bakhovudet når ein planlegg benkens mål.

Til ein benk treng du:
2x180cm med 2x2" (langside ramme) 
2x50cm 2x2" (kortside ramme)
6x35cm 4x4" (bein)
1 sponplate 240x120x15 kutta opp til benkens størrelse 180x50cm.
4 små vinkler + skruer
lange skruer (skal gå gjennom ramma og et stykke ned i foten.)
maling, svart Shipolin

Eg har brukt impregnerte material (utanom sponplata) berre for å væra på den sikra sida, men det er nødvendig. Smiler du fint, får du god hjelp til kutting der du handler materialet.
Mitt er kjøpt på trelasten til Enkel, snille kollegaer hjalp meg godt på vei ☺

Framgangsmåte:
Planlegg og teikn gjerna ei skisse. Kutt opp i ønska lengder. Hjørnene gjæres. Det gir eit veldig mykje finare og proffare resultat. Plassèr bein i kvart hjørne, mål deg fram til midten og plasser 2 føter på kvar side av midten for ekstra støtte. Så er det berre å skru i vei. Eg skulle nok hatt nokre ekstra stiftar for å festa plata til ramma utanom dei 4 vinklane.



Dette er under plata. Har festa med vinklar. Vil anbefala og festa med nokre ekstra spikrar, eventuelt fleire vinklar enn kva eg har gjort.



Eg har malt min med svart Shipolin som er båtmaling og tåler ein del del. Skal du beise den, bør du ikkje bruka impregnert material, då fargen blir forskjellig frå sponplata som er natur.
Legg merke til hylla over benken. Det er gamle ski som Bondens farfar har laga.
Har òg laga stige tidlegare av det andre paret.


Stripete puter og korg til oliventre frå Tinek og store kvite puter frå IKEA.

Vinen er satt på kjøling. Nokon som er med?
Kom kom ☺

post signature

torsdag 5. januar 2012

SDS Lampe

Lampe dilla som eg har, nå har eg laga enda ein lampe.





Denne er laga av rørepinnar som du får på malerbutikk.
 Kanskje du må spør veeeldig fint når du skal ha så mange..





Dette treng du:
Gamal lampeskjerm(eg fant min på Fretex til 35kroner)
Rørepinnar
Kvit maling
Lampeoppheng
Lim, hurtigtørkande Aralditlim er god.
Og ein god dose toålmodigheit..





Først mala eg alle pinnane, på den sida som det står Jotun, kvite. Deretter er det berre å lime i veg. Brukte nokre dagar på dette, då det er lurt å la den tørke innimellom, gjerne med klesklyper slik at pinnane heng på.. Denne krevde ein heil del meir tålmodigheit enn dei andre eg har laga.
Kor henta eg det i frå monn?!

Det blei nok ein rimeleg og unik lampe.
Skal eigentleg få seg ein runde med drivved beis, men akkurat nå er den natur utanpå.


post signature

onsdag 4. januar 2012

Ein liten SDS teaser..

Kan du gjette kva eg har laga denne gong?




Har visst vore lite blogging her i år. Kanskje det burde vore eit nyttårsforsett?
Å blogge litt meir i tillegg til å bli betre på å svare?
Burde nok det. Det er ikkje det at eg ikkje har lyst.
Men det er den tida..


Godt nyttår kjære du ♥


post signature

fredag 25. november 2011

SDS - Betong-muffin til telys

Har du sitt alt det fina du kan laga av betong? Telysholdar av betong i plastbeger, adventstake i brødform eventuelt liggande melkekartong, smykkeholdar av pinne og betong. Og mykje mykje meir som eg berre ennå ikkje har sitt..




Her er min variant og dette kan du lett laga sjølv. Det du treng er:
- Muffinformer av papir
- "Muffinsteikebrett" (altså sånn brett med hull for muffin. Kva kallar me det då?)
- Mørtelmasse

Bland mørtelen etter anvisning på pakke. Ha i ønsket form. Vær tålmodig mens den tørker og vips den er ferdig!




Nesten som sandkakeformer.

Då er det berre å ønska dykk god helg igjen. Vekene fyk som vanleg..

post signature

fredag 11. november 2011

SDS - Lykt

Eg har Skapt Det Sjølv igjen.
Denne gong ei lykt laga av store ispinnar, syltetøyglass og lim.
Klippa av den eine enden slik at den blei rett på toppen i staden for bua, slik som i botn. Fort gjort i ein fei!






Akkurat nå er den naturell. Kanskje blir den beisa med drivved-beis ein dag?!




Har mala ein vegg i stova og sett opp ein ny lampe. Det blei så fint. Gler meg til å visa dykk!

Fortsatt fin helg til deg som er innom ♥


post signature

fredag 21. oktober 2011

SDS - Telyslykt

Telyslykter

Du treng:
Silkepapir i ønska farge
Hyssing
Små glass (eg har brukt barnemiddagsglass)
2 ledige minutt..






Dei gjer eitt overraskande fint lys.
God helg til deg som er innom og takk for besøket!
I morgon er det teater på Sola. Hakkebakkeskogen.
Glede for store og små!


post signature

søndag 2. oktober 2011

Beste tips i Boligpluss!

Kanskje hugsar du denne lampa som eg laga i sommar? Kun av litt drivved, ein lampe eg hadde liggande på boden og patentband.







Denne sendte eg inn til Boligpluss og jammen blei den Beste tips denne månadens utgåve.




Fekk ein veldig fin premie i posten for nokre dagar sidan. Skal knipsa nokre bileter av den ein dag.

Wow - for nokre fine dagar me har hatt med sommartemperatur betre enn i sommar. I går var me ein gjeng på stranda i fleire timar. Nokre ungar bada og dei leika i sanden og sjøen i bare shorts. 1.oktober!


post signature

søndag 25. september 2011

SDS - Pute

Stovefornyinga mi held fram. Nå med 3 nye puter i den andre sofaen som òg er blitt kvit igjen.
Synest i grunn at det var litt for gale at eg ikkje hadde laga ei einaste av dei sjølv. Eg som elskar å drive med Skap Det Sjølv-prosjekt. Det måtte eg gjera noko med. Denne svarte puta hadde eg allereie planar med når eg kjøpte den. 99,- på Åhlens.



Før..



Utallige sting, 47 knappar og nokre timar seinare, ser puta slik ut. 1 knapp til overs. Flaks!
Perlemor knappar. Perlemor, Hanne!
Kan vel ikkje akkurat påstå at denne blei så rimeleg, knappane kosta ein del meir enn puta. Men putt sann, den blei jo så fin!



..etter.



Æsj, dei kom ikkje godt fram her, men perlemor-knappar er veldig fint. Liknar veldig på desse skjella i skjellampane. Er det det som er brukt i dei òg kanskje?!
Eg får visa dykk eitt betre bilete ein anna dag. Eller så får dykk komma på besøk å sjå ☺



Kveldssteming i sofakroken.


I dag har ungane og eg vore i koseleg selskap i byen, Randaberg. Sjå bestaste AM ♥ og den fine familien hennar. Masse god mat og kaker, fine ungar og folk. Trur Frida drøymer om W i natt. Og Jonah om fotballskule og E. Bursdagsguten solte seg i glansen og hadde ikkje tid til å sova når huset var fullt av folk. Herlige guten!

Eg må jo berre sei kor stolt eg er over den litla jenta mi på 20 mnd som har begynt å tissa og.. eeh..bommelomma på potta i helga. Opp til fleire gonger. Eg øyner håp om bleiefritt hus. Jada, det blir nok ei heeil stund til, men eg ser lys i tunnelen ;)


post signature