Viser innlegg med etiketten Utemiljø. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Utemiljø. Vis alle innlegg

mandag 11. mars 2013

Sanselig Rom - Uterom


Litt reprise frå fjorårets uterom. Den eine benken har jo som du sikkert har fått med deg fått flytta inn i spisestova. Den må nok ut igjen når været blir varmare og terrassen brukande igjen. I mellomtida var det kjekt med litt forandring.
Ingen tvil om at forandring fryder.



Her kan du sjå andre inspirerande uterom.






post signature

tirsdag 10. juli 2012

NIBs juliutfordring - Friminutt

Kva gir deg eit etterlengta friminutt?
Det kan jo væra så mangt; ein kvil, jentekveld(eller endå betre; jentetur), ein dag utan planar..
NIB jentene vil sjå kva som er friminutt for meg.
Kva andre legg i friminutt kan du sjå her.


 
Nokre timar på stranda med ein drink, strawberry daiquiry.
Det blei ein driver, ettersom det tross alt var dagtid ;-)
Kanskje ikkje alle ser på dette som friminutt då det er innpåslitne kyr
 som òg er ute etter å kjøla seg ned på stranda..
Dei var litt forvetne i starten, men nå dei fann ut at det var lite å henta vandra dei vidare.
Men rolege og heilt ufarlege er dei.

 

 
Strawberry daiquiry drinkmixen fann eg på Spar Hjelmeland.
Den bør prøvas. Skikkelig god med knust is. Oppskrift på både driver og "vanleg" står bakpå.




Eit lite friminutt i hagen er heller ikkje å forakta. Happy Lights Snowballs frå Nord Design.
Nord Design finn du òg på facebook.



 
Det siste her måtte eg berre ha med då det var litt artig.
Mamma Mø treng kanskje òg eit friminutt.
I-siste-liten-Hilde glimtar til og hiv seg med i utfordringa maaange timar før fristen er gått ut.
☺
post signature

søndag 17. juni 2012

DIY/SDS benk


Denne SDSen kan kanskje sjå litt voldsom ut med det sama.
Men eigentleg er den ikkje det.
Når berre materiale var oppkutta i riktig lengder, er resten lett som ein plett.
Kven som helst kan klara det.



Mine benkar er 180x50cm og høgden 41,5.
Eg ville ha den litt låg, då eg skulle ha litt tjukkelse på putene.
Og benken er sjølvsagt laga etter putenes mål. 4x45cm.
Det kan væra lurt å ha i bakhovudet når ein planlegg benkens mål.

Til ein benk treng du:
2x180cm med 2x2" (langside ramme) 
2x50cm 2x2" (kortside ramme)
6x35cm 4x4" (bein)
1 sponplate 240x120x15 kutta opp til benkens størrelse 180x50cm.
4 små vinkler + skruer
lange skruer (skal gå gjennom ramma og et stykke ned i foten.)
maling, svart Shipolin

Eg har brukt impregnerte material (utanom sponplata) berre for å væra på den sikra sida, men det er nødvendig. Smiler du fint, får du god hjelp til kutting der du handler materialet.
Mitt er kjøpt på trelasten til Enkel, snille kollegaer hjalp meg godt på vei ☺

Framgangsmåte:
Planlegg og teikn gjerna ei skisse. Kutt opp i ønska lengder. Hjørnene gjæres. Det gir eit veldig mykje finare og proffare resultat. Plassèr bein i kvart hjørne, mål deg fram til midten og plasser 2 føter på kvar side av midten for ekstra støtte. Så er det berre å skru i vei. Eg skulle nok hatt nokre ekstra stiftar for å festa plata til ramma utanom dei 4 vinklane.



Dette er under plata. Har festa med vinklar. Vil anbefala og festa med nokre ekstra spikrar, eventuelt fleire vinklar enn kva eg har gjort.



Eg har malt min med svart Shipolin som er båtmaling og tåler ein del del. Skal du beise den, bør du ikkje bruka impregnert material, då fargen blir forskjellig frå sponplata som er natur.
Legg merke til hylla over benken. Det er gamle ski som Bondens farfar har laga.
Har òg laga stige tidlegare av det andre paret.


Stripete puter og korg til oliventre frå Tinek og store kvite puter frå IKEA.

Vinen er satt på kjøling. Nokon som er med?
Kom kom ☺

post signature

fredag 8. juni 2012

NIB utfordring juni - Hage/uteplass

Eg er som vanleg ute i siste liten og må berre hiva inn detta innlegget. Planen har lenge vore klar, men det har altså ikkje vore ferdig styla før i dag.
Hjå NIB kan du få masse inspirasjon til uteplass/hage.

 

Heimasnekra møbler av fruen sjølv.
Skal gå nærmare inn på det ein dag om du vil.



Nye puter frå Tinek kom "i hus" i går.
Bestilt hjå Bohemia.



Uroen som skal bli lampe inne, har lenge stått på ønskelista. Då me var på kundekveld ifbm bloggtreffet sist veke, var eg snar med å kapra meg ein.

 
post signature

fredag 26. august 2011

Krambulemmen

På Krambulemmen kan du eta god heimalaga tradisjonsmat på sommaren. Dei held til på Randøy.
Det er så koseleg utanfor (ja, eigentleg inni òg) at eg synest dykk skulle få sjå litt av det.




Nede til venstre ser du Frida og bonden som står å ser etter geitene som beitar rett oppføre.




Eg spring frå Bergans til Skogstad til Kari Traa til Adidas til Fjellreven på Hellerudsletta og har så absolutt eigentleg ikkje tid til å blogga. Då er det jammen godt eg har laga innlegga klare før helga ;)

Fortsatt fin helg til deg som er innom!

post signature