Viser innlegg med etiketten Nips. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nips. Vis alle innlegg

fredag 8. februar 2013

NIBs februar utfordring - Tid for kontraster

 
Kontraster kan jo væra så mangt.
Den største her i huset er definitivt kontrasten gammalt mot nytt.
Denne gong har eg rett og slett plukka med meg nokre litt forskjellige ting som står i stova og laga eit stilleben mot tavleveggen på kjøkken.
 
 
 
 
Eg er ikkje veldig fan av duppedingser som ein berre må ha, men som ikkje akkurat tar seg bra ut i interiøret. Varmepumper f.eks.? Genialt er det, men lite dekorativt der dei ruvar på den kanskje mest synlege plassen. Skal me nokon gong ha det (ja, for eg kunne jo tenkt meg det på kalde vintermorniger og varme sommardagar..), skal me iallefall ha ein som er litt fin å sjå til.
Genialt at radio og anlegg kan ta seg bra ut. Genevaen får så absolutt væra ein del av interiøret og tar seg rektig så bra ut blandt stilleben. Ekstra fin er den mot tre, som denne kassen. 
 



Betong
Messing
Glass
Plast
Tre
Svart
Kvitt
 
Dette er mitt bidrag. Fleire kan du fine her.
Sjekk ut premien - HOLY MALONEY!
 
post signature
 

onsdag 14. november 2012

Medisin og melk

 
Svigers har rydda i kjellaren i haust og desse kjekke flaskene dukka opp.


 

Den til høgre er medisinflaske og dei to til venstre er melkeflasker.
Har sikkert sett på dei før og ikkje hatt lyst på dei då.
Ting endrar fort..
 
 

 
 God kveld til deg!
 
 

onsdag 4. april 2012

God påske






Himalaga påskeegg frå En rød knapp.



HK Living skjærefjøl, sink korg er òg frå En rød knapp.
Og påskeliljer plukka av ungane rett frå mors hage ♥



post signature

tirsdag 4. oktober 2011

Aksel barstol og boligstyling

Desse dagane held eg på med boligstyling av ein heilt ny bolig/fritidsbolig på Randøy som kjem for salg om kun få dagar. I dag har eg tatt bileter av stove og kjøkken. Resten skal eg ta bilete av de neste dagane. Eg er veldig heldig å få god hjelp til utlån av møbler og diverse. Det er ikkje mange som gjer det, men her inne er det ingen problem. Eg er så vanvittig fornøyd med fantastisk service hjå Møbelringen Jørpeland, Aksel Hansson og En rød knapp. Tusen tusen takk!!


Barstolane her er frå Aksel Hansson.

Jærstolen Aksel lervers i diverse treslag og fargar. Ubehandla eller behandla, tilpassa ønske, behov og bruksområde. Setetrekk i tradisjonelt, fletta sjøgras, skinn, spesialbehandla papir eller stoff etter eget ønske.  Fås i gyngestol, barstol, stol med og uten armlen, høg rygg, låg rygg, barnestol.




Snille Tove på En rød knapp har masse fint i butikken. Litt nytt er allereie komt og endå meir kjem nå i oktober. Alltid hyggeleg å koma innom her.




Skal visa meir frå boligen de neste dagane, inn i mellom styling og møblering. Visning på søndag. Spanande!

Gratulera med dagen til Anna-mi☺

post signature

torsdag 25. august 2011

Kloke ord..

..frå Pippi.

Har sansen for desse optimistiske orda og ekstra gøy er det at dei er frå Pippi. Har eigentleg tenkt at eg skulle laga ein wallsticker, men det har aldri blitt med det. Derfor blei det gjort på denna måten i staden. Og faktisk blei det litt stilig. Gamal ramme som er spraya med kvit blank Quick Spraylakk.




Har spraya ein del med den matte kvite spraylakken til Quick i det sista. Og den gir eit skikkelig fint resultat. Om du ikkje har prøvd den, så bør du rett å slett gjer det. Finn deg ein messingstake eller noko anna du synest har feil farge og spray i vei. Me har den forresten på Enkel-butikken ;)

Nå er det avgårde til Oslo. Dessverre ikkje Interiørmessa, men Mx-Sport messa. Synd at det kræsjar.. Men kaanskje neste gong klare eg å kombinera.
Reknar med eg får sjå litt bileter rundt forbi etter helga ☺

Gratulera så mykje til M og TJ med nok ei nydeleg prinsessa. Gler meg til å helsa på!

post signature

tirsdag 3. mai 2011

Eit ørlite livsteikn og hint..

Jada, dagane går.. men eg er her, berre ikkje så synleg som eg kunne ønskja.
Skal koma sterkare tilbake nå som eg får litt betre tid ettersom ungane
 har fått ein dag ekstra i barnehagen. Me har enno torsdagen fri i lag,
det er herleg!!

Her kjem eit lite hint på noko av det eg driv med akkurat nå.
Det kjem fleire bileter når eg er heilt ferdig.




Alt nips kjem frå Møbelringen Jørpeland.
Takk for kjempe god service!



På fredag reiser me til Aberdeen med kollegane mine med følge.
Gleeer meg!

Før det skal eg nok få til eit innlegg til, det er jo ny utfordring på NIB.
Denne gong er det festbord som skal visas fram.
Då passa det jo fint at det var min tur med forening med byjentene i morgon.
♥


post signature