Siste dag av 2011 er her og akkurat på årets siste dag, runda eg 100.000 besøkande.
Hurra!
Det skal feiras med god middag og gode vener, pakkelek og raketter.
Ein anna dag skal dykk få bli med å feira med ein gje-bort.
Her er bordet dekka til fest igjen.
I år som i fjor, feire me både jul og nyttår hjå oss.
Det passa best slik i år.
Tusen tusen takk til alle dykk sm har besøkt meg i år og lagt igjen koselege kommentarar. Set stor pris på kvar og ein, sjølv om eg ikkje har vore like flink å svara alle.
Og tusen takk for alle fine blogge-venninnene eg har fått i år.
Gler meg til å treffe dykk igjen og forhåpentlegvis mange fleire.
Dykk er fantastiske herlige jenter! ♥
Godt nyttår alle saman.