Forrige veke hadde eg forening. Og det er koseleg som alltid.
I mangel på fantasi og ettersom det var lenge sidan sist eg serverte denne desserten igjen.
Ein kald, søt og sur dessert. Perfekt for denne årstida me nærmar oss nå.
Om du ikkje syns det ser så innbydande ut. Prøv likavel.
Sjokolade Marquise med pasjonsfruktsaus
250 gr mørk sjokolade (gjerna 70%)
175 gr usalta smør (eg likar best med salt)
100 gr melis
5 eggeplommer
5 eggekviter
Smelt smør og sjokolade i vannbad. Bland melis med eggeplommene. Stivpisk eggekviten. Vend eggeplommeblandinga inn i sjokoladen med ein slikkepott. Vend inn eggekviten.
Hell i form, 24 cm, og frys 2-3 timar.
250 gr kvit sjokolade
1 dl H-melk
65 gr usalta smør
1 stk halv eggeplomme
Del sjokoladen i små bitar. Varm opp melk og smør og hell over den kvite sjokoladen. Rør inn eggeplomma, visp for hånd. Fryses over den mørke sjokoladen.
Tas ut av frysa 15 min før servering. Den kvite sjokoladen smeltar veldig fort.
Siste gong nå laga eg eit par i form, det er kanskje vel så fint og enkelt. Eg fekk den nemleg ikkje så fin denne gong då det smelta så veldig fort.
Pasjonsfruktsaus
Til ein person reknar du ca 1/2 - 1 pasjonsfrukt. Ta ut innholdet og kok det lett opp i lag med litt appelsinjuice (har eg ikkje juice, brukar eg berre vatn). Avkjøl og servèr.
Det går òg fint an å servèra den som den er.
Pasjonsfrukt er perfekt attåt denne søte desserten.
Surt og søtt. Mmm...