Eg har òg framkalla eit bilete av gromkua, men det har ikkje komt på veggen ennå. Hadde tenkt å henge det i stova, men synest det blei for mykje der det først var tenkt. Difor tenkte eg hadde det kunne henge i trappa, men det synest ikkje Bonden noko om. Då hadde han plutseleg noko han skulle ha sagt om interiøret. Som han ellers sjeldan har ei meining om. Det er jo tross alt gromkua..
Me møttes på halvveien. Det skal henge i gongen.
Så var ei ny veke i gong. Og denne veka byrjar desember. På onsdag er det bloggtreff sjå finaste Martha.
Gler meg til å treffe dei herlige bloggejentene igjen ♥