Har berre vist dykk litt frå rommet til Frida før.
Nå som
NIB har ein utfordring som går ut på å visa fargar,
blei eg inspirert til å visa dykk meir.
I hovedetasjen er det ikkje veldig mykje fargar.
Det går for det meste i kvitt, grått, tre og nå meir og meir svart.
Då senga til Frida skule få ny farge, var eg inne på tanken om
lilla,rosa, grønn (sjølvsagt) eller kvit seng. Valget falt til slutt på svart.
Til stor overraskelse for mange.
Men sjå berre her kor tøft det blei. Kjempe fin kontrast til det rosa og søte.
Er ikkje svart ein kjempe fin kontrast til fargane vel?
Vogga hadde eg då eg va liten. Den blei mala gul i går.
Og det blei så tøft til sengetøyet som me kjøpte på Sprell i Oslo då me var på besøk hjå Faster og onkel Lars (eller faster Lars som Frida seie) før jul.
Eg synest det er fint å ha det fargerikt og lekent i loftetasjen der ungane held til og ha det litt rolegare med lite fargar i hovedetasjen. Likar så godt begge deler.
Eg er jo eigentleg ganske glad i sterke fargar.