Kjem det nok lopper? Eller for mykje? For lite "gjester"? For lite dugnadshjelp? For mykje skrot til slutt?
Aner overhodet ikkje. Men det er veldig mykje snakk om det og det lover bra. Og det er ikkje anna enn å prøva så veit eg litt meir til eventuelt neste år. Har du lopper det berre å ta kontakt?

Viser eit bilete frå veggen mellom stove og kjøkken som har blitt litt ny i løpet av helga. Sjølv om dei fleste svara "Meir tapet" på spørsmålet mitt på Instagram og eg nesten hadde bestemt meg for det, kjente eg at nok heller ville ha tapeten med på ein anna måte. Så den skal så absolutt få bli med videre, for eg liker den veldig godt. Det blir morgondagens prosjekt. Det blir meir nytt fram mot fredag. Då får eg nemleg besøk av ein journalist og fotograf. Reportasje i eit interiørmagasin tenk. STAS! Det kriblar i magen som ein unge som gler seg til julafta :-)
Ha ein fortsatt fin og kanskje til og med solrik søndag som her.
- Posted using BlogPress from my iPhone