torsdag 8. desember 2011

Siste frist..

..for å bli med på gje-borten min er i dag. Legg igjen ein kommentar her.






Bli nå i det minsta med med eitt lodd heilt på tampen ☺


post signature

Sophora Prostrata

Heiter denne planta som er ganske lik Corokia. Var lenge på jakt etter den populære planta, men nå er den visst ikkje lenger å få tak i. Sesong slutt.




Men dei kjekke jentene på Blomsterhjørna på Hjelmeland kunne fortella at denne var ganske lik og bestilte den ekstra inn for meg. For ein service. Takk! Den manglar berre sølvfargen. Og om ein absolutt skal ha det, er det vel berre å spraye den litt?! Det kjem eg sikkert til å gjere når den visnar.




Ja, for det kjem den til å gjera....  Synest den er vel så fin med grønne blad eg. Og lekker i Tine K potta som har stått ganske einsam ei stund.

Nå er det fredag og helg - igjen. Eg skal på julehandel i byen og overnatting hjå bestaste Tove

post signature

Bloggtreff ♥

Førre onsdag var me invitert til finaste Martha. Mange kjekke og sprudlande jenter, som er lett å bli glad i, møtte opp. Skravlinga går i ett, heilt til eg plutselig må gå for å rekke den forbaska ferja. Faktisk måtte Silje gå før meg pga ei anna ferja. Og ja, eg rakk ferja denne gong..


Fina Dina som er glad i mandarina ;-)





Frå venstre har me Annfrid frå Egersund med Min glede, Lisette med Lisettes perler sit med ryggen til, litt gøymt bak hu har me Linnea med Tre to en, Tonje med Dagdrømmeren, Kristin med Kissamelissa/Tante Kissa og Torbjørg med Torbjørg i Stavanger.





Tok visst ikkje så mange bileter denne kveld. Gløymer det ut når ein sit å skravlar.



Frå venstre her sit Eli med bloggen Frøken Fryd, Silje med Siljes blogg kom heilt frå Haugesund, May Helen med KROnPRINSESSENE, Cathrine med Cathrines hjerterom(sitt i ro neste gong, Frøken), Hilde med Hildemor og vertinna sjølv Martha med Marthas lille boble.

Gler meg allereie til neste gong!


post signature

tirsdag 6. desember 2011

Vinn førjulsgåve hjå STUDIO






Kvar søndag frem til julaften, deler STUDIO ut førjulsgåver til leserne.  Du kan delta i konkurransen ved å gå inn her. Kvifor ein er din favoritt?! Sjølv om eg likar veeldig godt den blågrønne, går eg nok for den kvite.


post signature

søndag 4. desember 2011

NIBs desemberutfordring - Jul i vårt hus

Ny månad og ny utfordring på NIB. Temaet er som i fjor, Jul i vårt hus. Artig å sjå korleis jula er rundt forbi. Her har eg så vidt pynta litt til jul, men det var jammen ikkje mykje som fekk lov å komma fram i år. Det meste av julepynten eg har, er visst til å henge på juletre og andre kvister.




Her er mitt bidrag. Synd at ikkje by nord-pynten som heng på kvisten ikkje kom betre fram.




Elsker desse julekulene som eg kjøpte på julemessa på Fister.



Fleire bidrag kan du sjå her.

post signature

fredag 2. desember 2011

En rød knapp

Eg er titt innom butikken En rød knapp som ligg på Tau i Ryfylke. Veldig koseleg, berre så synd at eg alltid skal rekke den ferja.
Nå har dei starta nettbutikk.
Her kjem eit lite knippe bileter som eg tok på onsdag.

















Arne og Carlos julekulene er 100% heimalaga


Har du sett deg ut noko du har lyst på?
Det har iallfall eg. Må definitivt innom igjen ein dag.

Over helga blir det endå ein gje-bort, denne gong i samarbeid med En rød knapp.

God helg til deg som er innom - i kveld er det lokal revy på Hjelmeland.
Gler meg til å sjå dei flinke som skal underholda oss!

post signature