søndag 23. september 2012

Blogg som inspirerer meg

Tenkte å vise dykk ein blogg som inspirere meg veldig mykje for tida.
Det varierer litt kven som inspirerer meg mest, alt etter kva planar eg har for huset.
Elin med bloggen Draumesider har ein heim som eg lett kunne ha flytta rett inn i.
Veldig detaljerikt og gjennomført.
Eg blir heilt oppslukt i bileta og bloggen hennar.
Reknar med nokon kjenner seg igjen, mens andre sikkert ristar på hovudet av dette;
men kanskje kjenner du det kribler i både mage og fingrer med å komma i gong med prosjekt etter å ha besøkt ein blogg og tenkt "Sånn! Akkurat sånn skal eg ha det."
Og akkurat sånn er det eg har det etter ha besøkt Elin.
Sjå berre her kva hu har å tilby.
 
 
 
 
Her boblar det over av ting eg vil gjer med kontor, gong og loftstova, som for det meste er ungane si. Det er berre snakk om litt omøblering og male ting eg allereie har liggande.
Enkle ting, men som skal gjer ein stor forskjell.
Til og med boda har fått seg ein runde, kun rydding då. Tenk at det kan følas så godt å sitta oppe i stova å veta at boda nede er ryddig. Ja, bad skal òg tas ein gong, men det er straks meir omfattande og må involvera både meir penger og folk.

Håpar dykk har hatt ei fin helg.
Her har det vore strålande vær. Sol og vindstille. Sjeldan rett og slett.
Herlig å få gjort litt ute. Det er leenge sidan plenen har blitt klyppa f.eks.
 






onsdag 19. september 2012

Bryllaup på naustet


 
I august var med i årets fjerde og siste bryllup.
3 av bryllupa blei feira i gamle løer som er bygd om til flotte og veldig forskjellige lokaler og 1 i naust heima på garden til brudeparet.
 
4 romantiske og flotte bryllup.
4 nydelige bruder.
4 kjekke brudgomar.
Og ein heil bråte med festlige gjester.
 
 
 
 
Denne bruden veit å bruke detaljer og det var veldig koselig og gjennomført på naustet.
Veldig henne.
Ja, er det ikkje slik at det helst gjenspeiler bruden?!
Det er nå ein gong slik at det er bruden som planlegg bryllupet.
Brudgomen møter opp på dagen.
Ok, nå skal eg ikkje greia alle under ein kam. Dei fleste bidrar nok litt.
Bitte litt ;-)
Men så er det nok og sånn at me aller helst vil ha kontrollen sjølv og ikkje slepp han til.
 

 
 
Nok om det, tilbake til denne bruden og dette bryllupet.
 
 


 
 
Brødrene af Sand tok nokre av gjestene heim til garden.
Her vinkar brudeparet og flottaste brudesvennen heim.
Huset ligg eit steinkast frå brygga.
Har sagt det før og seier det igjen - for ei perla dei har her!
 

 
 
Forloverens svigermor har hekla dette til brudeparet
H ♥ H
11.08.2012Gjorde seg godt som pynt og veldig fin kontrast til veggen.
 
 
 
 
 
 
Nydelige brud.
Søskenbarnet mitt ♥
 
 
 
 
 

 
Herleg med nytt kamera altså.
Gjekk til innkjøp av Nikon D7000 i sommar og er kjempe nøgd.
Kunne ikkje ta bilete i mørket med det forrige.
Sjølv om desse er litt kornete, er dei alikavel hundre gonger betre.


 
 
 
Fantastisk fyrverkeri blei ei fin avslutning på feiringa.
Takk for ein fantastisk dag.
♥
 

post signature



fredag 14. september 2012

Sukkertøy for øyet-gje bort.


Dette hadde passa meg midt i blinken å vinna nå som eg driv å planlegg litt Sukkertøy-stemning på loftstova der ungane held til.




Kan jo ikkje anna enn å prøv lykka med full pott på denn gje-borten.



Vil du prøva lykka, bør du gå innom Ida Susanne.
Med 10 lodd håpar eg på pakke i posten om ikkje lenge ;-)

God helg!
♥




søndag 9. september 2012

Heima hjå..

.. svigerinne og Svoger i Oslo.
 
Dei bur i eit nytt og fint vertikaltdelt bolig. Begge to har sans for design og trur nok herren i huset har like mykje han skulle ha sagt når ein kjem til interiøret. Og jammen har me ikkje same smak når det gjeld bileter ;-)
 
 





Drømmelampen fekk hu til slutt. Grei mann ;-)










Takk for teltplass - me kjem forhåpentlegvis snart igjen.
Og me gler oss stort til bryllup om 1 år ♥
 

post signature

fredag 7. september 2012

NIB utfordring september: Inviter

 
Denne månadens NIB utfordring heiter Inviter.
Det er haust og i går kveld piska regnet på ruta. Heilt greit det regnar frå seg, så får me fint vær på laurdag. Det ser meir og meir lovande ut for kvar dag.
 


 
 
Eg inviterte Bonden på kvelds. Dekka bordet som kun blir dekka ved større anledningar. Kremet kantarellsuppa med ein dæsj rømme, ein dæsj tyttebær og sprøsteikt kantarell.
Fyr i peisen, kun oss to, levande lys. Passa ypperleg ein sur haustkveld. 
 

 
 
Eg juksa litt. Bileta tok eg då Bonden var i fjoset og ungane sprang rundt og svigers satt i sofaen.
I tillegg dekka eg på til 2 ekstra her.
Men oppdekkinga blei iallefall brukt. ;-)
 
Måtte ta med det siste biletet òg her for å visa dei artige serviettane eg fann i ferien.


post signature

onsdag 5. september 2012

Årets gjesteutstiller:


DoyDoy og Tiralla.

Til helga er det igjen tid for Norsk frukt og laksefest på Hjelmeland.
Eg er med for 2.år på rad. Som utstillingskoordinator i Spinneriet og ansvarleg for laurdagskvelden.
Litt meir erfaren og tryggare enn i fjor.
I spinneriet har det vore stor pågang og det er meir enn fullt. Både nye og gamle - eg er like glad for begge deler.
Årets gjesteutstillar kom eg tilfeldigvis over på Instagram tidleg i sommar, eg var då ikkje i tvil om at dei måtte eg ha. Og søstrene Elise og Martine var snare med å svare ja.
Det er eg veldig glad for.
Dei har butikk på Epla og facebook sida.
Kanskje har du sett dei på Nytorget i Stavanger mellom 10-15 ein laurdag?!

Sjå berre her kva fint dei har:


 



 








 
Fredag er det konsert med Didrik Solli-Tangen i Hjelmeland Kyrkje. Og laurdagskveld er det Vågadans der me startar med Stand-up show med Hans Morten Hansen, Andrè Jerman og Tommy Steine og avsluttar med skikkelig dansegalla med PK og dansefolket.
Det går gratis buss tur-retur Tau og innom Fister. Og gratis skyssbåt til Skiftun og eventuelt Ombo om det skal væra aktuelt på natta.
 

post signature