søndag 21. oktober 2012

Ny krok

Blogger frå iPhonen i dag. Då tida ikkje strekk heilt til om dagen. Er midt inni 2-3 travle veker. Til helga arrangerer eg loppemarked på Hjelmeland Samfunnshus. Veldig spanande då eg aldri har gjort det før og det er veeeldig mange år sidan det har vore det her.
Kjem det nok lopper? Eller for mykje? For lite "gjester"? For lite dugnadshjelp? For mykje skrot til slutt?
Aner overhodet ikkje. Men det er veldig mykje snakk om det og det lover bra. Og det er ikkje anna enn å prøva så veit eg litt meir til eventuelt neste år. Har du lopper det berre å ta kontakt?




Viser eit bilete frå veggen mellom stove og kjøkken som har blitt litt ny i løpet av helga. Sjølv om dei fleste svara "Meir tapet" på spørsmålet mitt på Instagram og eg nesten hadde bestemt meg for det, kjente eg at nok heller ville ha tapeten med på ein anna måte. Så den skal så absolutt få bli med videre, for eg liker den veldig godt. Det blir morgondagens prosjekt. Det blir meir nytt fram mot fredag. Då får eg nemleg besøk av ein journalist og fotograf. Reportasje i eit interiørmagasin tenk. STAS! Det kriblar i magen som ein unge som gler seg til julafta :-)

Ha ein fortsatt fin og kanskje til og med solrik søndag som her.

- Posted using BlogPress from my iPhone

fredag 12. oktober 2012

DIY - Peace

Tenk hadde det berre fantes ein enkel DIY for litt fred i heimen.
hoho.
Ja, for ungane veit virkelig å krangla og plaga kvarandre, men kan heldigvis og væra bestevenner og det er ein fryd å sjå og høyra. Og då er det berre å nyte dei øyeblikka og gløyme(!) dei andre..
OK, skal ikkje skulda på ungane for at ikkje alltid er fred. Bonden og fruen kan det sjølvsagt òg.
*giisp*
Sa eg det høgt?!
 
 
 
 
Anyway. Her er det du treng:
Ramme
Ark
Lim
Blyant
Paljetter eller glitter i ønska farge
Eg har alltid likt gull, men har hatt ein kort periode utan dei siste 2-3 åra.
Nå snik det seg sakte men sikkert inn litt gull igjen. Derfor måtte det bli gullpaljetter her.
Teikn først eit peace-teikn på arket. Smør så må litt lim på streken. Smal eller brei, alt etter ønsket.
Dryss over paljetter så er det berre å vente på tørking.
Før du rammer det inn er det lurt å riste litt forsiktig slik at lause paljetter dett av.
 
 
 
 
Her er det berre fantasien som sett begrensingar.
Kva med ein bokstav? Lite ordtak eller nokre fine ord?
 
Nå er det helg igjen. Rart etter å allereie hatt ei helg på hytta. Me hadde avløysar nå i veka og ikkje å helga, og då er det berre å benytta sjansen.
Me hadde med oss gode venner av både store og små og kosa oss i nydeleg haustvær som eg virkelig håpar me får mykje av framover.
Lov å håpa ☺
I morgon er det Pippi teater på Sola og Faster kjem heim.
Hurra!
 
 

søndag 7. oktober 2012

Triple choclate slice




 
 
Oppskrift:
 
250 g Oreo kjeks
325 g mørk sjokolade 70 %
200 g usaltet smør
3 egg
3 eggeplommer
100 g sukker
1 ss. kakao
 
Legg Oreo kjeks i ei lita langpanne som er 19 x 30 cm stor, slik at det dekker nesten heile forma.
Smelt så smør og sjokolade over eit vannbad.
Hell sukker, egg og eggeplommer i ei mikserbolla og miks dette på høg hastighet heilt til røra har blitt fluffy og kremete. Tilsett så den varme sjokoladeblandinga og rør det godt saman. Hell røra over i forma der Oreo kjeksane ligg.
Sett forma i ein forvarma ovn på 160 grader i cirka 25 minutter.
La den avkjølas i 15 minutt før den settes kaldt i kjøleskapet i cirka 1 time.
Strø over litt 100 % kakao og skjær den i passande store biter.
Steg for steg får du hjå Passion 4 baking. Her finn du oppskrift på akkurat den kaka du måtte ønska.
 
Ettersom den er ganske saftig og litt fondant aktig er det like god og lettere å skjæra i dagen etterpå. Serveres med is og bær.
Tips: Om du syns mørk sjokolade er for mektig, kan du bytte ut litt eller alt med lys sjokolade.
Eg har prøvd begge deler.
 
Ha ein fortsatt fin søndag.
Nå blir det litt ansiktsmaling her i huset.
 
 
 


onsdag 3. oktober 2012

Bryllaup - Rosa og romantisk


Nok eit bryllaupsinnlegg her. Dykk blir vel ikkje leie?
Neei, me blir vel aldri lei av bryllaup?!
Ikkje eg iallfall. Eg elskar bryllaup ;-)
Eg skal både forhåpentlegvis og dessverre ikkje gifte meg igjen.
Tenk å få oppleva akkurat den dagen igjen.
Hadde gjort nokre ting annleis nå, men slik vil det alltid væra.
Eg er nøgd med dagen og akkurat då var det slik eg ville ha det.



 Denne gong er det eit vennepar her på Fister som gifta seg.
Sommaren for 11 år si var det 4 kameratar som fant "sin blivende fru".
Alle 4 para har gifta seg på årsdagen sin.
Me er eit av dei.
Forlovaren til bruden her er og eit av dei, og brudgomens søster den 4.

 


Nydelig brud og forlover.
Gode venninner begge to
♥

 

 
Her feira me òg bryllaupet vårt for 4 år sidan.
Då såg det ikkje slik ut.
Denne bruden har klart å gjer lokalet, som er mest brukt her inne, til sitt heilt eget.
Runde bord og stolar med kvitt trekk er leigt inn for anledningen.

 








Gorgeous!
Takk for ei fantastisk feiring
♥

fredag 28. september 2012

Kanskje har du sitt..


..desse bileta i avisa i det siste?

For ein god månad sidan, rett etter at eg vann NIBs august utfordring, blei eg kontakta av ein journalist som ville gjer eit intervju med dei 5 ledande (!) interiørbloggerne i Norge.
Eg sa det ikkje akkurat slik, men dette var akkurat det eg tenkte: 
"DÅ har du nok ringt feil!".
Ja, for det er eg jo så absolutt ikkje ;-)
Men det var uansett aktuelt, ettersom eg nettopp hadde vunne denne konkurransen.
Veldig kjekt å få bli med dei O store.
Litt endringar blei det i artikkelen, så det blei dermed berre 3 bloggere.

Solveig i NIB, Rina og lille meg.


Det har allereie vore på trykk i fleire aviser og på nett. Det er jo sjølvsagt litt stas å høyra at nokon har sett meg både her og der.  Og det gir ekstra motivasjon til å bli flinkare å blogga. I sommar har eg ikkje vore flink. Eg tok rett og slett lang bloggferie med nokre få innlegg innimellom. Ettersom det jo står i artikkelen at eg prøver å blogge 3-4 gonger i veka, skal eg virkelig gjere mitt for at det blir det framover. Eg har nokre rom som skal endras og ferdigstillas i nærmaste framtid. Får jo tross alt stortslått besøk om ikkje lenge. Berre vent å sjå. Skal nok gje deg eit lite hint etterkvart ;-)

I dag er det og ei side om bloggen og meg i lokalavisa Strandbuen.
Dette er ein litt anna, men liknande artikkel.




God helg til deg som er innom.
I helga er det stor Interiørmesse i Bergen. Gjett om eg er sjuk av
 misunnelse på alle som skal der. Håpar dykk får det knall kjekt og eg gler meg til å sjå bileter. Følger spent med på Instagram på jevnlige oppdateringar.
At eg aldri lærer, eg veit jo at når det nærmer seg så treger eg meg i hel på at eg aldri fekk fingen ut å sa ja til romvenninne tilbud og billige flybillettar mens eg kunne. Men det har jo litt med at Bonden òg skal på tur akkurat denne helga. Fotball-guttetur til England. Og ettersom me har brukt så mykje barnevakt i vår og sommar og Frida i tillegg styrer litt på nettene, er det ikkje like kjekt å overlate dei til andre.
Men tusen takk lillesøss - du er god som tilbydde deg ♥

Artikkelen kan du bl.a. lesa her.




søndag 23. september 2012

DIY - Perlemorskjellpynt


Til jul fekk eg ein pakke med perlemorskjell av Svigerinne og Svoger etter at dei var på ferie i bl.a. Filipinene. Perlemorskjell er ein favoritt, men eg har ikkje heilt hatt planar om kva eg skulle gjera med dei. Då eg såg at Tonje hadde kjøpt noko perlemorpynt å hengt på den svarte veggen i uterommet, visste eg straks kva eg skulle laga av dei.



 
 
Du treng:
Perlemorskjell
Fiskesen
Ein pinne av eit slag. Eg har brukt drivved.
Lag hull i skjella med ei kvass saks el. syl. Eg laga 6 rekker med 11 skjell på kvar snor. Her må ein berre sjå korleis det passar med høgd og kor tett du vil ha det.
Rester seier seg vel sjølv.
Det som kanskje kan var mest utfordrande , er å få tak i perlemorskjell.
Om du vil ha ein ferdig, kan du bl.a kjøpe det hjå Bohemia og ein mindre variant på Kremmerhuset.
 
 


 
Har fortsatt skjell igjen. Tips til kva eg kan laga av dei?
Lurer lit på lampe, men tips tas gjerne i mot.