søndag 4. november 2012

Førjulskos på Landstil

Vel heima etter ein latterfull laurdag med festleg og sprudlande lag.
Kl 13 i går satte 47 forventningsfulle interiørfrelste jenter seg på bussen til Moi.
På bussen var det quiz, kåring av av den mest interiørbloggete interiørbloggeren. Eg måtte gi meg som den 3.siste på påstanden om å eige eller drømme om å eige ein Hay eller Eames. Lekre er dei, men drøymer altså ikkje om ein. Men man skal aldri si aldri.
Hildemor stakk av med seieren.
Vidare var det utlodding av premier og det supre er at alle får.
 
 
 
 
Vel framme blei me godt tatt i mot av Tone som driv Den Franske Landstil og nydeleg song.
Shopping. Champagne. Konfekt. Gåver. I tillegg til alt det fine butikken har å by på. Det er ikkje måte på kva desse damene steller i stand for oss.
 
 
 
 
Lille speil på veggen der, er Tonje vakrest i landet her?!
Ja, Tonje er både vakker og tvers gjennom god.
 
 
 
 
Herleg konfekt, boller og flott kake som ingen turde å sprette.

 

 
Køen blir lang når 47 stk skal betala..
 
 
Det blir naturleg nok ein del knipsing på eit bloggtreff.

Også var det tid for gåve utdeling.
Camilla var så heldig å vant et valgfritt antrekk frå Cream. Analiza vant eit industriskap. Mari Ann vann ein genser som du ser under her. Ja, dei er ikkje snaue desse damene.
 
 


Lurer på kor mange rosa poser som var ombord på bussen heim igjen?!
Berre eg hadde visst 3 og då var berre den eine som eg hadde stått for sjølv.
 
 


Elisabeth kom frå Karmøy for å bli med på sitt aller første bloggtreff. Ei gladjenta som er lett å snakka og fjolla i lag med, som eg var så heldig å få sitta med under middagen. Beklager at eg var så vrong å plent skulle stå i den teite køen, men du fekk deg jo brownies så du kunne kosa deg med. Me var i seng like etter.
Håpar me treffes snart igjen. Eg må òg nevna "bordkavaleren" på den andre sida av meg, Vicky. For ei sprudlande frøken. Heldig var me som hadde deg ved bordet og endå heldigare er dei som får ha deg rundt seg i den vanlege kvardagen. Me har mykje å læra av deg.
Håpar du har ein fin kveld. Mafia. hihi.
 
 

 
Karoline samlar signaturar og overrekk gåvekortet til Maia. Etter alt hu har gjort for oss, har hu verkeleg fortjent litt spa behandling.
 
 

 
 
Til slutt må eg visa denna effektive og gode jenta.
Sjølvaste Fabelaktige Maia.
Du er ein fryd å væra med. Allereie nå har hu byrja å planlegga nytt bloggtreff i mai og kanskje til og med med cupcakekurs?! Det høyres kjempe spanande ut. 
Du er suveren!

 
 
 
Igjen - tusen tusen takk til Den Franske Landstil, Maia og alle dei fine frøknene som var med.
Takk for at dykk trimma lattermusklene mine og har gitt meg minner eg skal smila og leva lenge på.
 
Ha ein fin veke kor du enn befinn deg. Nå er eg tilbake og skal blogga litt meir framover. Har blandt anna tatt bilete til NIBs novemberutfordring som kjem i morgon.
 
 

fredag 2. november 2012

Det er i morgon det skjer.

 
 
På bussen, på Den Franske Landstil på Moi, på bussen igjen og i Stavanger.
Det er her det skjer.
I morgon.
Førjulskos.
Heilt sidan mars har Fabelaktige Maia stått på.
Heilt sidan mars har me gleda oss.
Heile 47 stk blir me.
For eit opplegg og for ein gjeng.
 
 
 
 
Mange mange er med å sponser gåver til utlodding og goodiebags.
Landstil er drevet av Tone og Anette, mor og datter. Dei har mykje mykje spanande for oss på lur når me kjem; catwalk, fingermat, champagne, shopping og har til og med litt hemmeligheiter på lur.
Wow!
 
Dette er sponsorne.
 
 
Dette er jentene som er med.
 
 
Bråtan | Renate
ElleMell | Hanne
Tretoen | Linnea
Fabelaktig | Maia
Pink Lady | Tina
Lizas verden|Liza
Byfrua | Veronica
Fargebarn | ElineMellaogmalla | Linda
Bondekåna| Linda
Hildemora | Hilde
Vinkelveien | Lene
Siljes blogg | Silje
Grip Dagen | Marit
Min glede | Annfrid
Camillaeli | Camilla
Vakre dager | Tone
Rom for alt | Penny
House of Bo | Bente
Mrs Hardy | Manuela
Fruehuset | Marianne
Ella og litt til | Elisabeth
LillPastill | Lill Charlotte
Dagdrømmeren | Tonje
Snuskebassa | Liv Astrid
Meaning Moon | Cynthia
Et Levende hjem | Vibeke
Top of the Moon | Kristina
A little bit of me | Michelle
Elisabeths Idyll | Elisabeth
I vinduskarmen | Veronika
Petrus&Petrine | Nann Karin
Jentene i Svingen | Karoline

Mange kjenner eg allereie og mange har eg ikkje truffet.
Nå føler eg at eg har gått glipp av mange treff i haust og difor trur eg at eg gleder meg mest av alle ;-)
Endeleg.
 
Eg og Birgit skal dele hotellrom.
Bønder i byen faktisk.
Hoho.
 
Når det offisielle treffet er over er det mange som skal ut å eta i byen.
Kanskje blir det litt vin og dans òg?
Eg er iallefall klar ;-)



søndag 21. oktober 2012

Ny krok

Blogger frå iPhonen i dag. Då tida ikkje strekk heilt til om dagen. Er midt inni 2-3 travle veker. Til helga arrangerer eg loppemarked på Hjelmeland Samfunnshus. Veldig spanande då eg aldri har gjort det før og det er veeeldig mange år sidan det har vore det her.
Kjem det nok lopper? Eller for mykje? For lite "gjester"? For lite dugnadshjelp? For mykje skrot til slutt?
Aner overhodet ikkje. Men det er veldig mykje snakk om det og det lover bra. Og det er ikkje anna enn å prøva så veit eg litt meir til eventuelt neste år. Har du lopper det berre å ta kontakt?




Viser eit bilete frå veggen mellom stove og kjøkken som har blitt litt ny i løpet av helga. Sjølv om dei fleste svara "Meir tapet" på spørsmålet mitt på Instagram og eg nesten hadde bestemt meg for det, kjente eg at nok heller ville ha tapeten med på ein anna måte. Så den skal så absolutt få bli med videre, for eg liker den veldig godt. Det blir morgondagens prosjekt. Det blir meir nytt fram mot fredag. Då får eg nemleg besøk av ein journalist og fotograf. Reportasje i eit interiørmagasin tenk. STAS! Det kriblar i magen som ein unge som gler seg til julafta :-)

Ha ein fortsatt fin og kanskje til og med solrik søndag som her.

- Posted using BlogPress from my iPhone

fredag 12. oktober 2012

DIY - Peace

Tenk hadde det berre fantes ein enkel DIY for litt fred i heimen.
hoho.
Ja, for ungane veit virkelig å krangla og plaga kvarandre, men kan heldigvis og væra bestevenner og det er ein fryd å sjå og høyra. Og då er det berre å nyte dei øyeblikka og gløyme(!) dei andre..
OK, skal ikkje skulda på ungane for at ikkje alltid er fred. Bonden og fruen kan det sjølvsagt òg.
*giisp*
Sa eg det høgt?!
 
 
 
 
Anyway. Her er det du treng:
Ramme
Ark
Lim
Blyant
Paljetter eller glitter i ønska farge
Eg har alltid likt gull, men har hatt ein kort periode utan dei siste 2-3 åra.
Nå snik det seg sakte men sikkert inn litt gull igjen. Derfor måtte det bli gullpaljetter her.
Teikn først eit peace-teikn på arket. Smør så må litt lim på streken. Smal eller brei, alt etter ønsket.
Dryss over paljetter så er det berre å vente på tørking.
Før du rammer det inn er det lurt å riste litt forsiktig slik at lause paljetter dett av.
 
 
 
 
Her er det berre fantasien som sett begrensingar.
Kva med ein bokstav? Lite ordtak eller nokre fine ord?
 
Nå er det helg igjen. Rart etter å allereie hatt ei helg på hytta. Me hadde avløysar nå i veka og ikkje å helga, og då er det berre å benytta sjansen.
Me hadde med oss gode venner av både store og små og kosa oss i nydeleg haustvær som eg virkelig håpar me får mykje av framover.
Lov å håpa ☺
I morgon er det Pippi teater på Sola og Faster kjem heim.
Hurra!
 
 

søndag 7. oktober 2012

Triple choclate slice




 
 
Oppskrift:
 
250 g Oreo kjeks
325 g mørk sjokolade 70 %
200 g usaltet smør
3 egg
3 eggeplommer
100 g sukker
1 ss. kakao
 
Legg Oreo kjeks i ei lita langpanne som er 19 x 30 cm stor, slik at det dekker nesten heile forma.
Smelt så smør og sjokolade over eit vannbad.
Hell sukker, egg og eggeplommer i ei mikserbolla og miks dette på høg hastighet heilt til røra har blitt fluffy og kremete. Tilsett så den varme sjokoladeblandinga og rør det godt saman. Hell røra over i forma der Oreo kjeksane ligg.
Sett forma i ein forvarma ovn på 160 grader i cirka 25 minutter.
La den avkjølas i 15 minutt før den settes kaldt i kjøleskapet i cirka 1 time.
Strø over litt 100 % kakao og skjær den i passande store biter.
Steg for steg får du hjå Passion 4 baking. Her finn du oppskrift på akkurat den kaka du måtte ønska.
 
Ettersom den er ganske saftig og litt fondant aktig er det like god og lettere å skjæra i dagen etterpå. Serveres med is og bær.
Tips: Om du syns mørk sjokolade er for mektig, kan du bytte ut litt eller alt med lys sjokolade.
Eg har prøvd begge deler.
 
Ha ein fortsatt fin søndag.
Nå blir det litt ansiktsmaling her i huset.
 
 
 


onsdag 3. oktober 2012

Bryllaup - Rosa og romantisk


Nok eit bryllaupsinnlegg her. Dykk blir vel ikkje leie?
Neei, me blir vel aldri lei av bryllaup?!
Ikkje eg iallfall. Eg elskar bryllaup ;-)
Eg skal både forhåpentlegvis og dessverre ikkje gifte meg igjen.
Tenk å få oppleva akkurat den dagen igjen.
Hadde gjort nokre ting annleis nå, men slik vil det alltid væra.
Eg er nøgd med dagen og akkurat då var det slik eg ville ha det.



 Denne gong er det eit vennepar her på Fister som gifta seg.
Sommaren for 11 år si var det 4 kameratar som fant "sin blivende fru".
Alle 4 para har gifta seg på årsdagen sin.
Me er eit av dei.
Forlovaren til bruden her er og eit av dei, og brudgomens søster den 4.

 


Nydelig brud og forlover.
Gode venninner begge to

 

 
Her feira me òg bryllaupet vårt for 4 år sidan.
Då såg det ikkje slik ut.
Denne bruden har klart å gjer lokalet, som er mest brukt her inne, til sitt heilt eget.
Runde bord og stolar med kvitt trekk er leigt inn for anledningen.

 








Gorgeous!
Takk for ei fantastisk feiring