søndag 23. desember 2012

Luke 23: 4. søndag i advent

Tida går så fort.
Så alt for fort.
Det må væra noko nytt. Tida gjekk nemleg frykteleg treigt før.




Kvelden før kvelden. Alle 4 lysa er tent. Vinden har roa seg. Nå er me klar. 
Fekk til og med laga to sorter heilt på tampen. Ikkje baka, men laga ja. Risboller og mintkuler dyppa i sjokolade. Enkelt og godt. Er spent på å sjå ungane når dei ikkje finn kalenderpakke i korga i morgon, men ein pinne med hyssing rundt. Kanskje fører hyssingen dei til pakken? 
Hugsar mamma og pappa gjorde det ei julafta. Mens me var i dusjen, hadde dei rigga det klart. I enden av hyssingen vår låg det ei krepptang.
 Minner for livet som eg og vil ungane skal ha.


post signature

lørdag 22. desember 2012

Luke 22: Julefølelsen..

..er på plass.
Den kom faktisk når eg åpna reserve kjøleskapet som står nede. På kjøkken har me kjøleskuff. I kvardagen er det nok då det faktisk rommar enormt mykje. Men til jul og dåp har me savna litt plass. Sist gong me brukte det var forrige jul..
Når eg då åpna kjøleskapet som var fullt, kom julefølelsen.
 


 

 
 
Huset er vaska. Nesten alle sengeplasser oppredd.
Første 4 gjestene kjem lillejulafta, mens dei siste 6 kjem på julafta pga jobbing.
Både storesøster og lillesøster med familiane og mamma og pappa kjem.
 
 
 
 
 

 

 
 
Ny juletrefot i år.
Melkespann.
Miksar gull, sølv og kvitt i år.
Første året eg ikkje har pynta med rødt, anna enn dei kulene som ligg i glassylinderen.
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Som eg jo så vidt nevnte for dykk, har ungane fått kvar sitt juletre på nattborde.
Kulene er frå Søstrene Grene. Mykje fint og fargerikt å velga i der.
 
 
 
 


På barneromma har eg brukt ei stjerne blomsterpotte, som òg er frå Søstrene Grene. Har fullt den opp med singel og plassert treet nedi for at det skal stå støtt.
Ungane synes det er så stas.
 
Det blei mykje juletre her. Men med 4 tre og eit tape-tre, var det liksom ikkje til å unngå ;-)
 



post signature
 
 


fredag 21. desember 2012

Luke 21: Pepperkakefjos


I år blei det ein ny variant av pepperkakehus.
Dette er ein modell av det fjoset me er i planleggingsfasen av. Kanskje blir det bygging, kanskje ikkje. Uansett blir det ein betre kvardag. Me ser fram til det.
 
 




Eg måtte korte det ned litt då det blei for langt ifht målestokk og steikeplater og vindauga og dører stemmer nok ikkje heilt. Men nokon lunde slik blir det iallefall sjåande ut.


Jonah stussa litt over at kyrne gjekk ute i snøen.....
På nyåret skal det bli avgjort.
 
post signature




torsdag 20. desember 2012

Luke 20: Årets julekort

I år som i fjor, og året før der og der igjen, er julekortet bestilt frå nFoto.
Alltid fornøyd med pris, kvalitet og kjapp leveranse derifrå.
Bildet er litt mattere enn vanleg bilete. Kjempe fint. 


Til deg som ikkje har fått:
 
Dette er til deg ♥☺
 






post signature
 
 
 


onsdag 19. desember 2012

Luke 19: Julestemning

 
Sakte men sikkert blir det litt jul.
Heile 5 forskjellige tre er i hus.
Ok, det eine er ikkje ekte, men dei 4 andre er.
 
 
 
Her ser du 3 av dei.
Eit alternativt juletre kanskje? Juletre av tape.
Tape opp litt pynt i tillegg så blir det jo nesten det same. Eller.. ;-)
Litt dekorativt og artig er det iallefall.


 

Ungane har fått kvar sitt minitre på nattborda sine.
Såg det hjå Amalie/Svenngården og falt pladask.
 


 
Bilde er nettopp tatt som du ser; du kan skimte Jonah som sover.
Fortsatt fin kveld og dager fram mot sjølvaste julafta.
 


post signature




 




tirsdag 18. desember 2012

Luke 18: Stjerne bretting

Stjernebretting er òg veldig poppis for tida. Panduro har fleire sett i ulike fargar og mønster. Dekorative på eit brett med lys, som bordpynt eller hengt på greiner og tre. 
Viss du har veldig lyst å bretta og ikkje har knekt koden ennå, kan du gå innom Trine med bloggen Høytrykk. Her forklarer hun steg for steg korleis.




Vil du prøve deg på meir bretting, finn du det her.

post signature