mandag 3. september 2012

Oppskrift: Frokostblanding

Frokostblanding er noko eg sjeldan et. Syns ikkje det er så veldig godt.
Men når me var på ferie hjå Bondens søster og samboer i Oslo for nokre veker sidan, fekk eg smaka ein som hu hadde laga sjølv. Med yoghurt og frukt og bær var det kjempe godt.
Så godt at eg måtte laga så snart eg kom heim.
Ei slags oppskrift skal du få:
Havregryn
Solsikkekjerner
Gresskarkjerner
Linfrø
Sesamfrø
Kokosmasse
Hakka nøtter og mandler
Honning
Solsikkeolje
Kanel
Rosiner kan du òg ha oppi, om du vil.
Eg er av typen som ikkje følgjer oppskrifter slavisk.
Ein slant av det og ein slant av det.
(Sorry AM - eg veit at du hater denne type oppskrift ☺)
Bruk havregryn som basen og tilsett det du vil av resten.
Du må nesten berre prøve deg fram. Eg hadde ei stor skjei med honning til ca 7dl blanding.
Varm og bland 0,5 dl olje og honning i ei gryte og bland i det tørre. Det skal bli ei glasert røra.
Legg det så utover langpanna og rist i 20-25 min på 160 grader
  



Amerikanske blåbær er så godt. Som snop.
Eg valgte frokostblanding med blåbær og vaniljeyoghurt framfor skjeva med sjokade - tenk det ;-)

Gratulera Therese og Svein Erik med den fine odelsguten som kom på fredag.
Me skålte for dykk.

post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar