torsdag 18. august 2011

Bli med å feir

Ida Susanne feirar 1300 (Ikkje rusk!) faste følgere og me får premie!
Hu har nettopp pussa opp gongen. Malt parkett og søt tapet (den lilla som du ser til høgre på biletet)Verdt ein titt!





 
Etterkvart skal eg ordna det litt betre i loftstova og gjer det litt fargerikt, lekent og barnevennleg.
Skal ikkje sjå vekk i frå at det blir litt Sukkertøy-stil der ☺

 
post signature

onsdag 17. august 2011

Lampoman

Eg heiter Hilde og er visst blitt lampoman!




Desse har eg lyst på akkurat nå. Ja, eg seier akkurat nå, for om eit halvt år, er det vel nokre andre eg har lyst på. Det er jo ikkje eitt år sidan lampen over sofaen blei hengt opp ein gong.. 

Over spisebordet heng ei lysekrona. Ganske fin eigentleg, men eg har byrja å bli litt lei lysekrone nå. Har jo tross alt hatt det i  4-5 år ;) Og i fleire rom.

Alle lampane her er ikkje heilt i min prisklasse, men er jo låv å drøyme litt vel.

1. Jielde lampe 2 arma i mint, 2690,-. Fås bl.a. hjå Lunehjem.
2. Industrilampe Yellow L, 1920,-. Lunehjem.
3. Lampe Wood, 2400,-. Lunehjem.
4. Forså arbeidslampe, 249,- . IKEA
5. TineK lampeskjerm XL, 2100,-. Fås bl.a. hjå Hviit.



post signature

søndag 14. august 2011

Vil DU koma?


Har du eit lager av heimalaga ting?
Det kan væra alt i frå strikking, hekling, snekring, maling, liming,. Eller kanskje du lagar noko heilt anna?




Eg er på jakt etter ein gjesteutstillar til årets Hjelmeland Frukt og Laksfestival.
I fjor var det besøksrekord med heile 5600 besøkande. Meir om festivalen kan du lesa her.
Du får gratis stand og omtale i festival-avisa som kjem ut saman med Strandbuen.
Litt kort frist detta her, men eg gjer eit siste tappert forsøk på å henta noko heilt nytt. Festivalen er allereie om 3 små veker. 2-3. september. Overnatting kan me snakkast om.



Er du interessert eller kjenner nokon som kanskje kan væra det?
Som nevnt er det kort frist, så ikkje nøl. Hiv deg på tastaturet med ein gong. Eller du er jo allereie her.. ☺
Send meg ein mail på h_hauge_@hotmail.com.


post signature

onsdag 10. august 2011

Håpar på ein heil hau vinnarlykke!

bare WUNDERBAR gir vekk ein Fiducia vase og det er difor eg håpar på vinnarlykke.
Vasen er ikkje akkurat ukjent i Blogglandia.
Den dukkar stadig opp i nye heimar, og det kan eg forsåvidt forstå.
Dekorativ og artig!
Kan brukas til både blomar og lys.
Ein dæsj gult - akkurat slik det skal vera nå.
Og det sukkersøte rosa.




*kryssar fingrar og tær og alt som kryssas kan*

post signature

mandag 8. august 2011

Namnet blei..


... Ylva

Tuusen takk for alle forslag!
Mange gode blandt dei og fleire vart vurdert. Ja, faktisk - hadde det vore opp til meg, hadde eg valgt eitt av forslaga. Men eg har ein bonde i hus som meinte at han eigentleg ikkje brydde seg.
Då tenkte jo eg at eg fekk bestemma det, men så enkelt skulle det ikkje vera.
Fint er det jo at han innerst inne bryr seg alikavel,
men så sei det då mann! ; )

Ungane og eg henta hu i byen og måtte jo kjøpa ein rosa bamse som velkomstgåve.

Litt samtale og litt sms:
Bonden: Nei, egentlig så bryr eg meg ikkje så møje om navn
 (som han sa når det skulle velgjas namn til ungane:
 "Ein blir vandt til alle namn." Sant nok!)
Meg: Fint! Då kan jo eg bestemma det! Ka med Molly?
Bonden: Nei! Det hørres ut som ein fugl.
Meg: Eeh, det e Polly du meine. Ka e dine forslag då?
Bonden: Ingen forslag. Eg vil bare bestemma at det ikkje ska var Molly. Resten bestemme du.
Meg: Thelma då?
Bonden: Tell me?!
Meg: Tillie?
Bonden: ...
Meg: Ulla, Tillie, Thelma eller Eira?
Bonden: Då må det bli Thelma, Ulla eller Eira.
Meg: Då blir det Ulla. Ikkje Milla eller Milly?
Bonden: Nei
Meg: Ulla?
Bonden: Ok
Meg: Ok. Ulla it is!

Men etterkvart som eg snakka om Ulla, klarte eg ikkje å bli heilt tilfreds med det. Det har jo med at eg er oppvaksen med nabohestar som har heitt akkurat det. Oppkalla etter Ulla elva som renn gjennom Jøsenfjorden, der eg er oppvaksen. Og eigentleg høyres det ut som ein sau! Så då vart det Ylva. Og det hadde eg faktisk på topp 5 lista mi heilt i begynnelsen av dette navnevalet.
Me fekk hu på fredag, og det er akkurat som å ha ein ny baby i hus. Bonden plasserte buret på mi side av senga, akkurat der senga til ungane har stått.. Hallo! Denne skal eg ikkje amma, kvifor skal hu då stå på mi side?!
Litt grining blei det i løpet av natta og ut på tissepause i mørkna. Men det var første natta og i natt var det heilt stille, så nå kan hu flytta ut. Ja, for det er ingen tvil om hu har funnet seg til rette.
Hu er nydeleg og snill. Leiker litt og sover litt.
Og me synest det er kjempe kjekt å ha hund i hus igjen!
Eg lova ein trøstepremie om ingen av forslaga vart brukte, og eg har trukke ein vinnar. Det blei Tomines hjem. Send meg ein mail med adressa, så kjem det ein overraskelse i posten ☺
Nå er det slutt på ferie. Og det er på tide med hyppigare interiørinnlegg. Kjem snart.

post signature

torsdag 4. august 2011

DIY - Lampe

Denne har eg lenge hatt lyst å laga meg.
Det var først hjå Consept Constanse eg såg ein liknande lampe
 - og fallt pladask.





Dette brukte eg:
Patentbånd
Drivved pinner
Lampe
Skruar


*

Pinnane blei sagd i lik lengde.
Bak skrudde eg fast patentbånd slik at dei heng saman.
Med ulik tjukkelse på pinnane,
var det nok ein fordel med patentbånd som kan justeras og bøyas.
Eg har eigentleg leita etter ei lampe som skulle passa,
men hadde denna liggande på boda og brukte sjølvsagt den.
Kanskje ikkje så dekorativ i utgangspunktet,
men i lag med drivveden gjorde den seg bra.
Ledningen stakk eg inn mellom pinnane,
 slik at den ikkje visar så godt.





Brukte omlag ein time på denne lampa,
inkl. minst ein halvtime leiting etter diverse verktøy.
Mangel på orden?
Ja!






Lekker, spør du meg! : )




post signature