mandag 8. august 2011

Namnet blei..


... Ylva

Tuusen takk for alle forslag!
Mange gode blandt dei og fleire vart vurdert. Ja, faktisk - hadde det vore opp til meg, hadde eg valgt eitt av forslaga. Men eg har ein bonde i hus som meinte at han eigentleg ikkje brydde seg.
Då tenkte jo eg at eg fekk bestemma det, men så enkelt skulle det ikkje vera.
Fint er det jo at han innerst inne bryr seg alikavel,
men så sei det då mann! ; )

Ungane og eg henta hu i byen og måtte jo kjøpa ein rosa bamse som velkomstgåve.

Litt samtale og litt sms:
Bonden: Nei, egentlig så bryr eg meg ikkje så møje om navn
 (som han sa når det skulle velgjas namn til ungane:
 "Ein blir vandt til alle namn." Sant nok!)
Meg: Fint! Då kan jo eg bestemma det! Ka med Molly?
Bonden: Nei! Det hørres ut som ein fugl.
Meg: Eeh, det e Polly du meine. Ka e dine forslag då?
Bonden: Ingen forslag. Eg vil bare bestemma at det ikkje ska var Molly. Resten bestemme du.
Meg: Thelma då?
Bonden: Tell me?!
Meg: Tillie?
Bonden: ...
Meg: Ulla, Tillie, Thelma eller Eira?
Bonden: Då må det bli Thelma, Ulla eller Eira.
Meg: Då blir det Ulla. Ikkje Milla eller Milly?
Bonden: Nei
Meg: Ulla?
Bonden: Ok
Meg: Ok. Ulla it is!

Men etterkvart som eg snakka om Ulla, klarte eg ikkje å bli heilt tilfreds med det. Det har jo med at eg er oppvaksen med nabohestar som har heitt akkurat det. Oppkalla etter Ulla elva som renn gjennom Jøsenfjorden, der eg er oppvaksen. Og eigentleg høyres det ut som ein sau! Så då vart det Ylva. Og det hadde eg faktisk på topp 5 lista mi heilt i begynnelsen av dette navnevalet.
Me fekk hu på fredag, og det er akkurat som å ha ein ny baby i hus. Bonden plasserte buret på mi side av senga, akkurat der senga til ungane har stått.. Hallo! Denne skal eg ikkje amma, kvifor skal hu då stå på mi side?!
Litt grining blei det i løpet av natta og ut på tissepause i mørkna. Men det var første natta og i natt var det heilt stille, så nå kan hu flytta ut. Ja, for det er ingen tvil om hu har funnet seg til rette.
Hu er nydeleg og snill. Leiker litt og sover litt.
Og me synest det er kjempe kjekt å ha hund i hus igjen!
Eg lova ein trøstepremie om ingen av forslaga vart brukte, og eg har trukke ein vinnar. Det blei Tomines hjem. Send meg ein mail med adressa, så kjem det ein overraskelse i posten ☺
Nå er det slutt på ferie. Og det er på tide med hyppigare interiørinnlegg. Kjem snart.

post signature

3 kommentarer:

  1. Å så søte den er Hilde! Gratulerer :=)

    SvarSlett
  2. Åhh smelt!!
    Nydelige Ylva..
    ..og morsom samtale..
    Jeg er i London og er snart shoppingklar..
    Kos deg med minsten...
    God klem:)

    SvarSlett
  3. Hei igjen Hilde!
    For en herlig meningsutveksling du legger ut :-) Fikk meg en god latter for er det ikke litt slik med oss alle? Skal liksom ikke bry seg da......
    Gratulerer med verdens søteste lille valp.
    Kos deg med bonden, barna og babyen.
    Klem fra Connie

    PS. Så utrolig fin lampen din ble. Så hyggelig å kunne være til inspirasjon. Holder på å lage sengen min ferdig, i samme stil som lampen, så følg med!!
    Hei igjen!

    SvarSlett