mandag 19. desember 2011

Måtte jo få..

..litt By Nord i hus eg òg.




Var ein kjapp tur innom KULL på Tvedtsenteret før eg skulle på bloggtreff for nokre veker sidan. Litt julehandel - Til meg sjølv.


Kjøkkenhåndkle med elg, ulv og dåhjort. Kanin, ekorn og fuglehus. Alt frå By Nord

Når eg kom heim oppdaga eg at eg hadde plukka med meg heile 3 kjøkkenhåndkle. Oops, eg skulle jo berre ha eitt. "Pytt pytt!" så Frida ville sagt, eg skal då få bruk for dei andre 2 òg eg. Eigentleg litt rart at eg ikkje reagerte på prisen?! Men var rett og slett berre fornøgd med handelen ;-) Vims?!


post signature

søndag 18. desember 2011

Jonah ynskjer seg..

Eller ja, som eg sa om Fridas liste: Mor synest Jonah trenger(?) blir meir korrekt.



1. Tøfler frå Mitt Rom 2. Puslespel frå Sebra 3. Linskjorte frå Norlie 4. Sengesett frå Blafre 5. Sakkosekk frå Cocoon Coutore 6. Trillekoffert frå Mitt Rom

Veit du ikkje kva du skal kjøpe til ein liten gutt nå i siste innspurt mot jul?  Kanskje du får nokre tips her. Sjangsen er vel heller stor for at gåvene nå er kjøpt inn. Eg for min del mangler nokre få og må ta meg ein bytur igjen på tirsdag. Veit sånn nokon lunde kva eg skal kjøpe, så eg synest eg har ganske god kontroll.

Nå er straks VM finale. Heia Norge!! Håpar på ein nesten like spanande finale som i 98(det var del i 98?!). Hugsar veldig godt at den var svært nervepirrande. I morgon kjem eg tilbake til vinnaren av gje-borten min. Følg med!
post signature

fredag 16. desember 2011

I ♥ Hviit 2



Tenk å fått denne lampa til jul.... Kjære Bonde, har du fått det med deg? Eller, kanskje det er du som skal få denne lampa. Du som plutseleg ein sjeldan gong glimtar til å bryr deg om interiøret ;-)
Alt er sjølvsagt frå Hviit og kan besøkes her. Denne lampa fekk ein kunde til å kjøpe tidlegare i år. Hu fallt pladask for den og det forstår eg godt!

Har du huska å bli med på gje-borten min? Siste frist i dag!
post signature

torsdag 15. desember 2011

Nye lamper

Jaja, nye og nye fru Blom. Det var visst i oktober eg fekk dei i hus.


9 dagar igjen til julafta. Sei meg, kan du fortella meg kor tida blir av? Tenk hadde førjulstida gått så fort når me var små...

post signature

mandag 12. desember 2011

Vinnerane er..

Hadde heilt gløymt ut kor kjekt det er å ha ein gje-bort. Det må eg definitivt ha fleire gonger. Du har vel fått med deg at eg har ein gåande nå òg?! Sjå gårsdagens innlegg!






Av dei 3 premiane eg har delt ut (inkl. forrige gje-bort), er det ingen som har reist så veldig langt. Den blå reiser til Annfrid i Egersund og den lilla til Guro i Sandnes. Begge jentene kjenner eg. Akkurat som på forrige gje-bort. Jada, lotteriet skjedde på ærlig vis på random. Om eg har bevis?! Nei.
Annfrid har eg blitt kjent med på bloggtreff og Guro er frå nabobygda og eg oppdaga nettopp at hu har ein kjempe fin blogg.

post signature

søndag 11. desember 2011

Ny Gje-bort

Den forrige gje-borten min er akkurat avslutta og nå køyre me i gong med ny. Denne er i samarbeid med En rød knapp som eg har nevnt nokre gonger her. Kort frist på denne så hiv deg med med det sama ☺


Dette fine sinkhuset fra Walthers er fint til å henge på ein kvist. Ein stor kvist vel og merke


Det einaste du treng å gjere denne gong:
1 lodd for kommentar
1 lodd for å legge deg til som følger
1 lodd for å like En rød knapp på facebook.

Det skal då ikkje vera så vanskeleg å få 3 lodd her.
Siste frist er førstkommande fredag, altså 16.desember. Så rekk du å få det til jul ☺

Eg skal prøve å koma tilbake til vinnar av vimpel gje-borten i løpet av kvelden. Akkurat nå sitt eg i byen, så eg må iallefall først koma meg heim ;-)
Fin 3.søndag i advent til deg!

post signature