Eg er så utroleg takknemleg for at bilete mitt igjen er komt til finalen i NIBs månadlege utfordring.
Det er like stort og like stas denne gong som dei andre, og eg blir desto meir overraska over at eg er der igjen. Eg er audmjuk og stolt av å væra i selskap med dei fine bidraga.
Så tusen tusen takk Lisbeth Larsen (Fargesjef i Jotun), som likte bilde mitt.
Og Solveig og Ann Helen for at dykk arrangerer og ordner. Det er så gøy!!
Premiane NIB jentene klarer å få til er ikkje berre rusk. Denne gang skal Lady teamet ta vinnaren med til TineK sitt showrom i Danmark og "frokost" heima hos Tine privat.
Jotun/Lady spanderer reise og opphold.
Eg har så lyst å vinne og er så takknemleg viss du liker mitt best og stemmer på det. Ja, for du må jo stemme på det du liker best - så får berre eg kryssa fingrane for at det er mitt i dette tilfelle ;-)
Stemma kan du gjera her

















