mandag 31. oktober 2011

Folkets IKEA katalog


For nokre månedar sidan hadde IKEA ein konkurranse der ein kunne laga forslag til forsida til neste års IKEA katalog. Eg trudde det berre var med det og har ikkje tenkt meir på det etter konkurransen vart avslutta. Nå plutseleg(for meg kom den iallefall plutseleg..) kom Folkets IKEA katalog.





Og sjølv om eg trur kanskje alle bidraga kom med, synest eg jo at det er litt stas at bilete mitt kom med - og det heile to gonger. Eit stort på side 3 og eit lite på side 44. Det var òg veldig kjekt å sjå så mange kjente bilete i katalogen frå mange fine bloggevenninner.
Vil du sjå katalogen? Her finn du den!


post signature

søndag 30. oktober 2011

Mine beste julegåvetips - STUDIO

..i wish..



1. Gamal trebord fra Kina no.14, 3999,- Bolina.
2. Day Pretty Droops, 699,- Hviit
3. Putetrekk Saab, 179,- Kremmerhuset
4. Telysholdar Lotus petrol, 59,- Kremmerhuset
5. Omaggio vase stor, 500,- Hviit
6. Tine K skål, 180,- Hviit
7. Industrilampe House Doctor, 1498,- Bolina
8. Industrilampe Yellow L, 1920,- Lunehjem
9. Tre ramme, 290,- Hviit
10. Pledd/sengeteppe, 1998,- Bolina
11. Duck pico pute, Areaware
12.Deborah Lippmann neglelakk, 169,- Bolina
13. Beck Søndergård skjerf, 299,- Bolina
14. Håndlaga telysholdar mini hus og mini ugle, 169,- Bolina
15. By Nord sengesett ekorn, 990,- Hviit


Her er mitt bidrag til STUDIOs konkurranse, der me skal dela våre beste julegåvetips. Du finn dei òg på facebook her.

Har du ikkje deltatt enda, har fu fortsatt ein ørliten sjangs. Konkurransen avsluttas nemleg i dag og eg hiv meg med heilt på tampen - som vanleg!

Mykje av detta ønsker eg meg, men har tenkt å visa dykk ei meir konkret og kanskje (kaaaanskje) meir fornuftig ønskeliste seinare ein gong.

Håpar alle har hatt ei fin helg! Det har me, sjølv om det har vore ei travel ei. Travel og kjekk! På torsdag skal me til Oslo til svigerinne og svoger. Å som me gler oss og tell dagar...

post signature

fredag 28. oktober 2011

Kua er i hus og jubileum

Har fått begge dei to nye bileta i hus, men ingen har komt opp på veggen enda. Er litt usikker på om eg skal ha dei der eg først hadde tenkt. Er kjempe nøgd med begge bileta.





I går fann eg plutseleg ut at det var 1 år sidan eg publiserte bloggen.
Hurra for 1 års jubileum og god helg til deg som er innom! Eg held på med ein spanande gje-bort. Berre vent..

post signature

torsdag 27. oktober 2011

Frida ønskjer seg..

.. eller kanskje det heller burde stått "Mor ønskjer seg..". Ja, for sjølv om Frøken Frida er blitt veldig god til å setta saman ord til korte setningar, har hu altså ikkje sagt kva hu ønskjer seg enda.

Det er alltid vanskeleg å koma på kva dei kan ønskje seg til jul. Synest ikkje du? Kanskje detta kan vera til tips for deg òg?  I tillegg er jo detta ein grei måte å få vist til tantar og onklar og besteforeldre kva dei kan kjøpa i år. Har komt på ein del ting etter eg laga collagen òg.




1. Ikkje berre desse kleda, men klær generellt. Drappa Dot kjole449,- og Nova Star bukse 359,-.
2. Te service i tre frå Sebra, 459,-
3. Tallerkenhylle til bøker. Denne heiter Stenstorp og er frå Ikea, 395,-
4. Cocoon Couture sitte sekk (lavendel med bambi). 1195,-
5. + 6. Småmøbler
7. Trillekoffert med ugle 799,- frå mittrom.no

Eit tips til familie er jo å slå saman bursdag og jul ☺
Andre ting Frida ønskjer er cd-spelar, dunjakke, golvteppe(trur eg må ha ein finger med i spelet her..) ting og klær til dokka (f.eks stol til å henga på bord ettersom dokka helst skal vera med på kvart måltid).

Jula er for lengst i gong i Blogglandia, butikkar og magasin. Eg vart litt overraska då eg tidleg i oktober var på Plantasjen og det var fullt av nissar og pynt. Dette er mitt første juleinnlegg. Ikkje veldig julete, men likavel relatert til jul.

Nå nærmar rommet til Frida seg ferdig - på tide!
Gler meg til å visa dykk.


post signature

mandag 24. oktober 2011

Boligstyling - Soverom

Dette er dei siste bileta frå forrige boligstyling. Nå er eg i gong med ei ny boligstyling. Denne gong av ein leiligheit på Tau. Åå, men eg elskar å få jobba mykje meir med interiør!











Ettersom spikring i veggar kanskje ikkje er det luraste i ein bolig som skal selgas, er jo tape ein genial ting! Kjekt å leika seg litt med tape. Her har eg herma litt etter Stylizimo-Nina.

post signature

søndag 23. oktober 2011

Kvifor Feien og Fjong?

Det blir litt snakk om Manuela i dag òg. Det er vel ikkje rart det blir ein del av det. Hu har jo så mange kjekke gje-borter og utfordringar i tillegg til at hu er ein fantastisk flink bloggar og god person! Det er nok skøyt i dag ellers svevar hu vekk på ei rosa sky ; )


Nå utfordrar hu oss til å fortelle historien bak bloggnavnet.

Eg får byrja med å forklara kva bloggnavnet betyr. Feien er eit gamalt dialektord for glad, og det er vel passande, for eg er då stort sett det?! ; ) Hugsar Bestefar brukte det ordet. Fjong betyr fin/velkledd. Orda har eg funne i ei bok skreven av ein nabo, som har samla ord og uttrykk frå Hjelmeland/Ryfylke, og ja gitt ut som bøker. "Du VA då go!" og "Eg seie meg så". Eg synest desse bøkene er så kjekke og artige!

Eg brukte god tid på å finna eit navn eg var nøgd med. Leste gjennom tipsa til NIB, som var til veldig god hjelp. Ville ha eit navn som ingen andre hadde liknandes. Eg var innom Frøken Fryd òg. Og det er jo litt artig at me nå har ei Frøken Fryd. Ei blid og morosam ei. Vel verdt eit besøk!






post signature