fredag 31. august 2012

Interiørbloggerstylist?

 
29.september er det Interiør og boligmesse i Bergen. Eg har eegentlig slått det frå meg, men for kvar dag som går har eg sjølvsagt berre meir og meir lyst. Bonden er på fotball-guttetur i England den helga, så aller først må eg jo få barnevakt. Nokon som meldar seg frivillig?! ;-)



 
Dei har ei stylist konkurranse med valgfritt tema og stil.
3 finalistar blir valgt ut til ein speedstyling på messa lørdagen.
Reis og opphold blir dekka, og då kan ein jo ikkje anna enn å iallefall prøva.
Her kan du sjå andre bidrag. Det var mange fine og eg har allereie funnet min favoritt hjå Tonje.
 
Det øverste er mitt bidrag. På bilete ser du sofakroken og favorittfargane akkurat nå. Lampen er heilt ny. Skjerm frå Tinek og fot fra Fretex som har fått ein runde med svart silkematt spraymaling.
Blei den ikkje fin vel?
 
 
 
 
Sola har Jonah mala i barnehagen i sommar. Synest det var midt i blinken ettersom sola ikkje viser seg så mykje som me kanskje vil. Nå har me sol kvar dag.
 
Nå skal det pakkas ferdig for eg skal på jentetur til Spangereid.
GLER meg ♥


post signature

mandag 20. august 2012

Forklekjole


Anna nærmar seg 1 år og det var derfor på høg tid å koma med barselgåve. Eg kan væra litt treig til tider. Ikkje for at eg gløymer, men for at eg har store planar om å sy noko og då kan det fort ta tid. Ikkje det å laga sjølve gåven, men å setta seg ned å faktisk gjer det.

 

 
Frida fekk væra modell. Ikkje lett å stå i ro,
men med ein tape-bit på golvet "Der skal du stå!", fekk me då nokre blinkskudd.

 


Eg har brukt dobbeltstoff slik at de blir fòra.
Ein kan bruka kantbånd rundt, eller berre vrenga stoffet slik at kanten blir fin. Eg har brukt opp kantbåndet på vimpelrekkene, difor blei det vrenging. Vel så fint og sikkert enklare.

 



Burde nok sydd ein shorts/trusa som matcha, for å gøyma ei bleia eller trusa.
Det får bli neste prosjekt.
Når eg berre får fiksa den symaskina.



 
Lommen er sydd på før eg sydde kjolen saman, slik at den blir finare innvendig.

 

 
Pannebåndet har søskenbarnet mitt hekla.
Passa perfekt til Frøken Frida som syns pannebånd er topp.

Sånn ellers - velkommen til verda Anna ;-)


post signature

torsdag 16. august 2012

Finale!!



Hurra! Eg er i finalen i månadens NIB utfordring, kreativ med tekstiler.
Det er så stas og gøy. Blandt så mange fine er det virkelig stort. Kanskje du vil stemme på meg? Sette utruleg stor pris på det :-) Her kan du sjå finalistane og avgi din stemme.
Eg nyter siste dagar av ferien i Oslo og Stange. Neste veka er det tilbake til kvardagen og rutiner. Godt det óg ;-)

post signature

tirsdag 7. august 2012

NIBs augustutfordring: Kreativ med tekstiler

Hello-o! I'm ba-ack.
Jadda, har hatt ein aldri så liten bloggeferie her. Ferien er ikkje heilt ferdig enda. Me skal på "hovudferien" på mandag. Kristiansand-Dyreparken-Oslo-Hunderfossen-Stange.
Avslutter me slektstreff på Stange neste helg.
Me gler oss!

 

 
Ny månad, betyr ny utfordring hjå NIB, Kreativ med tekstiler.
Eg har henta fram litt paljetter og pels for anledningen.
Heimahekla lampeskjerm og lykter.

 

 
Bak sofaen ser dykk mine siste DIY'ere.
Skal gå nærmare innpå det etterkvart. Eg kan lova litt meir aktivitet her framover.
Og Sol skal det bli..
Berre vent å sjå kor fin denne sola er ;-)
Men først skal me nyta dei siste 2 ferievekene.
Og jammen ser me ut til å væra heldige å få litt sol på himmelen òg.
Ser eg deg på IKEA lanseringen på Forus i morgon?

 
post signature

tirsdag 10. juli 2012

NIBs juliutfordring - Friminutt

Kva gir deg eit etterlengta friminutt?
Det kan jo væra så mangt; ein kvil, jentekveld(eller endå betre; jentetur), ein dag utan planar..
NIB jentene vil sjå kva som er friminutt for meg.
Kva andre legg i friminutt kan du sjå her.


 
Nokre timar på stranda med ein drink, strawberry daiquiry.
Det blei ein driver, ettersom det tross alt var dagtid ;-)
Kanskje ikkje alle ser på dette som friminutt då det er innpåslitne kyr
 som òg er ute etter å kjøla seg ned på stranda..
Dei var litt forvetne i starten, men nå dei fann ut at det var lite å henta vandra dei vidare.
Men rolege og heilt ufarlege er dei.

 

 
Strawberry daiquiry drinkmixen fann eg på Spar Hjelmeland.
Den bør prøvas. Skikkelig god med knust is. Oppskrift på både driver og "vanleg" står bakpå.




Eit lite friminutt i hagen er heller ikkje å forakta. Happy Lights Snowballs frå Nord Design.
Nord Design finn du òg på facebook.



 
Det siste her måtte eg berre ha med då det var litt artig.
Mamma Mø treng kanskje òg eit friminutt.
I-siste-liten-Hilde glimtar til og hiv seg med i utfordringa maaange timar før fristen er gått ut.
post signature

mandag 25. juni 2012

Ein dag i mai..

..fløy eg over Hetlandsbygda.




Kvar vår/sommar kjem det ein gjeng som driv med dette å flyr over Hetlandsbygda.
Time etter time.
Før dei landar trygt og kontrollert på ekra rett oppføre huset vårt.
Eg har lenge sagt at eg har lyst å prøva,
samtidig som eg har sagt at det kan henda eg trekk meg når eg står på toppen.




Ein søndag i mai fekk eg plutseleg oppleva det.
Me hadde akkurat parkert i tunet etter å ha feira flott brudepar på Voss,
då instruktøren på kurset som blei holdt den helga kom ned til oss.
Kva passar vel betre enn å avslutta ei helg på Voss med paragliding liksom?
Sjølv om det var heima på Fister og ikkje Voss..




Eg var ikkje i nærheten av å trekka meg. Pulsen var (nesten) på kvilestadiet.
Ok. Kanskje ikkje. Kribla gjorde det jo.
Håpar virkelig eg får ein tur til ein vakker dag.


I bakgrunnen ser du garden vår.


Fantastisk opplevelse.
Den følelsen.

post signature