Vil berre visa dykk litt meir frå dei fine 17.mai antrekka. Kanskje synest du at du har sett dei før?! Ja, det er same antrekk dei hadde med jul. Har berre tilføyd litt 17.mai effekter, som sløyfe i hår, bunadsølja og nystrikka Marius-vest av Besta.
Jonah 4 år og Frida 2 år ♥ |
Jonah syns det er veeldig kjekt å "pose". Riktig fotogen er han.
Han som eigentleg ikkje kan stå i ro.
Kjolen til Frida er frå Name it.
Farmor satte på ei sølja som hu skulle få, og eg synest det blei litt fint, så den fekk henga der.
Farmor satte på ei sølja som hu skulle få, og eg synest det blei litt fint, så den fekk henga der.
Antrekket til Jonah er frå Optimist of Norway. Eg vann det i ein gje bort hjå Svenngården.
Takk Amalie - beste gåven eg har vunnet nokon gong.
Veldig nøgd med det og kjem til å kjøpa det ved ei anna anledning. Vurderer du å kjøpa, kan eg tipsa om at størrelsane ikkje er store. Jonah blei 4 år i januar og detta er i str 104. Syns 104 har vore litt stort til han(han er ein liten 4åring), men detta passa akkurat. Krympa litt i vask.