onsdag 5. september 2012

Årets gjesteutstiller:


DoyDoy og Tiralla.

Til helga er det igjen tid for Norsk frukt og laksefest på Hjelmeland.
Eg er med for 2.år på rad. Som utstillingskoordinator i Spinneriet og ansvarleg for laurdagskvelden.
Litt meir erfaren og tryggare enn i fjor.
I spinneriet har det vore stor pågang og det er meir enn fullt. Både nye og gamle - eg er like glad for begge deler.
Årets gjesteutstillar kom eg tilfeldigvis over på Instagram tidleg i sommar, eg var då ikkje i tvil om at dei måtte eg ha. Og søstrene Elise og Martine var snare med å svare ja.
Det er eg veldig glad for.
Dei har butikk på Epla og facebook sida.
Kanskje har du sett dei på Nytorget i Stavanger mellom 10-15 ein laurdag?!

Sjå berre her kva fint dei har:


 



 








 
Fredag er det konsert med Didrik Solli-Tangen i Hjelmeland Kyrkje. Og laurdagskveld er det Vågadans der me startar med Stand-up show med Hans Morten Hansen, Andrè Jerman og Tommy Steine og avsluttar med skikkelig dansegalla med PK og dansefolket.
Det går gratis buss tur-retur Tau og innom Fister. Og gratis skyssbåt til Skiftun og eventuelt Ombo om det skal væra aktuelt på natta.
 

post signature

2 kommentarer:

  1. Lykke til i helgen Hilde, det blir nok veldig bra. Skjønner godt at du vil ha med de flotte damene for her var det masse flott. Kjekt å titte innom deg etter sommerferien ++++ en arbeidsom tidlig høst. :-)

    Klem

    SvarSlett
  2. Flinke folk, og flotte ting! Lykke til! Takk for så oppmuntrande ord inne hos meg! Lampefoten din var rålekker! Mange som trur eg har masse dyre ting i huset, men ofte er det ting eg har måla og ordna frå rimelege alternativ. Eg har rett og slett ikkje råd til å kjøpe the real stuff... Det er vel dei færraste som har? Får ein pakke frå Ølen møbel om ikkje alt for lenge, med herlege ting frå bl.a. TineK. Kan ikkje seie at eg gruar meg akkurat ;)Belønnar meg sjølv nokre gongar i året med ting eg har drøymt om i månader og år. Eg er lett å glede!

    Flott bloggen din, la meg til som følgjar :) Kanskje eg "ser" deg i morgon då?

    God vekeslutt,
    og god klem frå
    Elin :)

    SvarSlett