mandag 26. november 2012

Tilbake til Landstil


Me må litt tilbake til bloggtreffet på Landstil.
I går, omsider, fekk eg pakka opp goodiebagane me fekk frå både Maia og Landstil.
Eg har sjølvsagt sitt kva som befant seg oppi, men ikkje etter at eg kom heim frå bloggtreffet.
Me startar med fabelaktige Maia sin goodiebag:



I kullposen låg det eit Bo Bedre magasin, servietter frå Caspari, telysholdar frå Kremmerhuset, duftlys frå Yankee Candle, vintage decoration frå Miss Etolie og ei nydeleg sukkerskål frå Wiik og Walsøe.


I goodiebagen frå Landstil låg det:
Eit nydeleg skjerf frå Barfota.
Hanskar frå Rosenvinge som også kan brukes på smartphone - genialt!
Endå eit nydeleg skjerf frå Burin
Cote Noire såpe levert av Chic Antique
Herleg duftlys fra 2ispann
Fine ord på kloss, frå ukjent leverandør
I tillegg var eg heldig å vann ein gåve frå Landstil, eit fint speilskrin.
Kunne kanskje vært perfekt for ein som smalar på all slags rart og fint?!
Har nemleg ein plan med det..

Eg hadde eigentleg ein plan om ikkje å handla så mykje. Men den gjekk fort i vasken då eg fann nokre ting eg hadde veldig lyst på alikavel. Rart med det.
Eg var ikkje akkurat den einaste som gjekk ut med desse serviettane, rosa trå og lyslykta.
Men puta derimot, var det berre ei av. Har lenge ønska meg ei paljettpute og har sett på denne tidlegare.
Nå som det var 30% kunne eg jo kjøpa den med god(?) samvittigheit.
Den er frå Senze of Joy og fargen heiter eigentleg silver, men eg vil påstå den er meir gull. Men ikkje av den voldsomme typen om eg kan sei det på den måten.

Ny veke og nye muligheiter.
Her står først ein tur i bassenget med ungane på planen. Kjekt å ha noko å gjer når Bonden er ute å steller med sine(les: mjølker kyr). Seinare er det trening for mor. Innebandy og sirkeltrening. Knall kjekt. Har ikkje sluntra unna ein einaste gong sidan 3.september. Sjølv med forskjølelse og plagsom hoste.
*stolt*


3 kommentarer:

  1. Oi der oppi var det masse goodies ja ;) Heldig!

    Håper du får en fin kveld videre! KLemmer fra nina

    SvarSlett
  2. Mykje fint, serleg puta!! Kunne nok sklidd inn her også!

    SvarSlett
  3. Så mye flott, skikkelig supre goodiebags ;-)

    Flink du er til å trene!

    SvarSlett