tirsdag 10. juli 2012

NIBs juliutfordring - Friminutt

Kva gir deg eit etterlengta friminutt?
Det kan jo væra så mangt; ein kvil, jentekveld(eller endå betre; jentetur), ein dag utan planar..
NIB jentene vil sjå kva som er friminutt for meg.
Kva andre legg i friminutt kan du sjå her.


 
Nokre timar på stranda med ein drink, strawberry daiquiry.
Det blei ein driver, ettersom det tross alt var dagtid ;-)
Kanskje ikkje alle ser på dette som friminutt då det er innpåslitne kyr
 som òg er ute etter å kjøla seg ned på stranda..
Dei var litt forvetne i starten, men nå dei fann ut at det var lite å henta vandra dei vidare.
Men rolege og heilt ufarlege er dei.

 

 
Strawberry daiquiry drinkmixen fann eg på Spar Hjelmeland.
Den bør prøvas. Skikkelig god med knust is. Oppskrift på både driver og "vanleg" står bakpå.




Eit lite friminutt i hagen er heller ikkje å forakta. Happy Lights Snowballs frå Nord Design.
Nord Design finn du òg på facebook.



 
Det siste her måtte eg berre ha med då det var litt artig.
Mamma Mø treng kanskje òg eit friminutt.
I-siste-liten-Hilde glimtar til og hiv seg med i utfordringa maaange timar før fristen er gått ut.
post signature

mandag 25. juni 2012

Ein dag i mai..

..fløy eg over Hetlandsbygda.




Kvar vår/sommar kjem det ein gjeng som driv med dette å flyr over Hetlandsbygda.
Time etter time.
Før dei landar trygt og kontrollert på ekra rett oppføre huset vårt.
Eg har lenge sagt at eg har lyst å prøva,
samtidig som eg har sagt at det kan henda eg trekk meg når eg står på toppen.




Ein søndag i mai fekk eg plutseleg oppleva det.
Me hadde akkurat parkert i tunet etter å ha feira flott brudepar på Voss,
då instruktøren på kurset som blei holdt den helga kom ned til oss.
Kva passar vel betre enn å avslutta ei helg på Voss med paragliding liksom?
Sjølv om det var heima på Fister og ikkje Voss..




Eg var ikkje i nærheten av å trekka meg. Pulsen var (nesten) på kvilestadiet.
Ok. Kanskje ikkje. Kribla gjorde det jo.
Håpar virkelig eg får ein tur til ein vakker dag.


I bakgrunnen ser du garden vår.


Fantastisk opplevelse.
Den følelsen.

post signature

onsdag 20. juni 2012

Til salgs - Ektorp trekk

Pga stil og fargeendring, vil eg nå selga 2 brune trekk til 3-seter Ektorp sofa.
Kun brukt 2 år - litt sånn av og på ;-)
De er bestilte på Bemz.




Stoffet er litt grovt og kraftig. Ganske solid. De er fint brukte, vil eg påstå.
Nå er det ei stund si eg hadde de framme, men eg meine det ikkje skal var flekker og iallefall ikkje anna slitasje.




Eg betalte rundt 4500,- for de, med frakt og toll.
Eg selge dei nå for 2500,- det er inkl frakt.

post signature

tirsdag 19. juni 2012

FINALE!!

Du og du..
Tenk at ein kan bli så glad og kry over noko så lite - som jo absolutt ikkje er lite for oss.
Detta er vel alle interiørbloggers drøm. Eller?
Eg synest iallefall det er kjempe stas!




Takk for mange fine kommentarar og dykk som allereie har stemt på meg. Veldig kjekt å høyra.
Takk òg til deg som kjem til å stemma på meg ☺

Stem på din favoritt her.
Du kan stemma fram til torsdagskveld.

post signature

mandag 18. juni 2012

Utfordring - bordkort

Kanskje er detta litt juks, eg legg meg derfor flat med ein gong..
Bordkorta eg viser har eg ikkje laga sjølv. Begge er frå bryllup eg har vore i.
Til søster og venninna.
Eg har alikavel, samen med bruden, vore med å bidratt til ideen og det er derfor eg tar meg til rette å bidrar med desse.



Vimpel er jo så poppis. Men har ikkje sett mange som har brukt det til bordkort.
Synest det gjorde så utroleg mykje med bordet
og ekstra smashing var det jo at det matcha tak pynten.
Sjå berre nedanfor.




Bidrag nr 2 er frå søsters bryllaup i fjor.
Innbydelse, blomster, telys og bordkort gjekk i rosa.
Derfor var det veldig fint å røffa det opp litt med svart dymo.
Enkelt og dekorativt.


Det er Små øyeblikk med cams som held denne utfordringa.
Hu har berre blogga nokre få månadar, men har allereie rukke å få imponerande mange lesere på kort tid. Kan eg jo godt forstå..
Ta ein titt innom å sjå sjølv.
Og er du på jakt etter inspirasjon til bordkort. Finn du det nettopp der.

post signature

søndag 17. juni 2012

DIY/SDS benk


Denne SDSen kan kanskje sjå litt voldsom ut med det sama.
Men eigentleg er den ikkje det.
Når berre materiale var oppkutta i riktig lengder, er resten lett som ein plett.
Kven som helst kan klara det.



Mine benkar er 180x50cm og høgden 41,5.
Eg ville ha den litt låg, då eg skulle ha litt tjukkelse på putene.
Og benken er sjølvsagt laga etter putenes mål. 4x45cm.
Det kan væra lurt å ha i bakhovudet når ein planlegg benkens mål.

Til ein benk treng du:
2x180cm med 2x2" (langside ramme) 
2x50cm 2x2" (kortside ramme)
6x35cm 4x4" (bein)
1 sponplate 240x120x15 kutta opp til benkens størrelse 180x50cm.
4 små vinkler + skruer
lange skruer (skal gå gjennom ramma og et stykke ned i foten.)
maling, svart Shipolin

Eg har brukt impregnerte material (utanom sponplata) berre for å væra på den sikra sida, men det er nødvendig. Smiler du fint, får du god hjelp til kutting der du handler materialet.
Mitt er kjøpt på trelasten til Enkel, snille kollegaer hjalp meg godt på vei ☺

Framgangsmåte:
Planlegg og teikn gjerna ei skisse. Kutt opp i ønska lengder. Hjørnene gjæres. Det gir eit veldig mykje finare og proffare resultat. Plassèr bein i kvart hjørne, mål deg fram til midten og plasser 2 føter på kvar side av midten for ekstra støtte. Så er det berre å skru i vei. Eg skulle nok hatt nokre ekstra stiftar for å festa plata til ramma utanom dei 4 vinklane.



Dette er under plata. Har festa med vinklar. Vil anbefala og festa med nokre ekstra spikrar, eventuelt fleire vinklar enn kva eg har gjort.



Eg har malt min med svart Shipolin som er båtmaling og tåler ein del del. Skal du beise den, bør du ikkje bruka impregnert material, då fargen blir forskjellig frå sponplata som er natur.
Legg merke til hylla over benken. Det er gamle ski som Bondens farfar har laga.
Har òg laga stige tidlegare av det andre paret.


Stripete puter og korg til oliventre frå Tinek og store kvite puter frå IKEA.

Vinen er satt på kjøling. Nokon som er med?
Kom kom ☺

post signature