mandag 7. mai 2012

Kreative bryllaupsinvitasjonar

Eg har vel nevnt det nokre gonger nå, men me skal altså i 4 bryllaup i sommar.
Desse to er det berre nokre få veker til.
I posten har me fått 4 ganske ulike invitasjonar. Frå kreativ, heimalaga og utanom det vanlege til enkel og stilrein kjøpt og betalt. Alle veldig fine, på kvart sitt vis.




Den mest kreative er utan tvil denna. Cd med personleg cover. På cden er det kart, overnattingstips, gåveliste. Bilete av brudeparet på framsida, navn på invitetre på innsida og sjølve invitasjonen på baksida.



Detta er ei av mine aller nærmaste og bestaste venninner. Og eg gler så vanvittig mykje til å feira dei om nokre få veker. Ingen tvil om at det blir eit gjennomført bryllaup frå morgon til kveld. Detta er ei frøken med sans for detaljar. Dykk skal nok få sjå litt bileter etterkvart tenkjer eg.
Eg hugsar at eg hadde mange idear før mitt.. eeh.. vårt bryllaup, men mot slutten av planlegginga blei det litt sånn at eg droppa det og gjekk for det enkle heller. Hadde ynskje om runde bord og grønn (aller helst mintgrønn) gamal bil for eksempel. 
Denna bruda trur eg nok gjennomfører det meste, utan at det blir overdådig på nokon som helst måte.
Det er forresten eit tips til deg som skal gifta deg:
Gjennomfør draumen din, ikkje velg det enkle berre for at det er enklast slik viss det ikkje er det du eigentleg ynskjer. Du kan fort enda opp med å angra.
Eksempla mine er jo berre fille ting, og dagen blei sjølvsagt heilt perfekt.

 


Denna litle fortellinga var trykt på baksida av invitasjonen til eit syskenbarn me skal i bryllaup til nå i mai. Synest denna var så herleg. Og ekstra herleg var det at nettopp du hadde den. Du og eg var (er) jo kjempe fan av Ole Brum. Det er ikkje lenge sidan eg leste gjennom brev og Ole Brum-bursdagskort frå deg. Tenk at du gadd å skriva så mange brev til meg som berre var ein liten drittunge ;-)
Det seier ein heil del om deg ♥ 
Kor mange gutar var det eigentleg eg hadde eit godt auga til?!
 Det var visst ikkje få. Jaja, slik er det å væra fjortis ;-)
Bryllaup på Voss, det gler me oss til.


post signature

8 kommentarer:

  1. Det er gøy med kreative invitasjoner:)
    Sommeren blir jo en eneste stor bryllupsfest for dere:).
    Vi hadde også ett år med mange bryllup, men så har det vært stille etter det. Går litt i rykk og napp!!
    En fin ny uke til deg:)
    Klem Veronica

    SvarSlett
  2. Så gøy med så mange bryllup!!! Er helt enig i at det er stas med invitasjoner, det er jo så forskjellig hva folk skriver og kreerer! Morro med litt inspirasjon fra andre også!
    Ole-Brumm-sitatet er jo bare herlig..

    Ha en fin kveld,
    klem fra meg!

    SvarSlett
  3. WOW!! Så utrolig kreativ og morsom invitasjon!!:)

    Håper du får en super uke,
    Klem Jatte:)

    SvarSlett
  4. Eg er nå gift allerede...;) men tips til invitasjonar er ALLTID kjekt! Klem Kjersti

    SvarSlett
  5. Så kule!! Har sendt dem videre til brura jeg er forlover for ;-)

    SvarSlett
  6. Elsker ideen med cd coveret! Genialt :)

    SvarSlett
  7. Har aldri sett på deg som ein drittunge ;) De var jo nesten søstre for meg og systo de òg! :) Veldig glad i deko alle enndå ser du - og Ole Brummen e no ein veldig klok sak som sjølv om han ikkje har anna enn "vatt" mydlo øyro :) Snakkast neste helg, blir bra om det blir eit "enkelt" bryllup ;D

    Klem frå Trude

    SvarSlett