lørdag 1. oktober 2011

Norsk Frukt og Laksefest 2011

For ein månad sidan var det Norsk Frukt og Laksefest her på Hjelmeland. Frukt, mat og underhaldning samt kunst og handverk i ein god blanding dannar ramma for den store familiefesten.




Årets gjesteutstillar var Jane Linda Gausel Olsen med sin keramikk.




Det er første året eg er ansvarleg for Spinneriet, men forhåpentlegvis ikkje siste. Har fått ein del tilbakemeldingar på at eg gjorde ein god jobb og det er jo veldig kjekt å høyre!
Neste år skal eg gjera ein endå betre jobb. Nå veit eg jo tross alt kva det går i. Har allereie byrja å leita etter gjeste-utstillar og andre utstillere. Så om du har eitt forslag, er det berre å gi meg ein lyd. Du som har vore her før, er sjølvsagt òg velkommen igjen!




Galleri engler var på plass også i år.




Pels-strikk fekk pris for Beste utstillar i Spinneriet.




Flotte Kvame Kjøkken blir laga for hånd av Lars Kvame.




I tillegg til å ha ansvar for handverk-gjengen, var eg ansvarleg for laurdagskvelde. Der stenger me av kaiområdet nede i Vågen og byr opp til dans. I år var det Stavangerensamblet som stod på scenen. Ettersom me ikkje har så mange puber(les: ingen!) brukar me party-telt som kveldens pub. Du kan ta pub-runden mellom 3 party-telt og denne gong hadde me òg med oss MS Jøsenfjord som òg hadde ein tappestasjon. Før Stavangerensamblet kom på scenen spelte 3 trubadurar rundt om i telta.

Eg som til vanleg ikkje pleier å ha ansvar for større arrangement eller grupper, likte faktisk veldig godt den rollen. Eg er flink til å holde hovudet kaldt og blir sjeldan stressa (noko som irriterar Bonden grønn til tider..). Håpar eg får lov neste år òg!

post signature

2 kommentarer:

  1. Hei !
    Så kjekt å finna folk fra Hjelmeland her inne :)
    Sjølv er eg ganske ny her inne, men kjekt å prøva litt ;)
    Ser du bur på gard du og - me driv med melk og slaktgris. Trivest veldig godt med gardslivet !

    Ønsker deg ein fortsatt fin lørdags kveld !
    Klem Birgit

    SvarSlett
  2. Gratulerer med vellykket arrangement :)
    Så kjekt dette hørtes ut...
    Klart du må få fortsette neste år!
    Klem May Helen

    SvarSlett