mandag 28. november 2011

Nytt bilete på veggen

Dette biletet har eg drøymt om leenge. I it. Det er Randi med den fine bloggen RoSaLiGa som har tatt det. Takk for at eg fekk kjøpa det!




Eg har òg framkalla eit bilete av gromkua, men det har ikkje komt på veggen ennå. Hadde tenkt å henge det i stova, men synest det blei for mykje der det først var tenkt. Difor tenkte eg hadde det kunne henge i trappa, men det synest ikkje Bonden noko om. Då hadde han plutseleg noko han skulle ha sagt om interiøret. Som han ellers sjeldan har ei meining om. Det er jo tross alt gromkua..




Me møttes på halvveien. Det skal henge i gongen.

Så var ei ny veke i gong. Og denne veka byrjar desember. På onsdag er det bloggtreff sjå finaste Martha.
Gler meg til å treffe dei herlige bloggejentene igjen ♥

post signature

søndag 27. november 2011

Unblogged - utfordring

Manuela har igjen utfordra oss. Denne gong ein litt annleis enn alle andre. Eg har tenkt tanken og synest det var morosamt at den utfordringen kom.

Sjå min fine svibel innpakka i papir med tape og hyssing surra rundt..




Her er sanninga..


Whaat?! Rot?!

Jada det ser pynta og fint og perfekt ut rundt om i Blogglandia. Men det er nå ein gong slik at me berre er mennesker me òg. Med rot og mangler rundt om i huset. Mangler du nokre lister rundt om i huset f.eks.? Ja, eg òg, opptil fleire..

post signature

lørdag 26. november 2011

Har du huska Gje-borten min?

Har du lyst å vinna ei himalaga vimpelrekka?




Detta må du gjera for å ha ein sjangs til å vinna:

- 1 lodd for kommentar på innlegget, skriv kor mange lodd du har tatt.
- 1 lodd for å følga bloggen min gjennom Google kontaktnettverk.
- 1 lodd for å lika Feien og Fjong på facebook
- 1 lodd for å dela gje-bort-innlegget på blogg eller facebook.

Går du for full pott, altså 4 lodd,
har du sjølvsagt større sjangs for å vinna. Seier seg kanskje sjølv.. ☺

Alle kan delta, med eller utan blogg.
Den 10.desember trekk eg 2 heldige vinnere av ei blå og ei lilla vimpelrekka.
Skriv gjerne kvifor ein du helst vil ha.
Lukka til!

post signature

fredag 25. november 2011

SDS - Betong-muffin til telys

Har du sitt alt det fina du kan laga av betong? Telysholdar av betong i plastbeger, adventstake i brødform eventuelt liggande melkekartong, smykkeholdar av pinne og betong. Og mykje mykje meir som eg berre ennå ikkje har sitt..




Her er min variant og dette kan du lett laga sjølv. Det du treng er:
- Muffinformer av papir
- "Muffinsteikebrett" (altså sånn brett med hull for muffin. Kva kallar me det då?)
- Mørtelmasse

Bland mørtelen etter anvisning på pakke. Ha i ønsket form. Vær tålmodig mens den tørker og vips den er ferdig!




Nesten som sandkakeformer.

Då er det berre å ønska dykk god helg igjen. Vekene fyk som vanleg..

post signature

onsdag 23. november 2011

I ♥ Hviit



Alle bileta er frå Hviit

 
Eg blir vel ikkje akkurat lei meg om eg får noko av dette til jul ☺
Mest av alt ønskjer eg meg Sweet lampeskjerm.
Kva ønsker du deg frå Hviit?

post signature

mandag 21. november 2011

Vil du sjå den nye headeren min?

Kva syns du?



Litt kjøt på flesk å visa den her når du allereie har sett den der oppe.
Men måtte jo få bilete med i bloggrollen din ;-)

post signature

søndag 20. november 2011

Frå brun til..

..grå vegg i stova.




Så snart Bonden gjekk på volleyball trening førre torsdag, var eg ikkje sein med å henta drill, maskeringstape og maling. Eg skulle tross alt ha 2 foreningar veka etter og har lenge tenkt at denne veggen skulle bli grå. Aller helst ville eg hatt panel, men det får heller venta. Det blei veldig fint sånn det er nå òg. Fargen er Jotuns Valmuefrø. Eg har brukt lang tid på å bestemma meg for farge. Det sto mellom Grå harmoni, Valmuefrø og Grå skifer. Då eg fallt for fargen på veggen til Veronicas hus og hu svara at den heitte Valmuefrø, var ikkje valget så vanskeleg lenger. Kjøpte maling og mala veggen allereie dagen etter. I Blogglandia får ein svar og hjelp til det meste.




Lampeledningen kjøpte eg i sommar på Bohemia og hadde tenkt å ha den på ein hylleknekt påveggen, men då eg såg varianten til Fjellby tok eg med meg ungane til vatnet nedanfor huset på pinnejakt. Lure eigentleg på kva barnehagetantene tenke når Jonah stadig skal ha med seg pinnar og diverse han finn på turane?!



Litt anna stil for nokre månader sidan.. Forandring fryder!


post signature

fredag 18. november 2011

Hurra for fredag og gje-bort!

Synest det var på tide med ein gje-bort.
Har tenkt på det i evigheter, men det har berre blitt med tanken.
Men er den altså her. Hiv deg med ☺


Måtte sjølvsagt bli noko himalaga denna gong òg.
Er ikkje det litt kjekt å vinna då?
Er iallefall kjekt å gje bort himalaga ting og tang,
 og synest sjølvsagt det er knall kjekt å få òg.

Detta må du gjera for å ha ein sjangs til å vinna:

- 1 lodd for kommentar på innlegget, skriv kor mange lodd du har tatt.
- 1 lodd for å følga bloggen min gjennom Google kontaktnettverk.

- 1 lodd for å lika Feien og Fjong på facebook

- 1 lodd for å dela gje-bort-innlegget på blogg eller facebook.

Går du for full pott, altså 4 lodd,
har du sjølvsagt større sjangs for å vinna. Seier seg kanskje sjølv.. ☺

Alle kan delta, med eller utan blogg.

Den 10.desember trekk eg 2 heldige vinnere av ei blå og ei lilla vimpelrekka.
Skriv gjerne kvifor ein du helst vil ha.

Lukka til og god helg!

post signature

tirsdag 15. november 2011

"Her e eg"

Detta er meg. Jenta på 27 år, mor til 2 søte små og fru til ein kjekk bonde.
Utdanna interiørkonsulent. Tidlegare har eg jobba med kjøkkensalg. Dei siste 3 åra har eg jobba i sport- og jernvarebutikk med interiørtjenestar på si. Nå har eg nettopp flytta frå butikken til kontor i same firma og driv nå med interiørtjenestar og litt som assistent på byggeprosjekt.
Veeldig spanande, utfordrande og kjekt!




Synest detta biletet viser litt kven eg er.
Ei litt finsleg bondekona ;-)

Før var eg guttajenta som kun gjekk i joggebuksa og hata dongeribuksa.Nå likar eg veldig godt å pynta og dressa meg opp, særlig i kjole og høge hælar. Men er fortsatt ikkje redd for å bli skitten på hendene og likar å vera litt handy og å ta i eit tak. Sjølv om eg kan vera forfengelig og alt det der, tar eg meg ikkje sjølv så høgtideleg (prøver så godt eg kan iallefall). Blyg i nokre samenhengar og svært lite blyg i andre.
Det skal nevnas at eg ikkje stilte opp på vorspiel med capsen og ikkje er det min, men det var slik eg gjekk ut på byen denne kvelden. Blir litt prega av å vera gift med ein bonde veit du ;-)

Detta er meg. Kven er du?

Eg bidrar med detta biletet i Lidyll sin utfordring som avluttas i dag og Øyeblikks utfordring som byrjar i dag.




post signature

fredag 11. november 2011

SDS - Lykt

Eg har Skapt Det Sjølv igjen.
Denne gong ei lykt laga av store ispinnar, syltetøyglass og lim.
Klippa av den eine enden slik at den blei rett på toppen i staden for bua, slik som i botn. Fort gjort i ein fei!






Akkurat nå er den naturell. Kanskje blir den beisa med drivved-beis ein dag?!




Har mala ein vegg i stova og sett opp ein ny lampe. Det blei fint. Gler meg til å visa dykk!

Fortsatt fin helg til deg som er innom ♥


post signature

fredag 4. november 2011

SDS - Stor kalender

Med litt tavlemaling, tape og nokre bokstavar frå Panduro har me nå fått ein ny kalender på kjøkken.





Bokstavane var fine slik dei var og vart ikkje mala som først var planlagt.





På øverste linje skal dagens middag stå, helst planlagt for heile veka. Det gjer det litt enklare å planlegga når ein handlar ein gong i veka. Kor mange gonger i veka handlar du? Tips: Du sparer både tid og penger på å handle ein gong i veka!



Ein ting er sikkert og visst - det er ikkje lett å skriva fint med kritt på vegg.


Nederste parti er ungane sitt. Her teiknar og rablar dei og øvar på bokstavar. Øverst har eg tenkt å ha nokre store bokstavar, men eg veit ikkje heilt kva. Nå som vekebokstavane kom opp, blei det ikkje så ille slik den er heller.





God helg mine trofaste følgere. Eg set pris på deg!

post signature

onsdag 2. november 2011

Har du Oslo tips?



Bilete er lånt frå Bolina


I morgon går turen til Oslo, til svigerinne og svoger. Ein tur me har prøvd å planlegga i eitt år nå.. På tide? Ja! Og me gler oss. Ja, til og med til bilturen ser eg fram til. Kveldane går som regel i PC/TV, eller Bonden skal berre gjera noko i fjoset eller eg må(!) male eller laga noko, eller den eine eller andre er på møte eller forening. Sistnevnt er nok kanskje mest meg.. Derfor synest eg det ofte er koseleg å køyra bil og ha tid til å snakka i lag. Nå høyres det ut som me lever eit travelt liv kvar for oss, men så ille er det altså ikkje ☺ Du kjenner deg kanskje igjen? Håpar eg?!

Det eg eigentleg vil fram til med detta innlegget, er om du har nokon tips til kva butikkar eg besøka? Interiør, klær og barneklær - alt av interesse.
Har du tips - blir eg glad!


post signature