mandag 18. april 2011

Perlebryllaup ♥

Nei, nei - ikkje bonden og meg, me har 27 år igjen til me når det..

Mor og far min har i dag vore gift i heile 30 år,
 perlebryllaup



Slik såg dei ut for 30 år sidan
- og sjølv om dei ser noko barnslegare ut der,
syntes eg eigentleg er dei ganske like seg sjølv ;)

10 reglar for ekteskapet

Elsk kvarandre
♥ Vis kvarandre kjærleik og omsorg
♥ Vær oppmerksomme mot kvarandre
♥ Vær trofaste mot kvarandre
♥ Vær ærlige mot dykk sjølv og kvarandre
♥ Lytt til kvarandre
Oppmuntra kvarandre
♥ Overrask kvarandre
♥ Støtt kvarandre
♥ Vær positive

Mamma og pappa
 - på vegne av meg og mine systre vil eg sei at me er kjempe glad i dykk.
Me gler oss til å vera samla alle mann alle frå onsdag til fredag,
og ennå meir gler me oss til familietur til Tyrkia i juni.

Ein gratulasjon til Anne Mona må eg òg få med, sjølv om dagen var i går ♥
post signature

søndag 10. april 2011

Litt fornyelse.. og vår ♥

..ja, berre litt denne gong.
Har beisa spisebordet i Jotuns Interiørbeis farge drivved
 - som jo er så populær!




Ny farge på bordplata og det mintgrønne skapet forandra heile kroken syntes eg.
Skal berre gjere noko med vegglampane nå, så skal eg vera nøgd ei stund.
Jaja, får nå sjå kor lenge det vara....
Skal ta litt fleire bileter av heile kroken ein anna dag.

For ei fantastisk helg me har hatt!
Håpar virkeleg våren fortset slik. Me har vore ute heile dagane.
Har berre åte frukost og kvelds inne.

Då det regna på det versta i januar, rann bekken over og gjennom tunet her.
Det resulterte i ei 50cm djup grøft i innkjørsla
 og mykje singel og grus på plenen.
Det same skjedde i fjor.
Nå er plenen igjen fiksa og det er herleg!

Har du lagt merke til kor grønt det har blitt rundt omkring dei siste dagane?
Her har iallefall både ekrer og plen byrja å grønka.

Vår er utan tvil mi favoritt årstid.

Joda, sommaren er ikkje så verst den heller, men den har ein som regel så mykje forventningar til. Og når den plutseleg er over før den omtrent har byrja, sit ein igjen og ikkje er nøgd med antall dagar med fint vær.
Om våren er me berre veldig takknemlege for dei fine dagane me får.
Iallefall er det slik eg tenker.

Ha ei fin og vårlig veke!

post signature

onsdag 6. april 2011

NIBs april utfordring - Gjer det sjølv!

Denne månadens NIB utfordring er
Gjer det sjølv!
Med så mange kreative og handy bloggera, blir konkurransen stor.
Sjå berre her.

Her er mitt bidrag.



Hylle laga av terrassebord og andre material rester eg fann i redskapshuset.
Hylleknektane er skjært ut med stikksag
 - mitt favorittverktøy -
som eg før var livredd for å bruka...
Nå i helga fekk eg ei lita opplæring med motorsaga. Den har eg iallefall vore redd!
Nå ønskjer eg meg ny batteridreven ettersom den andre skjærer litt skjeivt.
Kan ha med at eg brukte den på litt for tjukk material..?!




Ser at andre har sendt inn to bidrag, då gjer jammen eg og det.
Forstår at det er vanskeleg å velga ut berre eit bidrag.
Dette er på vaskerommet, det er denne inngangen me brukar til dagleg.
Også har me heldigvis ein inngang for gjester!
Sjølv om dette ikkje er veeldig dekorativt, så er det iallefall veeldig praktisk.
Og heimelaga - av meg.
Har planar om å gjer det ferdig ein dag.
Kommoden er nå vekke og eg har tenkt å laga ei skohylla på den
 andra sida og og ei skohylla langs heile golvet.
Ein vakker dag - som så mykje anna........

Etter gårsdagens torden er me utan internett.
KRISE - spør du meg.
Då lurar eg meg til å hive inn eit innlegg og NIBs april utfordring på tampen av arbeidsdagen.
Hyyysj...


post signature

søndag 3. april 2011

Enda ein gi bort..

..sjå Henriette.
Sjekk denna stilige gamle isboksen!




Hu har nådd 100 følgera på eit blunk!

post signature

fredag 1. april 2011

Personlig almanacka

For nokre månadar sidan tipsa Vibeke om ei nettside der
ein kunne laga seg ein Personlig almanacka.
Takk for tipset - det har eg gjort!




 
Ein kan sjølv velje kva bileter, fargar og tekst ein vil bruka.
Om ein vil ha liten, mellom eller stor.
Kjempe fin og personleg!

post signature