lørdag 31. desember 2011

Nyttårsbord og feiring x2

 
Siste dag av 2011 er her og akkurat på årets siste dag, runda eg 100.000 besøkande.

Hurra!

Det skal feiras med god middag og gode vener, pakkelek og raketter.
Ein anna dag skal dykk få bli med å feira med ein gje-bort.










Her er bordet dekka til fest igjen.
I år som i fjor, feire me både jul og nyttår hjå oss.
Det passa best slik i år.

Tusen tusen takk til alle dykk sm har besøkt meg i år og lagt igjen koselege kommentarar. Set stor pris på kvar og ein, sjølv om eg ikkje har vore like flink å svara alle.
Og tusen takk for alle fine blogge-venninnene eg har fått i år.
Gler meg til å treffe dykk igjen og forhåpentlegvis mange fleire.

Dykk er fantastiske herlige jenter! ♥


Godt nyttår alle saman.


post signature

fredag 30. desember 2011

Årets juletre..

..som snart er på veg ut dørene.
Koseleg med juletre, men når me nå snart byjar på nytt år, er eg veldig klar for å få det ut.
At det skal stå heilt til 13.dag jul, Jonahs bursdag, er litt for lenge synest eg.
Då er me jo i full gong med bursdagsfeiring-planlegging.




Ett lite og litt pjuskete tre fekk koma inn i varmen også i år.
Sånn utenom at det kanskje mangler nokre fåå greiner, var det ikkje så aller verst..
I denne juletrefoten passar det uansett ikkje med eit svært og fyldig tre.





Fine heimastrikka Arne&Carlos kuler.
Det er nok ikkje heimastrikka i detta huset, men i eit anna hus på Fister.





Og litt heimelaga pynt av Jonah og meg. Laga av fimo-leira og pepperkakeformer.


post signature

onsdag 28. desember 2011

Dekka bord til jul..

Bordet blei dekka litle julafta. Det er noko eg kosar meg med.
I grunn ganske enkelt, men desse serviett pom pom'ene gjorde ein del av seg.









Til nyttårsafta skal det pyntas til nye gjester. Det blir nok ikkje heilt ulikt.
Vekk med det røde og inn med meir kvitt tenker eg.
Plutseleg kjem eg på noko nytt når eg held på..


I kveld skal eg bya meg litt med ein fin gjeng med jenter og søstrene mine.
Ete god indisk mat og det blir nok ein liten bytur.
Gler meg!

Forresten.. eg har eit mål i løpet av 2011 og det er å runda 100.000 besøkande.
Ikkje mange igjen så det skal me klara.
Du hjelper kanskje til?


post signature




mandag 26. desember 2011

Julafta..

Jul er fint
Familiekos
God mat
Spenning
Glede

Julafta feira me heime hjå oss
med Bondens søsken med ungar og foreldre.


Spente ungar venter på gjestene


 


Å ta bilete av spente ungar i ei mørk stove er jammen ikkje lett
 (iallefall ikkje når ein plent ikkje skal bruke blits..)



Og endelig kom julenissen med pakkar til snille ungar. Ein nisse med masse hår og skjegg og kjent stemme..
Det blei ei fin feiring. Ungane var tålmodige og snille, tross lite soving det siste døgnet. Mellom middag og dessert fekk til og med me vaksne sette oss ned eit øyeblikk, mens ungane var oppe å leika. Hadde ikkje venta den tålmodigheita..

Takk for fin feiring!

post signature

tirsdag 20. desember 2011

Tips om gje-bort

Mathildes skatter har ein fin gje-bort gåande til den 30.desember.




Mugtail kopp med katt er premien. Synest desse er så søte med hale som hank.
Gå innom å bli med då vel!

post signature

mandag 19. desember 2011

Vinnerne er..

.. Jenny, Norge og Linnerud.

Hurra!!!



Grattis alle saman. Vel fortjent!
Reknar med det var fleire som satt å heia i går kveld. Spanande i starten, men dei fekk raskt overtaket og vant soleklart og fortjent.
Det gjorde også Jenny i Idol finalen på fredag. Eg har eigentleg ikkje fulgt så mykje med, fått med meg litt av og til. Men meir enn nok til å meine at Jenny burde vinne. Og det gjorde hu jammen. Eg måtte til og med gje henne ein stemme.

Sist, men ikkje minst, Hege Anita utan blogg med gje-borten min og premien frå Ein rød knapp.
Premien blei sendt i ettermiddag.

post signature



Måtte jo få..

..litt By Nord i hus eg òg.




Var ein kjapp tur innom KULL på Tvedtsenteret før eg skulle på bloggtreff for nokre veker sidan. Litt julehandel - Til meg sjølv.


Kjøkkenhåndkle med elg, ulv og dåhjort. Kanin, ekorn og fuglehus. Alt frå By Nord

Når eg kom heim oppdaga eg at eg hadde plukka med meg heile 3 kjøkkenhåndkle. Oops, eg skulle jo berre ha eitt. "Pytt pytt!" så Frida ville sagt, eg skal då få bruk for dei andre 2 òg eg. Eigentleg litt rart at eg ikkje reagerte på prisen?! Men var rett og slett berre fornøgd med handelen ;-) Vims?!


post signature

søndag 18. desember 2011

Jonah ynskjer seg..

Eller ja, som eg sa om Fridas liste: Mor synest Jonah trenger(?) blir meir korrekt.



1. Tøfler frå Mitt Rom 2. Puslespel frå Sebra 3. Linskjorte frå Norlie 4. Sengesett frå Blafre 5. Sakkosekk frå Cocoon Coutore 6. Trillekoffert frå Mitt Rom

Veit du ikkje kva du skal kjøpe til ein liten gutt nå i siste innspurt mot jul?  Kanskje du får nokre tips her. Sjangsen er vel heller stor for at gåvene nå er kjøpt inn. Eg for min del mangler nokre få og må ta meg ein bytur igjen på tirsdag. Veit sånn nokon lunde kva eg skal kjøpe, så eg synest eg har ganske god kontroll.

Nå er straks VM finale. Heia Norge!! Håpar på ein nesten like spanande finale som i 98(det var del i 98?!). Hugsar veldig godt at den var svært nervepirrande. I morgon kjem eg tilbake til vinnaren av gje-borten min. Følg med!
post signature

fredag 16. desember 2011

I ♥ Hviit 2



Tenk å fått denne lampa til jul.... Kjære Bonde, har du fått det med deg? Eller, kanskje det er du som skal få denne lampa. Du som plutseleg ein sjeldan gong glimtar til å bryr deg om interiøret ;-)
Alt er sjølvsagt frå Hviit og kan besøkes her. Denne lampa fekk ein kunde til å kjøpe tidlegare i år. Hu fallt pladask for den og det forstår eg godt!

Har du huska å bli med på gje-borten min? Siste frist i dag!
post signature

torsdag 15. desember 2011

Nye lamper

Jaja, nye og nye fru Blom. Det var visst i oktober eg fekk dei i hus.


9 dagar igjen til julafta. Sei meg, kan du fortella meg kor tida blir av? Tenk hadde førjulstida gått så fort når me var små...

post signature

mandag 12. desember 2011

Vinnerane er..

Hadde heilt gløymt ut kor kjekt det er å ha ein gje-bort. Det må eg definitivt ha fleire gonger. Du har vel fått med deg at eg har ein gåande nå òg?! Sjå gårsdagens innlegg!






Av dei 3 premiane eg har delt ut (inkl. forrige gje-bort), er det ingen som har reist så veldig langt. Den blå reiser til Annfrid i Egersund og den lilla til Guro i Sandnes. Begge jentene kjenner eg. Akkurat som på forrige gje-bort. Jada, lotteriet skjedde på ærlig vis på random. Om eg har bevis?! Nei.
Annfrid har eg blitt kjent med på bloggtreff og Guro er frå nabobygda og eg oppdaga nettopp at hu har ein kjempe fin blogg.

post signature

søndag 11. desember 2011

Ny Gje-bort

Den forrige gje-borten min er akkurat avslutta og nå køyre me i gong med ny. Denne er i samarbeid med En rød knapp som eg har nevnt nokre gonger her. Kort frist på denne så hiv deg med med det sama ☺


Dette fine sinkhuset fra Walthers er fint til å henge på ein kvist. Ein stor kvist vel og merke


Det einaste du treng å gjere denne gong:
1 lodd for kommentar
1 lodd for å legge deg til som følger
1 lodd for å like En rød knapp på facebook.

Det skal då ikkje vera så vanskeleg å få 3 lodd her.
Siste frist er førstkommande fredag, altså 16.desember. Så rekk du å få det til jul ☺

Eg skal prøve å koma tilbake til vinnar av vimpel gje-borten i løpet av kvelden. Akkurat nå sitt eg i byen, så eg må iallefall først koma meg heim ;-)
Fin 3.søndag i advent til deg!

post signature

torsdag 8. desember 2011

Siste frist..

..for å bli med på gje-borten min er i dag. Legg igjen ein kommentar her.






Bli nå i det minsta med med eitt lodd heilt på tampen ☺


post signature

Sophora Prostrata

Heiter denne planta som er ganske lik Corokia. Var lenge på jakt etter den populære planta, men nå er den visst ikkje lenger å få tak i. Sesong slutt.




Men dei kjekke jentene på Blomsterhjørna på Hjelmeland kunne fortella at denne var ganske lik og bestilte den ekstra inn for meg. For ein service. Takk! Den manglar berre sølvfargen. Og om ein absolutt skal ha det, er det vel berre å spraye den litt?! Det kjem eg sikkert til å gjere når den visnar.




Ja, for det kjem den til å gjera....  Synest den er vel så fin med grønne blad eg. Og lekker i Tine K potta som har stått ganske einsam ei stund.

Nå er det fredag og helg - igjen. Eg skal på julehandel i byen og overnatting hjå bestaste Tove

post signature

Bloggtreff ♥

Førre onsdag var me invitert til finaste Martha. Mange kjekke og sprudlande jenter, som er lett å bli glad i, møtte opp. Skravlinga går i ett, heilt til eg plutselig må gå for å rekke den forbaska ferja. Faktisk måtte Silje gå før meg pga ei anna ferja. Og ja, eg rakk ferja denne gong..


Fina Dina som er glad i mandarina ;-)





Frå venstre har me Annfrid frå Egersund med Min glede, Lisette med Lisettes perler sit med ryggen til, litt gøymt bak hu har me Linnea med Tre to en, Tonje med Dagdrømmeren, Kristin med Kissamelissa/Tante Kissa og Torbjørg med Torbjørg i Stavanger.





Tok visst ikkje så mange bileter denne kveld. Gløymer det ut når ein sit å skravlar.



Frå venstre her sit Eli med bloggen Frøken Fryd, Silje med Siljes blogg kom heilt frå Haugesund, May Helen med KROnPRINSESSENE, Cathrine med Cathrines hjerterom(sitt i ro neste gong, Frøken), Hilde med Hildemor og vertinna sjølv Martha med Marthas lille boble.

Gler meg allereie til neste gong!


post signature

tirsdag 6. desember 2011

Vinn førjulsgåve hjå STUDIO






Kvar søndag frem til julaften, deler STUDIO ut førjulsgåver til leserne.  Du kan delta i konkurransen ved å gå inn her. Kvifor ein er din favoritt?! Sjølv om eg likar veeldig godt den blågrønne, går eg nok for den kvite.


post signature