tirsdag 31. mai 2011

3 års bryllaupsdag ♥

31. mai
Ja, i dag har me vore gift i 3 år,
 og same dato for 10 år sidan blei med kjærestar.




For ein dag det var...
Ein dag eg aldri kjem til å gløyme.
Kunne gjort det igjen - med same mann sjølvsagt!

I dag har me feira med 2 retters middag , same som på bryllaupsdagen.
Og nå er det snart kaketid. Og den er sjølvsagt lik bryllupskaka!
Har altså ikkje tatt på oss klærne for anledningen - det får me gjer nå me har sølvbryllaup.
Om dei framleis passar..

I helga var me i bryllaup til storesøster.
Mogleg at eg er litt patriotisk, men aldri har eg sitt så fin brud
og mannen var òg veldig flott.
Nydelig bryllaup med kjekke og livlige gjester.

post signature

onsdag 25. mai 2011

Focaccia


Sjølv om dette ikkje er ein matblogg,
 vil eg dela oppskrifter eg syntes er gode med dykk i blandt.


Focaccia

7 dl vatn
1 pk fersk gjær
1 dl olivenolja
1,5 ts salt
2 ts sukker
14-15 dl kveitemjøl
6 soltørka tomater
1 ts timian (tørket)
2 ts oregano (tørket)
Havsalt

1. Løys gjæren opp i lunka vatn og ha i olja, salt og sukker.
2. Bland så inn mjøl og elt deigen til den blir ganske grautaktig.
3. Dekk til bolla og la den heva i 30-40 minutter.
4. Hakk soltørka tomatene i små biter, og rør dei inn i deigen saman med timian og oregano.
5.Hell deigen i steikebrettet. Strø masse salt og olja over.
Syns aldri eg får nok av det!

Steikes på 180 grader i ca 20-25 min.



Saftig og god!


post signature

mandag 23. mai 2011

Dress my nest

Manuela har ein liten utfordring på gang.
Eg er vel litt seint ute, men hiv meg med alikevel.




Utfordingen er inspirert av ein britisk serie der dekoratøren
 Thom Filicia brukar kvinners yndlingsantrekk til å innrede heimen sin.
Brunt og mint går igjen i både garderoben og i heimen for tida.
Her er det finstasen som skal brukas til helga som blir vist fram.


post signature

tirsdag 17. mai 2011

Hipp hipp..

..hurra hurra hurraaaa!

Gratulera med dagen kjære du!

Tøffingen klar for tog.



 
Mor og Frida



Jonah og bestevenninna.
Ingenting å sei på kjemien mellom dei..



Frøken Frida i farta for å finna sko.
Hu har allereie skodilla. Kor har hu det i frå monn?!



 
Ein hoppande glad gut, klar for is, pølsa og 60 meter.

Håpar dykk alle har hatt ein fantastisk dag!

Er det berre eg som blir litt rørt på 17.mai?
Jaja, eg blir veeeldig lett rørt.
Koss skal det gå i søsters bryllup i neste veke?!
post signature

søndag 15. mai 2011

Heimesydd vimpler..


..ikkje at det er noko nytt i blogglandia.. ;)


Ei god venninne fekk vimpelrekke til den herlege gutten sin som blei født i september.

Hu likte den så godt at hu nå bestilte 3 stk til
 3 søte små 1 åringar som hu skulle i selskap til i helga.




1 gut og 2 jenter




Håpar dei blir glad for vimplane.




Har endeleg funne fram symaskina igjen.
Den var kaputski nokre månader og etter eg fekk den igjen har den fått stått i fred stakkar.




Nå fekk eg ei ny bestilling av søstera til venninna mi. Det er kjekt!

post signature

onsdag 11. mai 2011

Boligstyling


Som du kanskje har fått med deg, starta eg for meg sjølv
 som interiørkonsulent for eit halvt år sidan.
Det syntes eg var både spanande og skummelt.
Men det var jo ingenting å frykte!
Oppdrag har eg fått - fleire enn eg hadde trudd nå i starten.
Og eg får bekreftelsar frå kunder at dei er nøgd.
Det betyr mykje å høyre!




Nå held eg må med boligstyling av ein leiligheit i Årdal.
Den har stått tom, heilt tom, nokre år nå.
Nå gjekk dei for prøve å bruke interiørkonsulent.
Det er visning nå til helga, og eg er veldig spent på om den vil bli solgt i nærmaste framtid.


Kvit Tolix stol 1899,-
Sjekk dei søte kloggene på stolen ☺


Nips har eg lånt frå "en rød knapp" på Tau.
Alltid kjekt å kome innom her å snakke med dei kjekke jentene bak disken.
Her finn ein garantert mykje fint.
Klær til søte små, klær til deg sjølv og interiør!




Møbler og resten av pynten er lånt frå Møbelringen Jørpeland.
Her har eg òg vore innom ein del gonger dei siste vekene og fått god hjelp.




All pynt på badet er frå En rød knapp


Legg merke til at lyktene av merket Feien & Fjong òg er på plass ☺

Er det noko du lurer på kva kostar eller kor du kan få kjøpt,
 er det berre å spør.

Takk Møbelringen Jørpeland og En rød knapp!

post signature

søndag 8. mai 2011

Dare to be different..

.. er slagordet til Hotel Malmaison
 - Eit gjennomført og stilig hotell i Aberdeen!
Eg fallt sjølvsagt for interiøret..

Det var òg ei spa avdeling på hotellet.
Skulle sjølvsagt vore innom der å sitt å tatt bileter, men det blei ikkje med det.
Eg kan absolutt anbefala eit besøk til dette hotellet!












Me er nå altså komne heim frå ein kjempe kjekk tur
 med gode kollegaer med følge.

Må gjentas!

post signature

torsdag 5. mai 2011

NIBs maiutfrodring - Festbord


Det passa fint at det var min tur å ha forening, med byjentene
 og kloke Lene-Pene som bur på rett sida av fjorden, denne månaden.
Det er nemleg tid for ny utfordring hjå NIB og denne gong er det festbord som er tema.
Skal du dekke til barnadåp, sommarfest eller kanskje berre ein romantisk(!) aften med din kjære?!
Bli inspirert her




Her er mitt bidrag.




Søte fuglar på greiner



God helg til deg som tittar innom ♥

post signature

tirsdag 3. mai 2011

Eit ørlite livsteikn og hint..

Jada, dagane går.. men eg er her, berre ikkje så synleg som eg kunne ønskja.
Skal koma sterkare tilbake nå som eg får litt betre tid ettersom ungane
 har fått ein dag ekstra i barnehagen. Me har enno torsdagen fri i lag,
det er herleg!!

Her kjem eit lite hint på noko av det eg driv med akkurat nå.
Det kjem fleire bileter når eg er heilt ferdig.




Alt nips kjem frå Møbelringen Jørpeland.
Takk for kjempe god service!



På fredag reiser me til Aberdeen med kollegane mine med følge.
Gleeer meg!

Før det skal eg nok få til eit innlegg til, det er jo ny utfordring på NIB.
Denne gong er det festbord som skal visas fram.
Då passa det jo fint at det var min tur med forening med byjentene i morgon.


post signature