torsdag 31. mars 2011

Kom inn - så kan du få bli bittelitt betre kjent med meg..

Har fått 2 awardar som det òg følgje ei lita utfordring med.
Svara på 10 spørsmål.
Dei fekk eg av Hjemmekos og Trines Gleder





Takk!
 1: Kvifor byrja du å blogga?
Etter å ha saumfart bloggar ei stund, byrja eg på ein måte
 å blogge inni hovudet mitt.
Altså.. Når eg gjorde forandring i heimen og diverse,
tenkte eg "Det sko eg ha blogga om!"
Til slutt hoppa eg i det. Ettersom eg starta for meg sjølv
 som interiørkonsulent på same tida,
tenkte eg òg at bloggen kunne fungera som mi nettsida
og at det kunne verte god reklame for meg.
Håpar det fungere ;)
2: Kva bloggar følgjer du?  
Interiørbloggar med alle slags stilar.
Synest det er kjempe kjekt å få inspirasjon frå alle kantar og det å sjå forskjellen
 på dei ulike bloggane og stilane.
NIB har ei grei oversikt over interiørbloggar.
Der er eg innom dagleg!
 3: Favoritt makeup-merke?
Uten tvil - ID Bare Minerals

4: Favoritt klesmerke? 
Har ikkje nokon favoritt eigentleg. Går i alt frå Fjellreven til Noa Noa.
Litt forskjellige stilar altså.

5: Ditt "må-ha" makeup-produkt?
ID foundation

6: Favorittfarge?
GRØNT
Det har det vore i mååånge år.
Frå mintgrønn til frisk grasgrønn!


7. Parfyme?
Variere. D&G Light Blue


 8: Favorittfilm?
Ingen favoritt - men romantisk komedie med ein flott kjekkas slår aldri feil sjå meg.
Bonden er ikkje like enig. Særlig ikkje filmar med Hugh Grant. Han som er såå sjarmerande ☺
Thriller er òg bra.


9: Kva land vil du besøke og kvifor?
Åå - men det er nok ikkje berre eit.
Thailand
USA - Særlig New York og California
Island
..for å nevna nokre.

10: Fem ting du alltid har i veska di?
Brukar kun veska når eg er ute å reise, og då med skulderreim.
Syns berre det er bale å gå å dra på.
Men har mykje rart i lommane!
Så skal eg gi awarden vidare.
Eigentleg til 10 stk, men eg halvere og gir til 5.
Det er absolutt ikkje fordi ikkje fleire fortjene den, men eg ser jo at fleire allereie har fått den.

Snikkerbuo
Mammas Hus
Noe på Hjertet
I mitt lille rekkehus
Henriettes Hus

post signature

mandag 28. mars 2011

Give Away sjå Henriette

Henriette med den koselige bloggen Henriettes Hus har give Away.
Ho feira at ho har passert 40 følgere og at det snart er vår.
Det vil eg sjølvsagt vera med å feira!



Henriette legg ofte igjen ein hyggeleg kommentar, og det set eg så stor pris på.
TAKK!

Hipp hipp for Faster i dag ♥

 
post signature

søndag 27. mars 2011

Bryllaupsinvitasjonar

Storesyster skal gifta seg og eg var så heldig å fekk vera med å laga invitasjonar.






Og viss du lura på om eg er ein smule inspirert av Cecilias verden,
 så ja - veldig ;)



Antrekk: Det du syntest kler deg best!

Nok ei fin helg er snart forbi.
Denne har me tilbrakt på ei hytte på Vågsli i lag med vener.
Fantastisk påskevær i går!
Og når me kom heim låg pusekatten vår på trappa,
 halvveis gøymd inni vedsekker med ein ganske nyfødt kattunge.
Den har fått navnet Lars ettersom onkel Lars har bursdag i dag ☺
HIPP HIPP!

post signature

torsdag 24. mars 2011

Skap i ny drakt

For nokre veker sidan kjøpte eg ny kjole
 som skal brukas i bryllaupet til storesøster i mai.
Eg var på jakt etter ein grønn kjole. Ennten frisk grasgrønn eller mintgrønn.
Kom over denna på Oasis og fallt pladask!

Nå heng den på vitrineskapet i spisestova og eg likar fargen meir og meir.
Så godt at eg har kjøpt matchande maling og mala det gamla skapet.
Fargen blei sjølvsagt litt mørkare og skarpare enn prøven.
Men fin likavel!




Den er vel meir gråmint enn mint
Ja, eg likar grønt - i omtrent alle tonar og nyansar!




Slik såg skapet ut før.
Og før det igjen var skapet trekvit, slik som resten av settet framleis er.
Det står på soverommet og i gongen.



På Hjelmeland Samfunnshus.
Premiere i kveld.
Me har billettar igjen på Enkel-butikken til alle 3 forestillingane.
Det blir garantert bra!


post signature

søndag 20. mars 2011

En rød knapp

"en rød knapp" er ein koseleg butikk,
 som ligg rett ved bensinstasjonen på Tau i Ryfylke.
Innanfor døra finn du ei herleg blanding av designklær til damer og born,
 samt nydeleg interiør.














Verdt å ta ein tur innom!

Tusen takk for gratulasjonar ♥
post signature

torsdag 17. mars 2011

Hurra for meg..

..som fyller mitt år!

I dag har det gått i kake, song, gratulasjonar og presangar.

Til meg!

Eg er så takknemleg.

Og då passa det så bra med rekordbesøk på bloggen på nettopp min dag.
Ta turen innom Anettes Hus, så ser du kvifor ☺




Gulrotkake
1 l kveitemjøl
3 ss bakepulver
2 ts natron
8-9 dl brunt sukker/ demerarasukker
4 ts kanel
8-9 egg
1 ts salt
6 dl soyaolje
ca 16 dl fint raspa, rå gulrøtter

Krem
500 g kremost, naturell
500 g mjukt usalta smør
ca 1 kg melis
frø av 1 vaniljestang
ev revet appelsinskall og sitronskall

Slik gjer du:

Bland saman dei tørre ingrediensene. Tilsett ett og ett egg om gongen.
Spe vekselvis med olje og gulrøtter til alt er blanda,
ikkje rør for mykje (då blir kaka tung og seig).
Kle ei langpanna med bakepapir og fordel røra jevnt utover.
Steik på nederste rille i forvarma ovn 180 C i 45-50 min.
Avkjøl kaka på rist til den er lunka før kremen smøres jamnt utover.

Ost og smør til kremen bør væra romtemperert.
Ha ost i ei kjøkkenmaskin og kjør til ein glatt krem.
Tilsett mjukt smør i små klatter.
Ha i melis og smak til med vanilje.
Ikkje rør for lenge i kjøkkenmaskin,
då kan kremen skilja seg ( pga at den inneheld mykje fett).
Smør kremen over den lunka kaka.
Fordel over finreven appelsinskall
og sett kaldt eit par timer slik at kremen stivner. 
Tips: Oppskrifta kan halveras og steikas i ein lita langpanna
eller ei rund form 26 cm.

Oppskrifta er frå Wenches kjøkken.

Kjempe god og saftig kake!

Lite viktig info:
Som til og med eg fekk til på første forsøk.
Det vil sei - etter først å ha gløymt egga som først blei oppdaga etter at røra var lagt ut på langpanna..
Men etter litt miksing og triksing, blei den veldig bra til slutt!
Og om du ønskjer å laga muffins - bruk for all del muffinsform i metall som ekstra støtte.
Jada, snakkar av erfaring, så det var vel heller andre forsøk..

post signature

tirsdag 15. mars 2011

Bloggetreff i Rogaland og award




Manuela arrangerer bloggetreff for interiørbloggere i Rogaland.
Kjem du?
Det gjer eg!
Gler meg til å ble betre kjent med jentene bak dei
fantastiske bloggane eg er innom omtrent kvar dag.

Mens me er inne på Manuela. Den bloggen du innom.
Kreativ og produktiv jente.
Ho vann nettopp ein peis i Tid for hjem-konkurranse med eit kjempe stilig heimesnekra bord.
Er det rart eg blir inspirert?

I tillegg må eg takke Hilde med bloggen I mitt lille rekkehus som har gitt meg min første award!
Tusen TUSEN takk! Set utruleg stor pris på det :)


Då vil eg gi denna awarden videre til 5 blogger eg besøker titt og ofta.
Dei er alle vel verdt eit besøk og takk for at dykk slepp
 meg inn i heimen dykkar og gir meg masse inspirasjon:


Ikkje akkurat lett å plukka ut 5 stk blandt mange fine bloggar...

post signature

søndag 13. mars 2011

Min favoritt!

Anette har ei ny utfordring til oss.
"Min favoritt" - det kan væra eit møbel, ein gjenstand, ein detalj e.l.

Om eg må velga ut ein favoritt, må det bli denna:




Bjelken frå det gamla taket i løa.
Biletet som visar heile bjelken er òg favorittbiletet. Det er liksom blitt min "signatur".
Det er med på biletet på facebooksida mi, Boligpluss si bloggside,
almanakken min og på visittkortet som snart er i trykken.
(Berre der heng bileta på veggen beint. Synd viss ikkje du la merke til det no,
 så berre måtte eg påpeika det.. Men er det ikkje slik me er?!)

For ei fin utfordring!
Plar som regel ha fokus på ting som eg ikkje er nøgd med og som skal betras.
No fekk ein liten påminning om det eg er særs nøgd med for ein gong skuld.
Og det var meir enn kva eg hadde trudd!
Takk Anette ☺


post signature

tirsdag 8. mars 2011

Unn deg litt velvære..

I Hjelmeland er me så heldige å ha eit spahotell,
Eg har prøvd ut fleire av behandlingane, og det kan absolutt anbefalas!




Spa-avdelinga blei pussa opp for rundt eit år sidan, og interiøret nå er nydeleg og gjennomført
 - og heilt etter min smak. Eg likar at det ikkje er dei typiske spa-fargane.
Lune fargar og varm og avslappande atmosfære.
Lekkert!




Herlege detaljer i spa-resepsjonen.




"Det gode liv"
Midt i Hjelmeland, med utsikt over fjorden.




Romma har fått forskjellige tema.
Spa meny finn du her.




Hadde eg hatt ei anna linse og ikkje hatt klåfingra ungar springane rundt meg,
 hadde det nok vore enklare å fått betre og fleire bileter.

På torsdag er det 5 års jubileum på hotellet. Dei feirer med kake og gode priser!
Eg har booka meg ei behandling. Ryfylke Signatur. Den varar i heile 110 min.
Med gåvekort og tilbudspris betalar eg ikkje mykje for den.
Det skal bli fantastisk!
Etterpå kjem forhåpentlegvis bonden med ungar så skal me
 ete ein betre lunsj og jubileumskaka.
Ja, maten er òg fantastisk!

post signature

søndag 6. mars 2011

Bollesøndag i det fri..

Fastelavensboller altså.




Fins det noko betre? I så fall må det vera pølser..




Ein herleg søndag med fint vær, gull, bronse og boller.
Hurra!



På tirsdag kjem eit innlegg om den nydelege spa-avdelinga på Spa Hotell Velvære.
Ha ein fin kveld.

post signature

torsdag 3. mars 2011

NIBs mars-utfordring!

 Denne månadens utfordring på NIB er kjøkken.
Kjøkkenet har eg jo eigentleg vist før. Tanken var at eg denne gong skulle ta bileter i beste dagslys.
Men sola "sprang" i frå meg.. Den gjekk ned nokre få minutt før eg var klar.




Men neste gong skal eg ta i dagslys og då med forhåpentlegvis litt nyheiter.
Eg har planar om kva eg skal gjer - men ikkje når det ska ble gjort.
Også treng eg hjelp av bonden , og difor utsett eg det litt
 - til han har fullført dei andre prosjekta eg har til han.
Ein vakker dag..







 Den lekre vasken frå Blanco i kvit silgranit.




Mi fine heimasnekra hylle.




Dette biletet er etter kvart blitt vist nokre gonger.
Synd begge lyspærene i vitrineskapet er gått.




 Søte små kyllingegg i ei skål. Dei nye hønene har såvidt byrja å verpa.




 


 


Herleg med friske blomar - om dei ikkje held ut så lenge i dettehuset.
Forstår ikkje heilt kva som skjer med blomane.
Har et stort ønskje om grøne fingrar!




No er det dessert tid.
Har funne ei herleg og enkel oppskrift på ein anna interiørblogg.
Skal legg ut oppskrift og bilete ein dag!

I dag har eg og ungane vore på Spa Hotell Velvære og hatt lunsj.
Det blei liksom ikkje så idyllisk og koseleg som eg hadde tenkt
- med ein smågretten gutt og ei rampete jenta som berre skal stå i stolen.
Men god mat - det var det iallefall!

Knipsa litt bileter i den nydelege spa-avdelingen som eg òg skal visa dykk ein dag!

post signature