tirsdag 27. september 2011

Grønt er skjønt!

Kanskje har du fått med deg at eg likar fargen grønn?!
Viss ikkje, må detta vera din første tur innom her - så velkommen til deg.





Grønn symboliserer sjølvsagt naturen. Det er ein av dei mest populære fargar i innredningen i dag, og den mest behagelige farge for øye. Den grønne fargen hjelper oss til å holde jordkontakten og gjer oss avslappa.






Hm.. kanskje det er derfor eg er ein så avslappa person?! Litt vel avslappa til tider, spør du Bonden. Det skal mykje til for å stressa meg, men det skal lite til for å gjer meg sint.. Men eg blir fort blid igjen òg ;)






Favoritten nå er mint. Men likar òg veldig godt flaskegrønn og grasgrønn.



Alle bileta er frå Pinterest



Er på jakt etter grønne sko, men det skulle ikkje vera så enkelt. Nå som "grønn er den nye sorte".
Eigentleg vil eg at skoen skal vera mørkare enn denne. Ein vakker dag dukkar den nok opp.

Ha ein grønn tirsdag!

post signature

søndag 25. september 2011

SDS - Pute

Stovefornyinga mi held fram. Nå med 3 nye puter i den andre sofaen som òg er blitt kvit igjen.
Synest i grunn at det var litt for gale at eg ikkje hadde laga ei einaste av dei sjølv. Eg som elskar å drive med Skap Det Sjølv-prosjekt. Det måtte eg gjera noko med. Denne svarte puta hadde eg allereie planar med når eg kjøpte den. 99,- på Åhlens.



Før..



Utallige sting, 47 knappar og nokre timar seinare, ser puta slik ut. 1 knapp til overs. Flaks!
Perlemor knappar. Perlemor, Hanne!
Kan vel ikkje akkurat påstå at denne blei så rimeleg, knappane kosta ein del meir enn puta. Men putt sann, den blei jo så fin!



..etter.



Æsj, dei kom ikkje godt fram her, men perlemor-knappar er veldig fint. Liknar veldig på desse skjella i skjellampane. Er det det som er brukt i dei òg kanskje?!
Eg får visa dykk eitt betre bilete ein anna dag. Eller så får dykk komma på besøk å sjå ☺



Kveldssteming i sofakroken.


I dag har ungane og eg vore i koseleg selskap i byen, Randaberg. Sjå bestaste AM og den fine familien hennar. Masse god mat og kaker, fine ungar og folk. Trur Frida drøymer om W i natt. Og Jonah om fotballskule og E. Bursdagsguten solte seg i glansen og hadde ikkje tid til å sova når huset var fullt av folk. Herlige guten!

Eg må jo berre sei kor stolt eg er over den litla jenta mi på 20 mnd som har begynt å tissa og.. eeh..bommelomma på potta i helga. Opp til fleire gonger. Eg øyner håp om bleiefritt hus. Jada, det blir nok ei heeil stund til, men eg ser lys i tunnelen ;)


post signature

torsdag 22. september 2011

Tavlemaling. Forslag?

Eg mala litt av ein vegg på kjøkken med tavlemaling tidligare i veka. Den måtte tørka i 2 dagar før den skulle tas i bruk. I dag var den tørr og ungane var kjapt i gong med kritt.






Frida i Faster si t-skjorte. Alt rosa er "Miin!". Og Jonah i den vanlige outfiten. "Bokså bare datt av." var unnskyldningen for å ta av seg, og genseren veit eg eigentleg ikkje kvifor måtte av..






På denne tavleveggen skal eg laga ein kalender, liknande Ferm Living sin, middagsplanar og handlelista. Tavla går frå golv til tak. Øverst har eg lyst å ha eit ord eller to. Problemet er at eg ikkje heilt veit kva. Derfor tenkte eg at kanskje du har eitt forslag?

Gratulera så mykje med dagen til finaste Martha. Flottare 40 åring skal du leita lenge etter!!!
Gratulera òg til søtaste TM som blir 6 år ♥

post signature

tirsdag 20. september 2011

Nye puter og nips

Fornyinga i stova og kjøkken held fram. Ny lampe over spisebordet er på plass, nye puter i sofaen og litt nips. Del av vegg på kjøkken malt svart. Det er ikkje så drastisk så det høyres ut, tavlemaling. Nå går eg her i oljemalingsrus.. Må visst lufta litt før ungane kjem heim.



Lysestake frå Kremmerhuset, TineK bolle og treskål laga av slektning.


Har berre kjøpt puter til den eine sofaen enda. Skal til byen i dag og må nok kjøpa nokre fleire til den andre, som faktisk foreløpig har det brune trekket på seg. Skal skifta det, men det er berre litt tiltak..



Kvit pute med tekst og grå pute med striper frå Kremmehuset og Day pute kjøpt på Bohemia.


Eigentleg hadde eg bestemt meg for at det brune ikkje skulle på igjen. Men Bonden var ikkje einig og benytta sjangsen til å skifta til det brune så snart eg var ut av huset. Eg er forsåvidt einig i at kvit sofa ikkje er veldig praktisk, men det er jo så fint. Iallefall når den er rein.. Har kjøpt kvite fleecepledd til å dekke seteputene med og har Ludde pels frå IKEA og anna saueskinn som ligg der. Og putene kan jo berre tas av å vaska, ein treng ikkje å ta av alt. Høyrer du, Bonde?!


I kveld skal eg på bloggetreff i Sandnes igjen. Sist gong var det fine Manuela som hadde. Hu er forresten 1 av 5 finalistar til 'Norges vakreste hjem' og du kan stemma på din favoritt her. Siste sjangs i dag!
Denne gong er det Anette som inviterer. Gler meg ☺

post signature

søndag 18. september 2011

SDS Lampeskjerm

Ny lampe er hengt opp over spisebordet.

For deg som kanskje ikkje veit kva SDS står for, så er det det norska begrepet på heimalaga ting. Skap Det Sjølv.




Ganske nøgd med min nyaste heimalaga lampe. Kan du hekla eller strikka er den ganske enkel å laga sjølv. Eg kjøpte:
- lampeskjerm på IKEA
- stoffledning og pære på Clas Ohlson
- tjukkt ullgarn på Spar Hjelmeland.






Til saman kosta denne lampa meg 490,- + nokre timar med hekling.






Bonden kan visst ikkje få sagt det nok kor fornøgd han er med den nye lampa.
Og det er i grunn ganske kjekt å høyra.

Nå blir snart den brune veggen å sjå i ny drakt. Er litt ferdig med brunt i stova. Nye puter er kjøpt inn til sofakroken. Herleg med litt fornyelse!

Ha ein fortsatt fin søndag!

post signature

onsdag 14. september 2011

Bryllups dekka bord

I mai gifta støresøster seg med mannen i sitt liv som hu har 2 søte små i lag med.
Dei gifta seg i Fjære Kirke og festen blei holdt på Strand Hotel Fevik. Eitt hotell som ligg nydeleg til rett ved stranda i Fevik. Sørlandsidyll på sitt besta!





Runde bord er absolutt til å anbefala. Veldig koseleg å sitta samla rundt eitt bord i staden for på lang, lang rekke. Eg seie ikkje at det ikkje er koseleg altså, men at runde er betre ;)
Små vasar med grein-nellikar, sandkaker med rosa telys og ein kvit vase med ein peon.
Enkelt og dekorativt!





Bordkorta er lyserosa papphjerter som sjølvsagt matchar resten av temaet. Perler limt på og for å "røffe" det opp litt, er navna skreve med dymo. Dei er festa til glaset med ei lita sølvfarga klesklypa.





Brudebukettenbestår kun av peoner, og det passa jo ypperleg at Interflora(?) hadde peonveke akkurat då ☺

Gratulera så masse te verdens beste Lene og Christian med lilla vakra Anna ♥
post signature

søndag 11. september 2011

Lørdagskveldens bord

Etter ein travel august og start på september, nøyt eg ein kort bloggepause. Men nå trur eg ikkje det skal bli lika lenge til neste innlegg. Trur..

Forrige innlegg var det snakk om kva lampe eg skulle ha. Endelig hadde eg bestemt meg for 2 stk industrilampar til kjøkken. Og onsdag var eg innom Living for å kjøpa dei.

Utgått?! Typisk! Fann ein anna liknande lampe. Utsolgt?! Typisk! Ettersom det er ca halv annan time inkl. kjøring og ferje til Stavanger frå her eg bur, er det ekstra bommert når det skjer. Men då har eg iallefall ein god unnskyldning til å ta meg ein bytur om 2 veker.. Då skal dei væra på plass igjen, vart eg lova. 

Lampen over spisebordet held eg på med, men kjem nok til å ta nokre dagar/veker før den kjem opp. Alt etter korleis eg prioriterar. Men fin trur eg den skal bli til slutt. Vent i spenning ;)






Så over til dagens innlegg. I går kveld hadde me middagsbesøk av svigers, Mariette og Lars. Bondens søster og kjærast som bur i Oslo. Lammalår, fløytegratinertpoteter og godt tilbehør av både etande og flytande. Og god dessert i tillegg. Perfekt!






"Trudde det va oss du hadde pynta for eg!?" var det ein av gjestene som sa.. Klart det var det, men så kom eg på at eg sjølvsagt òg måtte ta bilete av bordet.






Også må eg jo meddela at eg har fått meg ny jobb. Det vil sei, ny stilling i same firma som eg jobbar i nå. Som interiørkonsulent. Kjempe kjekt og spanande!
For eitt lite år sidan starta eg for meg sjølv, i tillegg til at eg hadde ei 60% stilling på Enkel-butikken, der me har ein god blanding av varer som maling, jernvarer, kontorrekvisita og MX-Sport avdeling. Veldig kjekt og variert.
Det viste seg å bli travlare enn eg hadde trudd med både jobb og å driva for seg sjølv. Og positivt er jo det. Ikkje hadde eg lyst å gi opp begge deler heilt heller. Så frå 1.oktober skal eg jobba 1 dag i butikk og resten som interiørkonsulent. Den største forskjellen for kunden, er at det ikkje blir så lang ventetid som det til tider har blitt nå. Gler meg!



post signature