søndag 29. januar 2012

Pikerom

Gjer dykk eit lite glimt frå rommet til Frida.
Det er ikkje fullstendig ferdig møblert enda,
 difor berre frå ein vinkel.


Biletet er tatt med laang lukkartid, difor Frida i farta.
Synest det gjer bilete litt meir levande.


Denne tapeten fallt eg for då Frida berre var tenkt på. Hugsar eg sendte bilete til søstera mi og skreiv "Viss eg får ei jenta ein gong, då ska hu ha denna på rommet.". Og jammen - eit godt år seinare låg Frida i armane mine og tapeten blei bestilt i. Det skulle ta halv anna år før den kom på veggen.

Rosa ranunkler blei det pynta med i dåpen. Elsker dei blomane.
Skulle eigentleg ha kvite i bryllaupet òg,
men dei var ikkje å få tak i akkurat då.


post signature

fredag 27. januar 2012

Nyoppussa gjesterom

Hei. Remember me?!
Jada, nå er det visst nesten 2 veker sidan sist innlegg.
Det har gått i 2 og 4 års selskap, møter, foreninger, opptil fleire byturer pr veke, fotokurs med lekser, servering av 175 personer på nyttårsfest, samt det som høyrer ein vanleg kvardag til.
Puh.. Det har vore ein litt ekstra travel januar.




Til jul venta me gjester og hadde derfor litt press på oss til å fullføra gjesterommet.
Me må liksom ha det me for å bli ferdige.



Seng av europallar. Lamper frå IKEA, sengetøy frå Princess, pels i metervare frå Panduro, korg frå Bolia.

Panel på vegger og i tak, malt gulvbelegg.
En enkel og rimeleg måte å fornya gulvet på. For ikkje så snakk om fin.


God helg alle fine lesere ♥

Velkommen til alle nye og takk for koselege spor dykk legg igjen!
Eg er som regel innom dykk òg, eg er berre ikkje alltid like flink til å kommentere..


post signature



søndag 15. januar 2012

For 2 år sidan..

..kl 11.24 etter ein overraskande fin og rask fødsel kom denne nydelege jenta til verda.




3410g og 48cm, så fin og fredeleg at det å gå fra 1 til 2 barn ikkje blei ein stor sak
(men det skulle endra seg då personligheita byrja å visa seg..).
Veldig uvandt og veldig kjekt å kle i rosa.
Jentå mi ♥






Det siste biletet her er frå 1 årsfotograferinga hjå Gøril Gilje Helgøy.
Veldig vanskeleg å plukke ut favorittbiletet blandt maange fine,
men dette er eit av favorittane.
Her ser hu litt fantete og bestemt ut og det er akkurat det hu er.
I tillegg har hu kjolen på seg som mine søstre og eg hadde på våre 1 årsbilete.

Gratulera med dagen trollejenta mi. Veldig veldig glad i deg!

Her er det selskap frå morgen til kveld heile helga, for begge to.


post signature

fredag 13. januar 2012

Ein fabelaktig utfordring

Fabelaktige Maia har ein fabelaktig utfordring med ein fabelaktig premie.
Eg som drøymer om nytt Nikon kamera har veeeldig lyst å vinne dette.
Joda, eg har i grunn eit ganske bra Nikon kamera, D60, som til vanleg bruk er meir enn godt nok. 
Men med foto som hobby ynskjer eg meg eit endå betre som det ikkje er begrensa kva objektiv ein kan ha på..




Dette biletet har du kanskje sett i Folkets Ikea katalog?




Dette biletet var med i NIBs blogganbefaling i ROM123 i juni 2011.
Og havnet blandt galleriet til Mai utfordringa hjå NIB.






Og dette biletet vann eg med i stillebens utfordringa hjå Lidyll.

Med desse bileta kryssar eg fingrar og tær og alt som kryssas kan å håpar så intenst å bli plukka ut som den heldige vinnar av eit Nikon D5100.
Nå er det fredag og helgemodus på jobb med vinlotteri og det som høyrer til.
(Innlegget blei laga i går, er berre innom for å posta det ;-)

God helg!


post signature

mandag 9. januar 2012

Årets.. eeh.. fjorårets julekort


Såg slik ut.




Du ser kanskje kven eg er inspirert av?
Ja, ikkje berre inspirert, men Lise var så snill og lånte det vekk til meg. Tusen takk!
Lises blogg er absolutt verdt å ta turen innom.
Masse fin inspirasjon!
Fjellby.
Hun og mannen lagar òg mykje fint som dei sel på Fjellby shop.
Fleire ting her som eg kunne tenkt meg ja..

I helga var eg med 6 herlege jenter på hyttetur.
Me hadde det så kjekt - med spel, miming, skitur, bading i stamp, vin og masse latter!
Tusen takk jenter ♥

Gratulera så mykje til O & M med lillebroren. Også på Jonah og Faster sin dag då gitt.
Nå blir det kamp om selskapsdag framover ;-)
Gler meg til å få helsa på han i morgon ♥
post signature

fredag 6. januar 2012

For 4 år sidan..

..kl 5.35 etter ein rask og fin kom denna fine supergutten til verda.




3198gr, 49cm og heilt perfekt.




4 år seinare er han litt tyngre, litt lengre,
men om mogleg enda meir perfekt!
Dagen i dag blir feira både i barnehagen, heime og hjå Besta og Besten.
Jonah er svært fornøyd med å få sang, nugatti på skjeva til frokost
 og enda meir pakkar. Det er jo tross alt nesten 2 veker sidan sist..
Feiringa fortsett i ettermiddag og neste helg saman med lillesøster.
Mor er kjempe glad i deg ♥
En mors kjærlighet er som en sirkel
– uten begynnelse og uten slutt.

post signature

torsdag 5. januar 2012

SDS Lampe

Lampe dilla som eg har, nå har eg laga enda ein lampe.





Denne er laga av rørepinnar som du får på malerbutikk.
 Kanskje du må spør veeeldig fint når du skal ha så mange..





Dette treng du:
Gamal lampeskjerm(eg fant min på Fretex til 35kroner)
Rørepinnar
Kvit maling
Lampeoppheng
Lim, hurtigtørkande Aralditlim er god.
Og ein god dose toålmodigheit..





Først mala eg alle pinnane, på den sida som det står Jotun, kvite. Deretter er det berre å lime i veg. Brukte nokre dagar på dette, då det er lurt å la den tørke innimellom, gjerne med klesklyper slik at pinnane heng på.. Denne krevde ein heil del meir tålmodigheit enn dei andre eg har laga.
Kor henta eg det i frå monn?!

Det blei nok ein rimeleg og unik lampe.
Skal eigentleg få seg ein runde med drivved beis, men akkurat nå er den natur utanpå.


post signature

onsdag 4. januar 2012

Ein liten SDS teaser..

Kan du gjette kva eg har laga denne gong?




Har visst vore lite blogging her i år. Kanskje det burde vore eit nyttårsforsett?
Å blogge litt meir i tillegg til å bli betre på å svare?
Burde nok det. Det er ikkje det at eg ikkje har lyst.
Men det er den tida..


Godt nyttår kjære du


post signature